Avinor

Folk reiser meir enn i fjor, men mindre enn i 2019 

Del

Nær 3,7 millionar passasjerar nytta Avinors lufthamner i november i år. Dette er ein auke på 19 prosent samanlikna med november fjor. Talet på reisande er 11 prosent lågare enn i november 2019, som var det siste ordinære året før pandemien starta.

Ser vi på tala så langt i år samanlikna med 2021er talet på passasjerar dobla. Men om ein samanliknar med 2019 (januar til og med novemberligg talet framleis 18 prosent bak 2019-nivå.  

Flyrørsler 

Det var 59 921 flyrørsler i november i år, 2000 fleire enn i november i fjor, og ein auke på 3 prosent. Om ein samanliknar med november 2019, er det nedgang på 9 prosent.   

Framleis påverka av pandemien 

Det er nok fleire ting som spelar inn. Innbyggjarar i heile Europa uroar seg for privatøkonomien, grunna ein sterk auke i levekostnader som reduserer talet på reiser. Fleire verksemder praktiserer også i større grad enn før pandemien digitale møte for samhandling. Dette trur vi er viktige faktorar som gjer at passasjertala framleis ikkje er på nivå med 2019. Effektar av krigen i Ukraina og pandemien har påverka folk og bedrifter sine reisevanarUtsikta for vinteren synes tøff for store delar av luftfarten, seier Gaute Skallerud Riise, direktør trafikkutvikling i Avinor. 

Fleire til utlandet 

Framleis er reiser til utlandet den største drivaren for den samla auka av reisande. I  november  reiste 1 243 745 passasjerar (+51 prosent) mellom Avinors lufthamner og utlandet. I november i 2021 reiste825 832Talet er framleis 19 prosent lågare enn i november 2019 

Innanlands  

2 402 879 reiste innanlands i november i år. Det er 7 prosent fleire enn i 2021, men 7 prosent færre enn i same månad i 2019.  

Oslo lufthamn 

I november var auken på Oslo lufthamn på 24 prosent samanlikna med november i fjor. Innanlandstrafikken auka med 9 prosent og utanlands var auken 44 prosent. Men samanlikna med november 2019 er passasjertala framleis 15 prosent lågare 

-Vi er glade for at flytrafikken nærmar seg normalnivå. Hovudflyplassen i landet er inngangsporten for turistar til Noreg, og porten ut i verda for både nordmenn og norsk næringsliv. Avinor bidrar til at flytrafikken avviklast sikkert, stabilt og effektivt både for passasjerane og flyselskapa, seier Stine Ramstad Westby, lufthamndirektør på Oslo lufthamn. 

I Avinor-nettverket er det slik at dei lønsame lufthamnene subsidierer dei ulønsame. Oslo lufthamn sitt bidrag til å oppretthalde flyplassar i heile Noreg er avgjerande 

 

 

 

 

Kontakter

PressetelefonKun til bruk for journalister.

Vi svarer ikke på mediehenvendelser mellom kl. 21:00 - 06:30 med mindre det inntreffer større hendelser. For informasjon om flytrafikken ved våre lufthavner, se www.avinor.no, og velg flyplass.

Tel:+47 918 15 614presse@avinor.no

Bilder

Dokumenter

Lenker

Om Avinor

Avinor
Avinor
Dronning Eufemias gate 6
0191 Oslo

+47 67 03 00 00https://avinor.no

Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.

Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.

Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.

Rundt 3.000 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og salg på flyplassene.

- Avinors offentlige journal

Følg pressemeldinger fra Avinor

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Avinor

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom