Fangar data om vegen, undervegs
Denne vinteren skal fire bilar fange data om tilstanden på Bergensvegane medan dei rullar rundt på andre oppdrag. Bilane tilhøyrer driftsentreprenør Mesta, og ekstrautstyret som gjer datafangsten mogleg er ein smarttelefon i frontruta.
– Me skal teste ein applikasjon frå den svenske produsenten Univrses, som me håper kan finne feil og unøyaktigheiter på skilt og anna infrastruktur for oss, fortel Alexander Svindseth i Statens vegvesen sin seksjon for intelligente transportsystem (ITS). Som del av Vegvesenet sitt ITS-pilotprogram jobbar han mellom anna med praktiske testar av ny teknologi.
Enkel datafangst
– Gjennom kameraet på smarttelefonen kan applikasjonen automatisk fange opp, identifisere og registrere skilt langs vegen. Teknologien baserer seg på bildegjenkjenning og kunstig intelligens, fortel Svindseth.
Mesta er driftsentreprenør for Statens vegvesen i Bergensområdet, med ansvar for den daglege oppfølginga av vegnettet. Ved å installere systemet i deira vegmeisterbilar, som uansett er på farten heile tida, skjer datafangsten nærast av seg sjølv.
– At me kan bruke allereie eksisterande og breitt tilgjengeleg utstyr som bilar og smarttelefonar gjer systemet enkelt, raskt og rimeleg å ta i bruk, fortel Svindseth.
Kartet og terrenget
Piloten i vinter spring ut av ein test av ISA – Intelligent Speed Assistant, eller intelligent fartsassistent – som Statens vegvesen gjennomførte i fjor haust, i samarbeid med bilimportørar og kartleverandørar. Dette er system som kan informere føraren om fartsgrensa på staden, eller automatisk avpassa farten til bilen. ISA baserer seg på ei blanding av skiltgjenkjenning og bakgrunnsdata.
SINTEF har analysert dataa frå testen for Vegvesenet, og fann mellom anna at det trengst gode bakgrunnsdata.
Slike data leverer Statens vegvesen gjennom databasen NVDB – Nasjonal vegdatabank. Der finn m.a. produsentar av karttenester og førarassistentsystem informasjon om alle vegar i Noreg, og infrastrukturen som høyrer til desse vegane.
– Det er viktig for kundane våre at me leverer god datakvalitet i NVDB, seier Svindseth.
– Kort sagt: det som står på kartet, må stemme med røynda ute langs vegen. Me håper applikasjonen til Univrses mellom anna kan hjelpe oss til å identifisere feil i NVDB.
Betre data = betre vedlikehald
Piloten skal også teste om applikasjonen kan registrere meir enn skilt.
– Systemet kan blant anna oppdage ein del skadar i veg, som hol og sprekker, fortel Svindseth.
Målet på sikt er at vegvedlikehaldet skal bli meir datadrive.
– Ei kontinuerleg tilstandsovervaking av vegnettet gir oss informasjon som kan gi betre og meir målretta vedlikehald av vegnettet.
Også Mesta ser også store moglegheiter i teknologien:
– Me set stor pris på å få vere med på dette innovative prosjektet, som testar ut ny teknologi med eit så stort potensial, seier Ketil Dahl, leiar for marknad- og forretningsutvikling.
– Dette passar perfekt med satsinga vår på digitalisering av heile drift- og vedlikehaldsområdet.
Utstyret vart installert i Mesta-bilane tidlegare denne veka, med representantar frå Statens vegvesen, Univrses og Mesta til stades. Der skal det stå heile vinteren igjennom – til saman i om lag seks månadar.
– Bergensvinteren burde tilby vanskelige testforhold, noko som er litt av målet, sidan det ikkje alltid er optimale forhold å operere under. På den måten får me ein realistisk test.
Samlar berre inn nødvendige data
Løysinga samlar berre inn bilde der det blir oppdaga objekt, og minimerer såleis datainnsamling av andre bilar og menneske. Skulle dette likevel komme med, blir det automatisk anonymisert før bilda blir lagra, forsikrar Svindseth
– Applikasjonen på telefonen nyttar bildegjenkjenning og kunstig intelligens til å identifisere objekt langs vegen. Dette går føre seg i sjølve telefonen, og er såleis eit godt døme på edge computing.
Edge computing vil seie at kalkulasjonar blir utførte så nær bildetakinga som mogleg, i motsetning til cloud computing der kalkulasjonane blir gjorde i «skya».
Kontakter
Alexander SvindsethOveringeniørStatens vegvesen, Transport og samfunn
Tel:98838849alexander.svindseth@vegvesen.noBilder
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
389 passasjerer registrert uten sikkerhetsbelte i buss24.4.2024 11:17:11 CEST | Pressemelding
Totalt ble 4827 busspassasjerer kontrollert for bruk av belte i buss da Statens vegvesen gjennomførte landsdekkende kontroller sist uke.
Signerte kontrakt på siste strekning av E39 Betna-Stormyra23.4.2024 11:21:40 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen og entreprenøren Bertelsen og Garpestad AS signerte mandag kontrakt på bygging av ny E39 mellom Stormyra og Staurset i Heim kommune.
Stenger sørgående løp i Glaskartunnelen neste helg22.4.2024 14:34:34 CEST | Pressemelding
Sørgående løp på E39 (mot Bergen) bli stengt helgen 3.- 6. mai, i forbindelse med oppgradering av Glaskartunnelen. Vegen skal graves opp, og Vegvesenet oppfordrer folk i nærområdet til å unngå kjøring og heller bruke kollektiv eller sykkel denne helgen.
I rute med erosjonssikring av E16 forbi Ådalselva nord for Follum i Hønefoss19.4.2024 08:00:00 CEST | Pressemelding
E16 går her nær elva på et parti der terrenget er utsatt for utgliding og skred ved flom. Ved gunstige værforhold kan det bli tidligere gjenåpning.
Nå starter årets asfaltsesong16.4.2024 12:28:47 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen starter snart asfaltering av om lag 700 km riksveger over hele landet. Totalt 550.000 tonn asfalt skal legges i løpet av årets asfaltsesong.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom