Sparebanken Vest

Festivalane i vest får krisestøtte frå Sparebanken Vest

Del
Fleire av sommarens festivalar er avlyste på grunn av korona-situasjonen. Sparebankstiftelsens Korona-fond har delt ut 15 millionar kroner i krisestøtte til kulturlivet på Vestlandet – mellom anna til ein rekke festivalar.
– Førdefestivalen er utruleg glade og stolte for å ha ein sponsor som Sparebanken Vest, som stiller opp og støttar når ting ikkje vert som ein trudde, seier Per Idar Almås, direktør for Førdefestivalen. Her med banksjef Lars Eivind Solnørdal under overrekkinga av midlar frå Korona-fondet. Foto: Førdefestivalen/Birger Hanevold Johansen.

– Førdefestivalen har blitt ein institusjon i norsk kulturliv og vi vil gjere det vi kan for å støtte dei gjennom denne krisa. Sjølv om Førdefestivalen ikkje blir slik den plar, så er det utruleg flott å sjå at festivalen kjem med eit tilbod til Førdianarane likevel, med piknik-konsert og popp-opp-konsertar, seier Lars Eivind Solnørdal, banksjef for Førde-kontoret til Sparebanken Vest.

Delte ut midlar på piknik-konsert

Sparebanken Vest er frå før stolt hovudsponsor for folkemusikkfestivalen. Under deira piknik-konsert 4. juli, kunne banksjefen glede festivalleiinga og publikum med støtte frå Korona-fondet på 120 000 kroner.

– Desse pengane skal me omsetje i levande musikk frå scenar både i Førde og i regionen elles, og me kan bidra til at takduken over Festplassen i Førde kan stå oppe gjennom sommaren og forhåpentlegvis vere ein arena for små og store arrangement, seier Per Idar Almås, direktør for Førdefestivalen.

Fleire festivalar i Hardanger får støtte

Same helg skulle musikken ha strøyma frå Bygdalarm-scena i Norheimsund. Denne og fleire andre festivalar i Hardanger-regionen er avlyste denne sommaren – mellom anna festivalen Hardingtonar.

– Bygdalarm og Hardingtonar er to festivalar som verkeleg set Norheimsund på kartet. Dei er utruleg viktige for Norheimsund som kulturstad, og difor er det så gledeleg at vi kan stille opp for dei no i denne krevjande tida, seier banksjef i Norheimsund, May Turid Tømmervik.

Desse to festivalane får høvevis 130 000 og 68 000 kroner.

– Får til ting utanom det vanlege

Men det er ikkje berre musikkfestivalar som får midlar. I Odda står Hardanger Spillfestival på mottakarlista. Banksjef i Odda, Marie Opheim, skryter av Spillfestivalen som er flinke til å involvere resten av handelsstanden i arrangementet.

– Vi i banken hadde planar om å spele monopol i bankkvelven vår under festivalen! Det er ein enorm viljestyrke til å få til ting utanom det vanlege her i regionen, og det må vi ta vare på. Festivalane famnar om folk i alle aldrar, skapar liv, entusiasme og engasjement, seier ho.

100 millionar til lag og foreiningar

Sparebankstiftelsens Korona-fond blei oppretta i mars i år som eit ekstraordinært tiltak. Formålet med fondet er å støtte lag og foreiningar på Vestlandet som slit økonomisk som følge av korona-epidemien.

– Dette viser styrken i sparebankmodellen. Vi skal være leiande på bankdrift, men vi skal også ta samfunnsansvar. Korona-fondet gir oss endå større rom for å støtte opp om lokalmiljøet og organisasjonane som bidreg til gode, inkluderande lokalmiljø, seier Opheim.

Framleis mogleg å søke om midlar

Totalt har fondet satt av 100 millionar kroner. Om lag 20 millionar av dette går til meir enn 300 idrettslag over heile Vestlandet, og i mai fekk meir enn 150 korps støtte frå fondet. Det vil kome fleire tildelingar utover hausten.

– Vi ønsker fleire søknadar og oppfordrar fleire til å søke. Korona-fondet kan ikkje dekke alt, men likevel vere ein viktig bidragsytar, seier banksjefen.

Desse festivalane får midlar frå Korona-fondet:

  • Bergen spillfestival
  • Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur
  • Bergen Music Fest
  • Bergen internasjonale filmfestival
  • Hardingtonar
  • Hardanger musikkfest
  • Bygdalarm
  • Hardangersus
  • Gladmat-festivalen
  • Førde internasjonale folkemusikkfestival
  • Elvisfestivalen i Måløy
  • Vill Vill Vest
  • Strandfestivalen
  • Feriekolonien
  • Jernrosa litteraturfestival
  • UKEN i Bergen
  • Norway Fringe Festival
  • Oddakonsertene
  • Hardanger spillfestival

For å se denne videoen, må du gi ditt samtykke øverst på denne siden.Sparebankstiftelsens Korona-fond har delt ut om lag 15 millionar kroner til kulturlivet på Vestlandet – her kan du sjå nokre av festivalane som får støtte.Videokanal

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

– Førdefestivalen er utruleg glade og stolte for å ha ein sponsor som Sparebanken Vest, som stiller opp og støttar når ting ikkje vert som ein trudde, seier Per Idar Almås, direktør for Førdefestivalen. Her med banksjef Lars Eivind Solnørdal under overrekkinga av midlar frå Korona-fondet. Foto: Førdefestivalen/Birger Hanevold Johansen.
– Førdefestivalen er utruleg glade og stolte for å ha ein sponsor som Sparebanken Vest, som stiller opp og støttar når ting ikkje vert som ein trudde, seier Per Idar Almås, direktør for Førdefestivalen. Her med banksjef Lars Eivind Solnørdal under overrekkinga av midlar frå Korona-fondet. Foto: Førdefestivalen/Birger Hanevold Johansen.
Last ned bilde

Om Sparebanken Vest

Sparebanken Vest
Jonsvollgaten 2
5011 Bergen

915 05 555https://www.spv.no

Sparebanken Vest er landets tredje største sparebank. Vi er et komplett finanshus for mer enn 290.000 person- og bedriftskunder. Vi er stolt over å være et selvstendig finanskonsern med hovedkontor i Bergen med en sentral rolle i mye av den verdiskapningen som skjer på Vestlandet.

Følg pressemeldinger fra Sparebanken Vest

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sparebanken Vest på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sparebanken Vest

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye