Forslag om nytt tilskot til tryggleiksbustader
21.6.2021 12:43:08 CEST | Husbanken | Pressemelding

Gjennom å bruke investeringstilskotet på nye måtar, kan kommunane skaffe fleire tryggleiksbustader for eldre over 65 år. Investeringstilskotet finansierer vanlegvis omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Så kva skil ein tryggleiksbustad frå ein omsorgsbustad?
Kva er ein tryggleiksbustad?
Ein tryggleiksbustad er ein tilrettelagd bustad med livslaupstandard, felles opphaldsareal og sentral plassering med nærleik til service- og kulturtilbod. Forslaget legg dessutan opp til at bustadene skal ha ein vert til stades i fellesareala. Verten skal bidra til felles aktivitet for bebuarane. Tryggleiksbustaden legg til rette for at personar kan bu der gjennom heile livet og klare seg sjølve så mykje som mogleg, uavhengig av funksjonsnivå.
Tanken er at bebuarane kan bli ein del av eit fellesskap, slik at dei blir mindre einsame.
Tilskotet skal stimulere kommunar og burettslag til å auke tilbodet av tryggleiksbustader til eldre i distrikta. Tilskotet kan bli gitt til både bygging, kjøp, leige og ombygging av tryggleiksbustader med felles opphaldsareal, ifølge forslaget som helse- og omsorgsdepartementet har ute på høyring i desse dagar.
Les heile høyringsforslaget om tryggleiksbustader på regjeringen.no
Kva skil ein tryggleiksbustad frå ein omsorgsbustad?
Tryggleiksbustaden skil seg frå omsorgsbustaden på fleire måtar. Omsorgsbustaden skal vere universelt utforma og tilrettelagt for å yte heildøgns omsorgstenester i bustaden. Omsorgsbustaden er meint for personar med behov for heildøgns helse- og omsorgstenester, mens tryggleiksbustader skal være tilbod på eit tidlegare stadium, før behovet for heildøgns helse- og omsorgstenester oppstår.
Investeringstilskot kan bli gitt til omsorgsbustader over heile landet, mens tilskot til tryggleiksbustader berre skal gå til kommunar i klasse 5 og 6 i SSB sin sentralitetsindeks, ifølgje forslaget.
En tryggleiksbustad kan vere eit godt tilbod for eldre som bur i ein lite eigna bustad, eller der bustaden ligg langt unna sentrumsfunksjonar og servicetilbod. Tanken er at dette vil bidra til at fleire eldre kan klare seg lengre sjølv i sin eigen heim, og til å utsetje behovet for omsorgstenester og/eller redusere behovet for omsorgsbustad eller sjukeheimsplass.
Frist for å svare på høyringa er 18. august 2021.
Regjeringa si kunngjering finn du her:
Regjeringen vil ha flere trygghetsboliger i distriktene - regjeringen.no
Nøkkelord
Kontakter
Stina SønvisenSeniorrådgiver, kommunikasjon
Tel:90026028stina.sonvisen@husbanken.noBilder

Om Husbanken
Husbanken setter i verk regjeringens boligsosiale politikk. Gjennom virkemidler som bostøtte, lån, tilskudd, kompetanseoverføring og kunnskapsutvikling støtter vi kommunene faglig og økonomisk i deres arbeid med å hjelpe vanskeligstilte på boligmarkedet. Andre sentrale samarbeidspartnere er velferdsaktører, byggenæringen og kunnskapsmiljøer.
Våre om lag 300 ansatte er fordelt på kontorer i Drammen (hovedkontor), Oslo, Arendal, Bergen, Trondheim, Bodø og Hammerfest.
Husbanken er underlagt Kommunal- og distriktsdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Husbanken
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Husbanken på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Husbanken
Ny og nyttig kunnskap med tilskudd til boligtiltak12.3.2026 09:23:33 CET | Pressemelding
En ny rapport fra Husbanken dokumenterer at tilskudd til boligtiltak bidrar til nye ideer til boligtiltak, metoder og løsninger for flere egnede boliger.
Husbanken 80 år: Har finansiert over halvparten av alle boliger i Norge1.3.2026 10:00:00 CET | Pressemelding
Husbanken er 80 år, og siden etableringen 1. mars 1946 har Husbanken finansiert rundt 1,2 millioner boliger i Norge. 4. mars feires dette med en jubileumsmarkering i Hammerfest, der Husbanken etablerte sitt første regionkontor.
1,3 milliardar til nye studentbustadar24.2.2026 07:38:44 CET | Pressemelding
Regjeringa held fram satsinga på studentbustadar i 2026, og løyver 2000 tilskot til bygging og rehabilitering av studentbustadar. Totalt går 1,3 milliardar kroner til ulike studentbustadprosjekt. Flest av dei ligg i Oslo og Bergen, der behovet er størst.
Nær halvering av kostnader for Oslo kommune ved nytt digitalt system for kommunale boliger12.2.2026 10:22:03 CET | Pressemelding
Byråd for sosiale tjenester Julianne Ferskaug (V) og husbankdirektør Jan Hjelle signerte 11. februar en samarbeidsavtale om et nytt digitalt system (Kobo) for søknad om og tildeling av kommunale boliger.
Rekordår for studentboliger i Norge11.2.2026 10:59:01 CET | Aktuelt
Aldri før er det bygget så mange studentboliger på ett år som i 2025. Fjorårets tilskudd fra Husbanken til bygging og rehabilitering av studentboliger var rekordhøyt. I dag er over 5 000 studentboliger under etablering.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
