Avinor

Flytrafikken i februar er framleis under normalen

Del
3 269 370 passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i februar. Dette var ein auke på 45 prosent samanlikna med februar 2022. Sjølv om det var ein auke i passasjertala samanlikna med februar 2022, er tala 16 prosent lågare enn i same måned i 2019.

– Flytrafikken i februar er i tråd med prognosane våre frå i haust. Sjølv om det er veldig mange fleire som reiser enn i fjor, ligg februartala framleis 16 prosent etter 2019. Det er venta at flytrafikken vil liggje under 2019-nivå også resten av året, og at vi for året under eitt, er på om lag 91 prosent av 2019-nivået, seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute Skallerud Riise.

- Det er skilnader frå lufthamn til lufthamn. Oslo hadde meir enn 1,6 millionar passasjerar i februar. Dette er 19 prosent under tala for februar 2019. Om ein ser på Bergen lufthamn ligg tala berre 4 prosent bak 2019. Den hovudsaklege årsaka til dette er Widerøe si satsing i Bergen, og slusing av passasjerar over Bergen som knutepunkt. Også Stavanger og Trondheim er nærare 2019-nivå enn Oslo lufthamn. Men Oslo lufthamn har størst volum, altså flest passasjerar, og har difor størst påverknad på dei totale tala for Avinor, forklarer Riise.

Skallerud Riise har tru på sommartrafikken:

-Det er særleg utanlandstrafikken som dreg ned volumet, medan innalandstala har henta seg betre inn etter pandemien. Sjølv om det er lenge til sommaren, er det mykje som tyder på at vi vil sjå at denne skilnaden kjem til å halde fram. Vi ventar at innanlandstrafikken vil vere nær 2019-nivået i sommarmånadene, før han fell noko tilbake utover hausten. Vi ventar også at utanlandstrafikken gradvis hentar seg vidare inn framover, sjølv om han er venta å liggje eit stykke under sommartrafikken i normalåret 2019, avsluttar Riise.

Flyrørsler

Det var 49 893 kommersielle flyrørsler i februar 2023. Dette er ein auke på 15 prosent frå februar 2022. Om ein samanliknar med februar i 2019, har det vore ein nedgang i talet på flyrørsler på 13 prosent.

Trafikken utanlands

1 191 693 passasjerar har reist mellom Avinor sine lufthamner og utlandet i februar. Same månad i fjor reiste noko over 700 000 passasjerar til utlandet. Det betyr at trafikken utanlands har auka med 70 prosent samanlikna med i fjor, da luftfarten framleis var råka av pandemi og reiserestriksjonar.

Om ein samanliknar med 2019, er det 20 prosent nedgang i utanlandstrafikken i februar.

Trafikken innanlands

2 038 645 reiste innanlands i februar i år. Det er 35 prosent fleire enn i februar i fjor.

Samanlikna med februar 2019 har det vore ein nedgang på 14 prosent.

Her er passasjertala frå dei store lufthamnene, samt DRL = dei regionale lufthamnene, samanlikna med 2022:

Februar

Hittil i år

Lufthamn

2022

2023

Endring

2022

2023

Endring

Oslo

1 043 000

1 628 000

56 %

1 882 000

3 206 000

70 %

Bergen

313 000

415 000

33 %

585 000

829 000

42 %

Trondheim

193 000

284 000

48 %

355 000

556 000

57 %

Stavanger

173 000

261 000

51 %

320 000

523 000

63 %

DRL

529 000

681 000

29 %

986 000

1 354 000

37 %

Avinor

2 250 000

3 269 000

45 %

4 128 000

6 468 000

57 %

Her er passasjertala frå dei store lufthamnene, samt DRL = dei regionale lufthamnene, samanlikna med 2019:

Februar

Hittil i år

Lufthamn

2019

2023

Endring

2019

2023

Endring

Oslo

2 004 000

1 628 000

-19 %

3 954 000

3 206 000

-19 %

Bergen

434 000

415 000

-4 %

867 000

829 000

-4 %

Trondheim

322 000

284 000

-12 %

639 000

556 000

-13 %

Stavanger

301 000

261 000

-13 %

610 000

523 000

-14 %

DRL

822 000

681 000

-17 %

1 626 000

1 354 000

-17 %

Avinor

3 884 000

3 269 000

-16 %

7 695 000

6 468 000

-16 %


*Kvifor samanlikne med 2019?

2020 og 2021 vart hardt råka av reiseforbod, restriksjonar og sjukdom. 2019 var det siste året utan pandemi og krig i Ukraina, og var eit «normalår» kva gjeld reising.

Kontakter

PressetelefonKun til bruk for journalister.

Vi svarer ikke på mediehenvendelser mellom kl. 21:00 - 06:30 med mindre det inntreffer større hendelser. For informasjon om flytrafikken ved våre lufthavner, se www.avinor.no, og velg flyplass.

Tel:+47 918 15 614presse@avinor.no

Bilder

Dokumenter

Lenker

Om Avinor

Avinor
Avinor
Drammensveien 144
0277 Oslo

+47 67 03 00 00https://avinor.no

Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.

Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.

Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.

Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.

- Avinors offentlige journal

Følg pressemeldinger fra Avinor

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Avinor

Tilbake til normal drift etter fiberbrudd påvirket flytrafikken i Nord-Norge26.4.2024 15:56:56 CEST | Pressemelding

Oppdatering kl. 20:30 Feilene og bruddene på fiberkablene er nå funnet og reparert. Alle systemer er testet grundig, og vi kan gå tilbake til normal drift. Vi beklager konsekvensene disse feilene har fått for de som ikke har kommet seg dit de skulle i kveld, og til alle andre som har blitt rammet av manglende flytrafikk i Nord-Norge. Det er fiberbrudd fra Bodø og Nordover. Dette påvirker teknisk utstyr og trafikkavvikling for Avinor fra Bodø og nordover. Alle tilgjengelige ressurser jobber med saken og det er satt sentral krisestab. Vi har andre systemer som uavhengig av feilen sørger for en trygg avvikling av trafikken som allerede er i luften. Vi har systemer og prosedyrer for å håndtere en slik situasjon trygt. Flysikkerheten er aldri i fare. Passasjerer bes forholde seg til informasjon fra sine flyselskap. Dette er den informasjonen vi har per nå. Vi kommer tilbake med mer informasjon.

Strenge restriksjoner for luftrommet over Sør-Norge25.4.2024 06:46:33 CEST | Pressemelding

Grunnet en teknisk feil hos Oslo Kontrollsentral er det strenge restriksjoner for luftrommet over Sør-Norge. Det forventes vesentlige forsinkelser. Varighet er for øyeblikket ukjent. Vi oppfordrer alle reisende til å forholde seg til den informasjon de får fra sitt flyselskap. Vi beklager ulempene dette medfører. Vi prioriterer enkelte flyvninger, deriblant beredskapsfly. Vi kommer tilbake med mer informasjon.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye