Fiskeri- og havministeren til Lofoten og VM i skreifiske
Bedrifts- og skulebesøk og VM i skreifiske står på agendaen når fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran besøker Vestvågøy og Vågan på fredag 25. og laurdag 26. mars.

– Torsken har vore Noregs viktigaste fisk i hundrevis av år. Få stader har den betydd så mykje som i Lofoten. Eg ser fram til å møte dei hardtarbeidande folka som sørger for aktivitet, verdiskaping og lønnsame arbeidsplassar langs kysten og på havet. I tillegg blir det kjekt å helse på framtidas matrosar og maskinistar på Vest-Lofoten vidaregåande skule, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.
Prøver fiskelykka
Laurdag opnar statsråden VM i Skreifiske. Den årlege festivalen er ein av dei største fiskekonkurranse i Noreg, og trekker om lag 6000 personar til Vågan denne helga.
– For meg er VM i skreifiske framfor alt ein hyllest til det fantastiske kvalitetsmerket skrei og den storslegne scena som utspeler seg på havet kvar vinter. Eg ser fram til å delta og prøve fiskelykka saman med fiskeridirektøren, seier fiskeri- og havministeren.
Laurdag venter nemleg ein tur på Lofothavet om bord på patruljebåten til Fiskeridirektoratet.
Fredag 25. mars
08.20 Statsråden besøker Ballstad Slip AS
Øyaveien 69, 8373 Ballstad
11.00 Statsråden besøker Insula/Lofotprodukt AS
Havet 45, 8370 Leknes
12.45 Statsråden besøker Vest-Lofoten vgs
Idrettsgata 64, 8370 Leknes
14.00 Statsråden besøker Nic. Haug
Ballstadlandet 100, 8373 Ballstad
17.00 Premieutdeling Lofotcupen
Thon Hotel Lofoten, Torget, 8300 Svolvær
18.00 Statsråden møter Råfisklaget og Lofotrådet
Fiskergata 22, 8300 Svolvær
Laurdag 26. mars
08.50-12.30 VM i skreifiske
Statsråden holder åpningstale før utror. Deretter tur på Lofothavet om bord på patruljebåten til Fiskeridirektoratet.
Presse som er interessert i å dekke delar eller heile reisa kan kontakte kommunikasjonsrådgivar Emil Bremnes på Emil.Bremnes@nfd.dep.no eller på 478 81 719
Kontakter
Emil BremnesKommunikasjonsrådgiver
Tel:47881719emil.bremnes@nfd.dep.noBilder

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Kongens Gate 8
0032 Oslo
Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd
Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.
Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Vil ha helhetlig vurdering av fremtidig fangst av snøkrabbe16.5.2022 11:18:32 CEST | Pressemelding
Bør fangst av snøkrabbe reguleres annerledes enn i dag? Det er oppdraget Nærings- og fiskeridepartementet nå gir Fiskeridirektoratet.
Næringsministeren til Ski, Halden, Fredrikstad og Moss15.5.2022 10:29:51 CEST | Pressemelding
Mandag reiser Jan Christian Vestre på rundtur i Østfold for å besøke Norske Skog, Hydrovolt, Onna Greens og reTyre. På agendaen er åpning av både biokomposittanlegget til Norske Skog og Norges første resirkuleringsanlegg for elbilbatterier hos Hydrovolt.
Regjeringa styrkjer forskingsinnsatsen på vindkraft og havbruk til havs med 10 millionar kroner12.5.2022 10:45:00 CEST | Pressemelding
– Havnæringane skal videreutviklast for å sikre berekraftig verdiskaping i framtida. Vi må vite meir om korleis eksisterande og nye næringar påverkar kvarandre og økosystema. Fiskerinæringa er viktig for Noreg, og det må takast omsyn til denne næringa når nye havnæringar utviklast, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.
2 millionar kroner til vidare utgreiing av hamna i Vardø12.5.2022 10:45:00 CEST | Pressemelding
Regjeringa foreslår å setje av 2 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett til vidare utgreiing av tiltak i tilknyting til hamna i Vardø.
Tilskot til rapporteringsutstyr for fiskeflåten under 15 meter12.5.2022 10:45:00 CEST | Pressemelding
Regjeringa foreslår å opprette ei tilskotsordning for fiskebåter under 15 meter, som skal dekke delar av kostnaden til utstyr i samband med at nye krav til rapportering trer i kraft.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom