Helse Vest RHF

Førebur avvikling av godkjenningsordninga i fritt behandlingsval

Del
Stortinget vil ta stilling til om godkjenningsordninga i fritt behandlingsval skal avviklast i desember. Helse Vest vil sørgje for at pasientar blir varetekne på ein god måte ved ei avvikling av godkjenningsordninga fritt behandlingsval frå 1. januar 2023.
Bjørn Egil Vikse. Foto: Hanne Tveit, Hike
Bjørn Egil Vikse. Foto: Hanne Tveit, Hike

Regjeringa har fremma forslag om å avvikle godkjenningsordninga i fritt behandlingsval. I lovproposisjonen som vart fremma for Stortinget 21. oktober, kjem det fram at ordninga kan avviklast frå og med 1. januar 2023. Det er no opp til Stortinget å fastsetja endeleg tidspunkt for avvikling. 

– Vi har skaffa god oversikt over kor mange pasientar som må endre behandlingsstad om ordninga blir avvikla og vi har kartlagt ledig kapasitet i eigne helseføretak og hos avtalepartane våre. Ved ei avvikling vil vi sørgje for at pasientar blir varetekne på ein god måte Er det trong for å utvide behandlingstilbodet skal vi sjølvsagt sjå på moglegheitene for det òg. Vi er opptatt av å vareta pasientane dette gjeld, seier fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest RHF. 

I ei høyring i regi av Stortingets helse- og omsorgskomité tidlegare i november, gjorde Vikse greie for behova ein ser og tiltaka som vil bli sett i verk på Vestlandet for å vareta behovet til pasientane ved ei eventuell avvikling av godkjenningsordninga fritt behandlingsval.  

Framleis valfri​heit 

Pasientar skal framleis få velja kvar dei ønskjer få behandling, men frå 1. januar 2023 vil dei berre kunna velja mellom offentlege behandlingsstader og private verksemder som har avtale med eit regionalt helseføretak. Pasientane vil ikkje lenger kunna velje seg til ei privat verksemd som er godkjend etter forskrifta for fritt behandlingsval.   

Positiv til avvi​​kling 

Helse Vest RHF stiller seg positive til ei avvikling av godkjenningsordninga i fritt behandlingsval. 
– Ordninga kan verke uklar når det gjeld sørgje-for-ansvaret til det regionale helseføretaket, sidan vi betaler for ei teneste utan å ha innverknad på innhaldet i tilbodet, seier Vikse.
– 
Ordninga gir ikkje, slik vi ser det, eit nyttig bidrag til spesialisthelsetenesta. Det er dessutan utfordrande for sjukehusa å bemanna og dimensjonera eigne tilbod når veksten i fritt behandlingsval-ordninga er så stor som ho har vore dei siste åra, seier Vikse.
 

Vikse understrekar også at det heller ikkje er store tal me snakkar om når me snakkar om bruk av FBV på Vestlandet. 

Ordninga påfører likevel spesialisthelsetenesta kostnader utan moglegheit for kontroll, tilsvarande 95 millionar i Helse Vest i 2021. Berre på området for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) blei det utbetalt heile 57 millionar frå helseføretaka i Helse Vest til Helfo-godkjende institusjonar i 2021. Dette utgjorde 4,2 prosent av kostnadene til TSB-feltet same år. 

Størstedelen gjeld rusbehandling 

Fritt behandlingsval omfattar psykisk helsevern, tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), og utvalde tenester innan somatikk, habilitering og rehabilitering.  

Aktiviteten ein finn innanfor somatikki FBV-ordninga er avgrensa og dreier seg i hovudsak om konsultasjonar og enkle utgreiingar innan hjarte-kar og undersøkingar av mage og tarm. Innan psykisk helsevern er også aktiviteten innan ordninga avgrensa. Det er eit fåtal aktørar som leverer tenester her i dag.  

​I Helse Vest er forbruket størst innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Kapasiteten for døgnbehandling i Helse Vest blir vurdert å vera god, og slik det ser ut no nok til å vareta dei pasientane som treng det, også frå nyttår. Størstedelen av plassane innan fritt behandlingsvalTSB-feltet harvore døgnplassar, og i 2021 var det i gjennomsnitt 39 pasientar innlagt til kvar tid i Helfo-godkjend institusjon. På same tid var det i gjennomsnitt 77 ledige døgnplassar i helseføretaka på Vestlandet eller andre private institusjonar som har avtale med det regionale helseføretaket. 

Fagdirektøren konkluderer derfor førebels med at det er god kapasitet i tenesta:
Behandlinga i sjukehusa har også på TSB-området i vesentleg grad gått over til eit meir poliklinisk tilbod. Dette er meir i tråd med moderne behandlingsretningslinjer. I tillegg har me framleis eit breitt spekter av tilbod med kortare og lengre opphald i ulike institusjonar i regionen vår. 

Helse Vest har òg har hatt innkjøp på fleire område gjennom 2022, sidan avtalar både innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling, radiologi, spesialisert rehabilitering og kirurgi går ut iløpet av året. Volumet på avtalane som er lyst ut er avstemde med behovet for tenestene i regionen.  

Sjå meir informasjon på Helfos nettsider (LENKE): Fritt behandlingsvalg (FBV) – generell informasjon - Helfo - for helseaktører 

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Bjørn Egil Vikse. Foto: Hanne Tveit, Hike
Bjørn Egil Vikse. Foto: Hanne Tveit, Hike
Last ned bilde

Om Helse Vest RHF

Helse Vest RHF
Helse Vest RHF
Postboks 303 Forus
4066 Stavanger

+47 51 96 38 00https://helse-vest.no/

Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Vi har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. I heile Helse Vest er det om lag 30 000 tilsette som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane på Vestlandet. Helse Vest er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vi eig dei fem helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.

Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye