Etterlyser samla plan for havområda

Leinebø er ikkje motstandar av at andre næringsaktørar skal kunne nytte seg av område i havet, men han ønskar dialog og at nyetableringar tar omsyn til fiskerinæringa.
- Fiskarane må vere der fisken er. Fisken følgjer sine næringsvandringar og kan ikkje berre flyttast på. Det er difor uheldig at det til dømes blir lagt til rette for store vindparkar midt i gode fiskefelt. Vi er opne for å diskutere løysingar, men historia viser litt for ofte at vi ikkje blir høyrt. Eg får inntrykk av ein del politikarar leitar etter alternative løysingar som følgje av den store motstanden mot vindkraft på land, men det er ikkje utan problem å legge det til havet heller, seier Leinebø.
Hywind-prosjektet
Konkret har han i tankane planane om Equinor sitt vindkraftprosjekt, Hywind, på Tampen i Nordsjøen som skal forsyne plattformane Snorre og Gullfaks med fornybar energi.
Les også; Hywind overkjører fiskeinteressene
Fiskerinæringa sa ikkje nei til prosjektet, men bad om at ein flytta litt på vindturbinane slik at det skapte mindre ulemper for fiskeriinteressene i området. Dette kravet var også i samsvar med fagetaten Fiskeridirektoratet sitt råd, seier han.
Interessekonflikter
Kravet er neglisjert, og det uroar Leinebø i forhold til at større og meir omfattande utbyggingar etterkvart truleg skal realiserast. Sjølv om havet er stort, så er det tydeleg at der også er interessekonflikter.
- Vi har hatt oljen i lang tid. No kjem vindkraft og havbasert fiskeoppdrett. Særleg vindkraftparkane treng store areal. Etter det eg forstår viser utgreiingar at det er stort samsvar mellom kvar i havet det er interessant å legge vindkraftparkar og viktige fiskefelt, seier Leinebø.
Viktige gyteområde
Han viser mellom anna til vestkanten av Norskerenna i Nordsjøen, i tillegg til delar av Møresokkelen med sine viktige gytefelt som døme på slike område.
- Og kva med dei mindre båtane som driv på grunnare vatn etter skaldyr? spør han. Og viser til at mange er opptekne av kva innverknad vindturbinane har på fugl, men at det same ikkje gjeld for fiskeri. Han lar debatten om vindkraft i Norge ligge, men seier han registrerer at detsynes å vere eit sterkt engasjement i blant folk mot utbyggingar, ikkje minst i kystkommunane på Vestlandet.
- Men, mange synes å være meir positive om det er ”ute av syne” for den enkelte.
Då er det lett å ty til å ” få dei ut på havet”. Men det går ikkje utan vidare, seier han.
Samla plan for havet
Leinebø meiner difor at det hastar med å få på plass ein samla plan for korleis ein kan få til best mogleg sameksistens i havrommet.
- På land har landbruksjord eit sterkt vern i Norge. Sjømatnæringa skal vere ein av berebjelkane framover. Vi treng noko tilsvarande for fiskefelta våre , seier Leinebø.
- Det er rimeleg mange som lever av både krabbe, hummar, kreps og fisk av ulike slag, langs kysten. I tillegg til må vi også hugse at vi utafor Mørekysten finn svært viktige gyteområde for fleire fiskeslag. Eg trur det er viktig å sjå alt dette i samanheng før ein gir løyve til nye tiltak. På land er det stot fokus på negative effekter for fuglar. Kva med fisken i havet?, spør Leinebø.
Kontakter
Paul Harald LeinebøStyreleder i Fiskebåt Vest
Tel:+47 909 37 999paul@phlseasgold.noBilder

Om Fiskebåt
Fiskebåt - havfiskeflåtens organisasjon, jobber for en miljøvennlig og lønnsom fiskeflåte, som leverer sunn mat fra bærekraftige bestander i verdens reneste havområder.
Følg pressemeldinger fra Fiskebåt
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Fiskebåt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Fiskebåt
Regjeringen i utakt med stortinget – Store negative konsekvenser for beredskapen, verdiskapningen og aktiviteten langs kysten27.6.2025 10:29:47 CEST | Pressemelding
Finansminister Jens Stoltenberg (Ap) har bestemt at fritaket for CO2-avgift for fiskefartøy i utenriks fart opphører. Det betyr at det ikke lenger blir adgang til å bunkre avgiftsfritt i Norge for fart til utenlandsk havn.
- EU gir blafffen i internasjonalt vedtatte prinsipper og saborterer fremdrift i fiskeriforhandlingene11.6.2025 17:27:24 CEST | Pressemelding
Etter flere års forhandlinger la EU frem et forslag til fordeling av kolmulebestanden. Forslaget reduserer den tidligere avtalte norske andelen fra 26,2 prosent til 5,8 prosent, samtidig som EU øker sterkt sin egen andel og skjermer andre kyststater.
Streik blant maskinistene13.12.2024 12:00:33 CET | Pressemelding
Maskinister organisert i Det norske maskinistforbund (DNMF) er tatt ut i streik. Fiskebåt beklager at det ikke ble oppnådd enighet i årets tariffoppgjør.
PRESSEINVITASJON : Årsmøte i Fiskebåt Vest4.12.2024 07:00:00 CET | Presseinvitasjon
Fredag 6. desember samlast Fiskebåt Vest til årsmøte i Ålesund. På møtet er blant anna kvotenedgang og fiskerireguleringar på dagsorden.
PRESSEINVITASJON: Fiskebåt Sør-årsmøte29.11.2024 07:00:00 CET | Presseinvitasjon
Tirsdag 3. desember samles Fiskebåt Sør til årsmøte i Bergen. På møtet blir det blant annet diskusjoner rundt de pelagiske fiskeriene og utsiktene framover.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom