Fire nye år med Klaus Mohn som rektor

I slutten av juli 2023 er åremålsperioden for rektoratet til Universitetet i Stavanger (UiS) over. I dag vart det vedteke i UiS-styret at Klaus Mohn er tilsett for fire nye år.
– Eg er takksam for tilliten og gler meg til fornya innsats for å løfte Universitetet i Stavanger til nye høgder, i godt samarbeid med flotte kollegaar i heile organisasjonen, seier Klaus Mohn etter at det vart klart at han skal styre UiS-skuta vidare fram mot 2027.
– Ambisjonane er framleis høge og strategien ligg fast. Med hardare konkurranse og knappare ressursar blir det stadig meir tydeleg at dersom vi skal lykkast må vi trekke lasset i lag. Men utgangspunktet er framleis godt, for å utvikle eit framifrå læringsmiljø for studentane og ein attraktiv arbeidsplass for menneska som arbeider her, påpeiker UiS-rektoren.
Nye prorektorar
Også åremålsperioden til prorektorane går ut i sommar, og no startar jakta på tre prorektorar – ein for utdanning, ein for forsking og ein for innovasjon og samfunn.
Prorektorane inngår i rektor sitt leiarteam. I tillegg til strategisk leiing og utvikling har dei eit overordna fagleg og administrativt ansvar for einingar i fellestenesta.
Ein av prorektorane, prorektor for forsking Merete Vadla Madland, ønskjer å vere med i UiS-leiinga i fire nye år.
Medan prorektor for utdanning Astrid Birgitte Eggen og prorektor for innovasjon og samfunnskontakt Rune Dahl Fitjar ikkje søkjer om fornying av stillingane sine.
Klaus Mohn takkar Eggen og Fitjar for stor innsats og viktige bidrag til utviklinga av UiS gjennom dei siste fire åra, og ønsker dei begge lykke til med nye utfordringar.
Prorektor for utdanning
Eggen har i sin fireårsperiode blant anna jobba for å få alle tre utdanningsnivå – bachelor, mastergrad og ph.d. – inn i same kvalitetssystem.
I desember 2021 kunne UiS feire at Nokut hadde godkjend alle krav til kvalitetssystemet. Dette systemet sikrar at utdanningane til UiS held høg kvalitet.
Eggen har også vore styremedlem i ECIU University for UiS.
Prorektor for utdanning har leiaransvar for fellestenesta innafor fagområda sine, som er Utdanningsavdelinga og Eining for etter- og vidareutdanning og NettOp, avdeling for utvikling av digitale læringsressursar.
Prorektor for innovasjon og samfunn
Ei viktig satsing for UiS-leiinga dei siste fire åra er openheit og ytringsfridom, og eit viktig arbeidsområde til prorektor for innovasjon og samfunnskontakt har vore å legge best mogleg til rette for at tilsette ved UiS skal kunne bidra med kritisk refleksjon og kunnskapsdeling i det offentlege ordskiftet.
Fitjar har også hatt ansvar for satsinga på grøn omstilling, ei satsing som viser seg fram gjennom mange forskarinitiativ og nye tilsettingar, samt at ein koordinator for grøn omstilling er tilsett og ei tverrfagleg arbeidsgruppe med forskarar er sett saman for å få ytterlegare fart på satsinga.
Prorektor for innovasjon og samfunn har eit leiaransvar for Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt og Innovasjonsavdelinga.
Fitjar søker som nemnd ikkje fornying av stillinga. Stafettpinnen går dimed vidare.
Prorektor for forsking
UiS er i forandring og går frå å vere eit oljeuniversitet til eit omstillingsuniversitet som skal vere ein pådrivar for det grøne skiftet. Dette er også eit viktig fokus som prorektor for forsking har hatt dei siste åra.
To nye forskingssenter speglar satsinga på grøn omstilling. Nasjonalt senter for berekraftig utnytting av energiressursar vart etablert i 2022 for å sjå på korleis dei seinare stadia av offshore-verksemda skal bringe oss over til fornybar energi og gjere det mogleg å lagre CO2.
Det andre senteret, Greenhouse, er eit forskingssenter for miljøhumaniora, som dei seinare åra har vakse i omfang og tyngd. Greenhouse-forskinga bidreg med kulturelle og historiske perspektiv for å forstå kva type politikkutforming og kulturendring som må til for å lykkas med omstillinga.
Prorektor for forsking har leiaransvar for fellestenestene innafor fagområda sine, som blir utførd i Forskingsavdelinga og Universitetsbiblioteket.
Madland kjem til å søke ein ny periode og ønskjer altså å vere med vidare i UiS-leiinga som prorektor for forsking.
Nøkkelord
Kontakter
Astrid Birgitte EggenProrektor for utdanning
Tel:51831023Tel:413 24 572astrid.b.eggen@uis.noKlaus MohnRektorUniversitetet i Stavanger
Tel:91534814klaus.mohn@uis.noMerete Vadla MadlandProrektor for forskning
Tel:5183 2253Tel:913 86 589merete.v.madland@uis.noRune Dahl FitjarProrektor for innovasjon og samfunn
Tel:51831562Tel:90186352rune.d.fitjar@uis.noBilder

Lenker
Om Universitetet i Stavanger (UiS)
Følg pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Stavanger (UiS) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)
Mobbeforskningens «far» fikk ærespris under verdens største konferanse om mobbing12.6.2025 12:29:44 CEST | Pressemelding
Over 700 mennesker fra hele verden har vært samlet i Stavanger denne uka for å diskutere et av de største globale utfordringene i utdanningssektoren – mobbing.
Nye funn endrer Stavangers historie4.6.2025 06:33:00 CEST | Pressemelding
Prøver fra innsiden av veggene i Stavanger domkirke viser at katedralens historie må skrives om.
Søkertall 2025: UiS øker til tross for nasjonal stillstand28.4.2025 11:00:00 CEST | Pressemelding
Søkningen til Universitetet i Stavanger fortsetter å øke og går opp 3,6 prosent, til tross for en liten nasjonal nedgang på 0,3 prosent i søkning til høyere utdanning.
UiS har dei tredje mest produktive forskarane i landet10.4.2025 15:35:54 CEST | Pressemelding
Universitetet i Stavanger ligg på ein tredjeplass i vitskapleg produksjon per vitskapleg tilsett, berre slått av UiO og UiB blant universiteta, ifølge ny statistikk.
Flere består juss-eksamen i barnevern27.3.2025 16:15:08 CET | Pressemelding
På master i barnevernsarbeid ved Universitetet i Stavanger har beståttandelen blant studenter på nasjonal deleksamen i rettsanvendelse økt betydelig.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom