Fleire planlegg å gifte seg i år: Dette må de hugse på før de seier ja

Pressemeldingen på bokmål finner du her.
Etter nok ein usikker vår for å planleggje arrangement og reiser, har talet på søknader om prøvingsattestar vore noko lågare enn normalt. No opplever Skatteetaten at talet på søknader om prøvingsattestar aukar i takt med opninga av samfunnet og moglegheita for å gjennomføre større bryllaup igjen.
– Sidan pandemien starta har vi sett ein nedgang i talet på søknader om prøvingsattest, fortel Elin Imsland, avdelingsdirektør for Folkeregisteret i Skatteetaten.
Skatteetaten behandlar i snitt 1 500 søknader i månaden, og det er vanlegvis flest prøvingsattestar i mars, april, mai og juni.
Sjølv om talet ikkje er heilt tilbake på tidlegare nivå enno, peiker pilene oppover.
– Talet på søknader om prøvingsattestar ligg framleis noko lågare enn 2019, som var eit normalår, men no ser vi at talet på søknader aukar igjen. I april og mai var det ein liten auke samanlikna med mai i fjor, og vi trur vi kjem til å sjå at auken held fram utover sommaren, seier Elin Imsland.
Prøvingsattesten er gyldig i fire månader
Når de skal gifte dykk, må de ha ein godkjent prøvingsattest. Prøvingsattesten viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap og er gyldig i fire månader frå utskriven dato.
– Viss de tidlegare har søkt om prøvingsattest, men måtte utsetje bryllaupet, er det ekstra viktig at de sjekkar gyldigheita på prøvingsattesten og andre nødvendige dokument i god tid før den store dagen, seier Elin Imsland.
Viss prøvingsattesten ikkje lenger er gyldig, må de søkje om ny prøvingsattest. Det gjer de på same måte som sist, og de treng ikkje å gi beskjed til Folkeregisteret om at bryllaupet ikkje vart gjennomført med den første prøvingsattesten.
Søk til rett tid
Mange av søknadene om prøvingsattest blir behandla digitalt, og de kan raskt få ein prøvingsattest. I tilfelle der det er behov for meir dokumentasjon, til dømes om ein av dykk har vore gift tidlegare, kan behandlinga av saka ta nokre veker lengre tid.
Spesielt i periodar når mange planlegg å gifte seg kan behandlingstida auke, då kan det ta fem til seks veker før de får prøvingsattesten.
– Dei som skal gifte seg i sommar bør søkje om prøvingsattest rimeleg raskt, mens dei som satsar på haustbryllaup har litt betre tid på seg, fortel Elin Imsland.
Når de har fått godkjent søknaden om prøving, blir prøvingsattesten sendt til innboksen i Altinn. De må sjølv vidaresende prøvingsattesten til vigslar før bryllaupet.
Hugs legitimasjon på bryllaupsdagen
På sjølve bryllaupsdagen må de ha med legitimasjon for at vigslar skal kunne sjekke at prøvingsattesten er skriven ut til dykk.
Etter bryllaupet, sender vigslar ei melding om vigselen til Skatteetaten, og de får ei stadfesting på registrert vigsel i innboksen i Altinn.
Bryllaupsreise til utlandet? Hugs nytt pass viss de har endra namn
Det er mykje å hugse på når de giftar dykk – til dømes at de må ha nytt pass viss de har endra namnet dykkar. De må nemleg sørgje for at namna i passa stemmer med namna på billettane. Viss ikkje kan de få problem ved innsjekking.
Så viss de planlegg bryllaupsreise til utlandet etter å ha bytt namn, må de rekne med tid til å fornye passet.
Rettleiing på skatteetaten.no
Hugs at giftarmål også kan påverke skatten dykkar. I praksis inneber dette at ektefellar blir skattlagde saman for samla formue. Inntekta blir de skattlagt for kvar for dykk. Les meir om det på skatteetaten.no.
Her finn de vår steg-for-steg-guide om vegen til ekteskapet: skatteetaten.no/gift.
Der finn de også kontaktinformasjon, og de kan stille spørsmål mellom anna på chat
Nøkkelord
Kontakter
Merete Bergeland JebsenPressesjef
Tel:945 01 000presse@skatteetaten.noBilder



Lenker
Om Skatteetaten
I Skatteetaten jobber vel 7000 ansatte mot samme mål; å sikre finansieringen av velferdssamfunnet. Skatteetaten er underlagt Finansdepartementet, og har ansvaret for et oppdatert folkeregister og at skatter og avgifter blir fastsatt og innbetalt på riktig måte.
Følg pressemeldinger fra Skatteetaten
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Skatteetaten på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Skatteetaten
Folkeregisteret mottok 11 000 tips om feil adresse i 2025 – nå blir det enklere å tipse15.1.2026 08:46:31 CET | Pressemelding
Alle som bor i Norge, skal være registrert i Folkeregisteret med den adressen de faktisk bor på. Likevel er det ikke alle som melder fra når de flytter. Du kan tipse Skatteetaten hvis du kjenner til at noen står registrert på feil adresse.
Nå skal skatten betales på en ny måte13.1.2026 07:45:45 CET | Pressemelding
Siden 1957 har vi i Norge trukket skatt av lønnen før den utbetales, og arbeidsgiver har satt skatten på en sperret skattetrekkskonto før den har blitt overført til Skatteetaten. Nå skal skatten betales på en ny måte.
Julebordskontroller av serveringssteder: Fant feil hos over halvparten17.12.2025 08:06:36 CET | Pressemelding
Skatteetatens skattepatrulje fant feil hos 75 av 134 kontrollerte serveringssteder i sine kontroller i julebordsesongen.
Rekordmange ser på tallene: Nå kan du sjekke skattekortet for 202615.12.2025 06:30:00 CET | Pressemelding
I dag sendes det ut melding til 4,4 millioner personer om at skattekortet for inntektsåret 2026 er klart på skatteetaten.no. For å unngå restskatt eller at du betaler for mye skatt, er det viktig at du sjekker opplysningene i skattekortet.
Skatteetaten inngår samarbeidsavtale med Infra Group for å bekjempe a-krim4.12.2025 08:00:00 CET | Pressemelding
Infra Group og Skatteetaten har signert en samarbeidsavtale for å forebygge og bekjempe arbeidslivskriminalitet. Dette er den 30. samarbeidsavtalen Skatteetaten inngår med store offentlige og private virksomheter, og tiltaket høster både europeisk og nasjonal ros.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
