Europeisk toppverv til Medietilsynets direktør
Direktør Mari Velsand i Medietilsynet er vald som ny styreleiar i EPRA, som er ein organisasjon for europeiske mediemyndigheiter.

EPRA (European Platform of Regulatory Authorities) blei etablert i 1995 og skal legge til rette for samarbeid og erfaringsutveksling mellom mediemyndigheiter på tvers av land i Europa.
– Raske og store endringar på mediefeltet gjer at også mediemyndigheitene kontinuerleg må utvikle rolla si og arbeidsformene sine. I den konteksten er samarbeid og erfaringsdeling på tvers av landegrenser svært viktig, seier nyvald styreleiar Mari Velsand.
Europeisk samarbeid om oppgåver på mediefeltet
Velsand har vore medlem i styret i EPRA dei siste fire åra og er no altså vald som leiar for styret dei kommande to åra. Andre styremedlemmer er Maria Donde frå Storbritannia, Stephanie Comey frå Irland, Stanislav Matejka frå Slovakia og Valentin Alexandru Jucan frå Romania. Sekretariatet i EPRA er lokalisert i Strasbourg i Frankrike.
– Eg ser fram til å leie arbeidet med å vidareutvikle det europeiske samarbeidet mellom myndigheiter som har oppgåver på mediefeltet, seier Velsand.
160 delegatar frå over 50 land møtest denne veka i Oslo
Medietilsynet er denne veka vertskap for vårens plenumsmøte i EPRA, som blir halde i Oslo. Møtet samlar cirka 160 delegatar frå meir enn 50 land.
– Dette har vore eit stort løft for ein liten organisasjon som Medietilsynet, men det er viktig for oss å kunne bidra til det europeiske fellesskapet gjennom å vere vertskap for vårens EPRA-møte, seier Mari Velsand.
Haustens møte i EPRA er lagt til Romania.
Nøkkelord
Kontakter
Nina Bjerkekommunikasjonsrådgiver og pressekontakt
Tel:+47 419 34 154nina.bjerke@medietilsynet.noLenker
Om Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Medietilsynet understreker forbud5.9.2025 08:00:00 CEST | Pressemelding
Medietilsynet minner om forbudet mot å offentliggjøre valgresultat og valgdagsmålinger før klokken 21 på valgdagen mandag.
Nær 24 millionar til innovasjonsprosjekter1.9.2025 08:00:00 CEST | Pressemelding
Medietilsynet skal fordele 23,7 millionar kroner i innovasjonsstøtte i 2025, og opnar nå for søknader.
Fem millionar kroner til forsking på medier og dataspill28.8.2025 08:00:00 CEST | Pressemelding
Medietilsynet opnar no for søknader om midlar til medierelaterte forskingsprosjekt.
Meta og TikTok stoppet Medietilsynets informasjonskampanje om valget22.8.2025 13:11:50 CEST | Pressemelding
Medietilsynet har fått avvist videoer og fjernet lenker – begge deler i forbindelse med en større annonsekampanje om kildebevissthet og desinformasjon i forkant av stortingsvalget.
Fleire typar medium kan søke om innovasjonstilskott12.8.2025 15:50:33 CEST | Pressemelding
Kultur- og likestillingsdepartementet har vedtatt endringar i forskrifta for innovasjons- og utviklingstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium. Endringane opnar for at fleire typar medium kan søke støtte.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom