Nærings- og fiskeridepartementet

Fiskeri- og havministeren til Ålesund

Del

Tysdag 6. september besøker fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran Ålesund. Havbruksteknologi, kvotemelding og hamner står på agendaen.

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran. Foto: Emil Bremnes/NFD
Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran. Foto: Emil Bremnes/NFD

Statsråden startar dagen på den nyoppstartede GATH-konferansen. Global Aquaculture Tech Hub (GATH) er ein samarbeidsallianse mellom fleire bedrifter i Møre og Romsdals-regionen.

– Ny teknologi er avgjerande for å sikre auka berekraft i havbruksnæringa. Eg håper konferansen kan bli eit internasjonalt utstillingsvindauge for den banebrytande havbruksteknologien som blir skapt i Møre og Romsdal. Her ligg det store moglegheiter for å skape arbeidsplassar og verdiar, seier fiskeri- og havministeren.

Statsråden skal halde opningsinnlegg om teknologiutvikling og berekraft i havbruksnæringa, og deltar i ein panelsamtale om havbruksnæringa i framtida saman med dei tidlegare statsrådane Odd Emil Ingebrigtsen og Harald Tom Nesvik.

Fiskeriturné

Besøket på Sunnmøre er òg ein del av statsråden si fiskeriturneen, som han kickstarta under Husøydagan på Senja. Fiskeri- og havministeren skal møte dei lokale fiskeorganisasjonane der formålet er å få innspel til regjeringa sitt arbeid med kvotemeldinga.

- Fisken i havet tilhøyrer oss i fellesskap og no legg vi grunnlaget for ei ny og rettferdig retning i fiskeripolitikken. Fiskerinæringa skal gi auka aktivitet, meir verdiskaping og fleire heilårlege arbeidsplassar i lokalsamfunn langs heile kysten, i tillegg til gode inntektsmoglegheiter i alle flåtegrupper. For å lykkast med det, vil eg samarbeide godt med både organisasjonane i fiskerinæringa og dei fiskeriavhengige kystsamfunna, seier statsråden.

Etter innspelsmøta besøker fiskeri- og havministeren nokon av havneområdene i Ålesundregionen.

Program tysdag 06. september

GATH-konferansen

08.30 – 13.00: Statsråden deltar på GATH-konferansen: opningsinnlegg og panelsamtale

Parkgata 3B, 6003 Ålesund

Ålesund hamn
Ålesundregionens Havnevesen, Skansekaia 3, 6002 Ålesund

14.00 – 14.15: Havnefogden og statsråden ønsker velkommen

14.15 – 15.30: Innspelsmøte om kvotemeldinga med Møre og Romsdal Fiskarlag og Fiskebåt Vest

16.00 – 16.30: Orientering om Ålesundregionens havnevesen

16.30 - 17.45: Synfaring på havnefasilitetene på Flatholmen og i sentrum

Gjøsund hamn

18.00 – 18.30: Synfaring og orientering om fiskerihamna i Gjøsund

Praktisk info:

Presse som er interessert i å dekke delar eller heile reisa kan kontakte kommunikasjonssjef Hanne Skodje på hanne.skodje@nfd.dep.no eller på 932 62 087

Kontakter

Bilder

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran. Foto: Emil Bremnes/NFD
Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran. Foto: Emil Bremnes/NFD
Last ned bilde

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom