Nærings- og fiskeridepartementet

Fiskeri- og sjømatministeren til Roma

Del
Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik besøker Roma i neste veke, for å delta på ein FN-konferanse om berekraftige fiskeri. Han vil og vere til stades når Det internasjonale høgnivåpanelet for berekraftig havøkonomi presenterer tilrådingar om framtidas matproduksjon.
Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik besøker Roma i neste veke.
Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik besøker Roma i neste veke.

– Eg ser fram til å få presentert Havpanelets nye vitskaplege kunnskapsgrunnlag, og tilrådingane om auka berekraftig matproduksjon i framtida, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.

Dette er det fyrste av ein serie med 16 såkalla “Blue Papers” som Det internasjonale høgnivåpanelet skal presentere mellom no og juni 2020. Kvart av dei dei 16 dokumenta er ein sentral del av dei endelege tilrådingane frå panelet for berekraftig havøkonomi. Formålet med panelet er å skape internasjonal forståing for at berekraftig bruk av havet og god miljøtilstand gir høg verdiskaping.

Under besøket skal Nesvik og delta på eit arrangement i regi av Noregs Sjømatråd.Italia er den niande viktigaste enkeltmarknaden for norsk sjømat målt i verdi, då særleg eksport av laks og torskeprodukt som tørrfisk. Så langt i 2019 har eksporten av sjømat til Italia auka med 8 prosent i verdi, og 11 prosent i volum.

Vidare skal fiskeri- og sjømatministeren møte Portugals havminister Ana Paula Vitorino, og FAO sin generaldirektør Qu Dongyu.

Kontakter

Bilder

Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik besøker Roma i neste veke.
Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik besøker Roma i neste veke.
Last ned bilde

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye