Sparebanken Vest

Etterspørselen er høg, men det skortar på råvarer for 2 av 5 vestlandsbedrifter

Del

Lav etterspørsel skapte krisen som Vestlandsbedriftene har vore gjennom. No sørger auka etterspørsel for at resultatindeksen i siste Vestlandsindeks skyt fart, men mangel på varer skapar utfordringar.

Tysse Mekaniske Verkstad på Osterøy har problem med å få tak i råvarer, samstundes som etterspørselen har auka. Løysinga? Dei bestiller større kvanta frå leverandørane og brukar fabrikkgolva som lagringsplass. Her er Mette Nilssen i produksjonslokale på Tysse. Foto: Iselin Fotland.

For første gong sidan før pandemien starta, er resultatindeksen over det historiske gjennomsnittet for indeksen, med ei auke på fem poeng til 63 poeng.

– Vestlandsbedriftene har hatt ein god sommar. Auka etterspørsel og betre lønsemd står bak hoppet i resultatindeksen. Vi er også framleis langt over historisk snitt på forventningane til bedriftene framover, seier Ragnhild Janbu Fresvik, konserndirektør for bedriftsmarknaden i Sparebanken Vest.

Mangel på råvarer – ei varig utfordring

Samstundes rapporterer 1 av 3 bedriftsleiarar på Vestlandet at dei vil ha kapasitetsproblem når etterspurnaden stig. 2 av 5 bedrifter svarer at dei har utfordringar med tilgang på råvarer og produkt samanlikna med før pandemien. Dette treff både små og store bedrifter og årsakene bak er kompliserte.

– Bedriftene melder at transportering av varar går seinare – særleg der varane kjem frå utlandet. I tillegg er det nokre bedrifter som opplev så stor vekst i etterspurnaden no at dei ikkje klarar å få tak i nok varar til å møte den raske veksten, seier Fresvik.

Dette ser ut til å vere ei utfordring som vil vare, viser Vestlandsindeksen. 20 prosent av dei bedriftsleiarane som oppgir at dei har verdikjedeproblem reknar med at det kjem til å vare i meir enn seks månader. 40 prosent trur det vil vare i meir enn eitt år.

Vestlandsbedriftene tar grep

Det er særleg varehandel, bilverkstader og anna tenesteyting som har dei største utfordringane med tilgang på varer. Over halvparten av bedriftene i desse næringane svarar at dei i svært eller ganske stor grad opplever utfordringar.

Heldigvis er Vestlandsbedriftene omstillingsdyktige, fortel Fresvik:

– Nesten halvparten av respondentane som seier at dei har trøbbel med verdikjeda, har begynt å bruke andre produkt eller innsatsfaktorar for å oppretthalde produksjonen. Halvparten har auka utsalsprisane på eigne varer og tenester for å møte denne utfordringa.

Ho og andre bedriftsrådgivarar i Sparebanken Vest bruker mye tid i møte med kundane som treng rådgiving og finansiering frå banken som gjer at dei kan bygge opp eit større varelager.

Etterspørsel til himmels hos Tysse Mekaniske Verksted

Hos tradisjonsrike Tysse Mekaniske Verksted på Osterøy skjer det to ting på ein gong: dei har problem med å få tak i råvarer, samstundes som etterspørselen har auka. Løysinga? Dei har kjøpt inn større kvanta og har fylt opp golva i fabrikken med mellom anna stål.

– Med stål, som vi skal ta inn, er utfordringa at både bilindustrien og tilhengarindustrien gjer det utroleg bra på same tid. Alle opplever stor etterspørsel. Då blir det konkurranse om akkurat dei same produkta, og dermed forseinkingar, seier dagleg leiar, Per Steinar Osmundnes.

For varer som kjem frå Asia, er problemstillinga mangel på konteinarar. Då byrjar selskapa å by over kvarandre for å sikre seg leveransar, fortsett Osmundnes.

– Prisen blir då 5-7 gongar høgare enn vanlig og i tillegg er det ikkje alltid at vi får tak i konteinarar. Det betyr at det vi før kunne bestille to-tre månader før vi trengte det, nå må bestilles kanskje seks månader i forveien. Det er en helt ny tankegang for oss i denne industrien, seier han.

Sjå Osmundnes fortelle meir om dette og korleis dei jobbar på Tysse Mekaniske Verkstad her.

Rigga for vekst framover

Heldigvis opplev Tysse Mekaniske Verksted vekst likevel.

– Vi har rigga oss for vekst slik at vi er klare for dei moglegheitene som ligg framfor oss. Vi er veldig stolt av å ligge her på Osterøy, vi har en fantastisk bedrift med 70 arbeidsplassar og vi er klart størst på tilhengarar i Noreg. Vi satsar på robotar og fornybar industri og det er kjempegøy å få vere med på, seier Osmundnes.

Vestlandsindeksen viser at vestlandsbedriftene er optimistiske til omsetninga framover. Dei ventar å vere tilbake til same omsetningsnivå som før pandemien innan året er omme.

Shipping, transport og lagring og overnattings- og serveringsnæringa skil seg ut. Desse næringane ventar, i motsetning til andre næringar, ikkje å vere tilbake på same omsetningsnivå som før pandemien, før om eitt år.

Last ned rapporten og les meir om Vestlandsindeksen her

For å se denne videoen, må du gi ditt samtykke øverst på denne siden.Kjetil Benson, leiar for Markets i Sparebanken Vest, og Ragnhild Janbu Fresvik, konserndirektør for bedriftsmarknaden, diskuterer funna i Vestlandsindeksen.

Kontakter

Bilder

Tysse Mekaniske Verkstad på Osterøy har problem med å få tak i råvarer, samstundes som etterspørselen har auka. Løysinga? Dei bestiller større kvanta frå leverandørane og brukar fabrikkgolva som lagringsplass. Her er Mette Nilssen i produksjonslokale på Tysse. Foto: Iselin Fotland.
Tysse Mekaniske Verkstad på Osterøy har problem med å få tak i råvarer, samstundes som etterspørselen har auka. Løysinga? Dei bestiller større kvanta frå leverandørane og brukar fabrikkgolva som lagringsplass. Her er Mette Nilssen i produksjonslokale på Tysse. Foto: Iselin Fotland.
Last ned bilde
Dagleg leiar Per Steinar Osmundnes og eigar Rune Tysse følger med på produksjonen på Tysse-fabrikken på Osterøy. Foto: Iselin Fotland.
Dagleg leiar Per Steinar Osmundnes og eigar Rune Tysse følger med på produksjonen på Tysse-fabrikken på Osterøy. Foto: Iselin Fotland.
Last ned bilde
Per Steinar Osmundnes, dagleg leiar i Tysse Mekaniske Verksted. Foto: Iselin Fotland
Per Steinar Osmundnes, dagleg leiar i Tysse Mekaniske Verksted. Foto: Iselin Fotland
Last ned bilde
Resultatindeksen viser korleis den økonomiske situasjonen har vore for vestlandsbedriftene i siste kvartal, medan forventningsindeksen viser korleis dei ser føre seg dei neste seks månadene.

Om Sparebanken Vest

Sparebanken Vest
Sparebanken Vest
Jonsvollgaten 2
5011 Bergen

915 05 555https://www.spv.no

Sparebanken Vest er landets tredje største sparebank. Vi er et komplett finanshus for mer enn 290.000 person- og bedriftskunder. Vi er stolt over å være et selvstendig finanskonsern med hovedkontor i Bergen med en sentral rolle i mye av den verdiskapningen som skjer på Vestlandet.

Følg pressemeldinger fra Sparebanken Vest

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Sparebanken Vest på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sparebanken Vest

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom