UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Farmasøytens fokus kan redda liv

Del
Når tverrfaglege team i sjukehus vert utvida med ein farmasøyt, kan dødsfall etter utskriving reduserast med ein tredjedel.
Multisjuke pasientar, pasientar som har fleire sjukdommar, kan ha bruk for mange medisinar. Foto: Tove Larsen/UiO
Multisjuke pasientar, pasientar som har fleire sjukdommar, kan ha bruk for mange medisinar. Foto: Tove Larsen/UiO

Kliniske farmasøytar er farmasøytar som deltek i arbeid med pasientar på ein institusjon, fyrst og fremst sjukehus. Dei samarbeider med sjukepleiarar, legar og anna helsepersonell om legemiddelbehandlinga.

– Kliniske farmasøytar brukar ein arbeidsmetode som heiter IMM, etter Integrated Medicines Management på engelsk, fortel Marianne Lea, postdoktor ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo (UiO).

Ikkje forska på før

I IMM-modellen er det tverrfaglege arbeidet omkring medisinar leia av ein farmasøyt. Arbeidet skjer systematisk i tre fasar, forklarar Lea:

  1. Ved innlegging gjer ein det som vert kalla ei legemiddelsamstemming. Då kartlegg ein kva medisinar pasienten faktisk har brukt før innlegging. Det er nemleg ikkje alltid dette stemmer overeins med kva medisinar pasienten har fått føreskrive på sjukehuset.
  2. Under sjukehusopphaldet vert det gjort fortløpande legemiddelgjennomgangar, der medisinar vert lagt til eller fjerna etter kvart som tilstanden til pasienten utviklar seg og legemiddelbehandlinga blir skreddarsydd til den enkelte pasienten.
  3. Når pasienten vert utskriven, planlegg ein legemiddelbruken framover. Den vert formidla munnleg og skriftleg til pasienten, eller den som har ansvar for pasienten si medisinering, til dømes ein sjukeheim.

Lea kjenner ikkje til at nokon tidlegare har forska på det viktigaste med å bruka denne metoden i Noreg, nemlig kva utbytet vil vera for pasienten. Før no.

Ekskludert frå legemiddelstudier

Lea er ikkje berre tilsett ved UiO, ho arbeider òg i Sykehusapotekene HF. Og det var Sykehusapotekene som tok initiativet til undersøkinga som Lea no legg fram funna frå. Oslo universitetssjukehus og Diakonhjemmet sjukehus deltok òg i samarbeidet.

– Vi undersøkte innlagde pasientar på Indremedisinsk sengepost ved Oslo universitetssjukehus, Ullevål. Alle var innlagde akutt og over 18 år. Dei var òg multisjuke, som inneber at dei har minst to ulike sjukdommar. For desse sjukdommane måtte dei bruka minst fire ulike medisinar, fortel Lea til Titan.uio.no.

Lea nemner tre årsaker til at dei valde å berre sjå på multisjuke. Den eine er at vi får stadig fleire av desse pasientane i samfunnet, fordi folk lever lenger og fordi vi stadig finn fleire moglegheiter for å gje behandling. Dessutan vert multisjuke pasientar gjerne ekskludert frå kliniske legemiddelstudiar, slik at vi har mindre kunnskap om effekt og biverknader av legemiddel hjå desse pasientane.

Ikkje stort nok utval

Den tredje grunnen er at det naturleg nok er fleire moglegheiter for suboptimal legemiddelbruk eller feil jo fleire legemiddel pasienten brukar. Dermed vil denne gruppa etter alt å døma òg vera blant dei som har mest utbyte av IMM.

Resultata ver oppmuntrande for IMM. Etter utskriving var det 34 prosent færre dødsfall blant pasientane som fekk IMM samanlikna med kontrollgruppa.

– Vi samanlikna òg kor lang tid det tok før neste eventuelle innlegging. Mediantida for IMM-pasientane var 184 dagar, medan det var 116 dagar for kontrollgruppa. Det kan jo tyda på ein positiv effekt her òg, men utvalet vårt var ikkje stort nok til at vi kan rekna dette som eit vitskapleg funn, understrekar Lea.

Det avgjerande ordet

Ho er nøye med å få fram at ho ikkje meiner dette skuldast farmasøyten åleine, men at farmasøyten med sin kompetanse kjem som eit tilskot til det tverrfaglege teamarbeidet som alt skjer på eit sjukehus.

– Men vi kjenner jo til at kvardagen på eit sjukehus ofte er travel, og både legar og sjukepleiarar har mange oppgåver knytte til kvar pasient. Farmasøyten kan derimot tillata seg eit snevrare fokus på berre medisinane, seier Lea.

– Men det er jo legen som til sjuande og sist har det avgjerande ordet, legg ho til.

Ekstra meiningsfullt

Forskarar i farmasi generelt arbeider jo med å gjera livet betre for folk, men som regel skjer det langt fram i tid, med folk som vert ganske abstrakte. Men Lea har sjølv vore blant farmasøytane i denne studien og ser dermed målbare resultat av sitt eige arbeid. Korleis har ho opplevd det?

– Arbeidet vert ekstra meiningsfullt når vi kan dokumentera umedelbar og konkret effekt på folk som eg har snakka med, kjenner namnet på og har teke i handa. Ja, det er fint, seier Lea.

Om nokon skulle bekymra seg for haldbarheita til funna i studien fordi Lea sjølv har arbeidd med pasientane, treng dei ikkje uroa seg:

– Tala på reinnleggingar og død er henta frå nasjonale register. Utrekninga av resultata vart utførd av personar som verken deltok i datainnsamlinga eller visste kva gruppe pasientane høyrde til i. Funna står støtt.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Multisjuke pasientar, pasientar som har fleire sjukdommar, kan ha bruk for mange medisinar. Foto: Tove Larsen/UiO
Multisjuke pasientar, pasientar som har fleire sjukdommar, kan ha bruk for mange medisinar. Foto: Tove Larsen/UiO
Last ned bilde
Marianne Lea (t.v.) saman med Kristin Hestad, sjukepleiar og seksjonsleiar, ved oppstarten av prosjektet. Foto: Liv Mathiesen/UiO
Marianne Lea (t.v.) saman med Kristin Hestad, sjukepleiar og seksjonsleiar, ved oppstarten av prosjektet. Foto: Liv Mathiesen/UiO
Last ned bilde

Lenker

Om UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Sem Sælands vei 24
0371 Oslo

22 85 56 00http://www.mn.uio.no/

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet har ein lang og stolt tradisjon innan forsking og undervising i dei klassiske realfaglege disiplinane. Fakultetet si verksemd dekkjer også eit breitt spekter av tverrfagleg forsking og ligg i front i Europa på fleire område.

Følg våre forskingsnyheiter på Titan.uio.no, som også er på Facebook og Twitter, eller abonner på nyheitsbrevet.

Følg pressemeldinger fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye