Etne Sparebank og Sparebanken Vest slår seg saman
Styra i Sparebanken Vest og Etne Sparebank vedtok i dag ein plan for samanslåing av bankane. – Vi ser ein spennande person- og bedriftsmarknad i Etne og Vindafjord med eit betydeleg potensial for å vekse, seier Jan Erik Kjerpeseth, konsernsjef i Sparebanken Vest.

Målsettinga med samanslåinga er å styrke banktilbodet til person- og bedriftskundar i Etne og Vindafjord.
– Regionen har eit fantastisk næringsliv med både stolte tradisjonar og ei vilje til å skape nytt. Vi ønsker å spele ei viktig rolle for næringslivet her, seier Jan Erik Kjerpeseth, konsernsjef i Sparebanken Vest.
– Ei god løysing for kundane i Etne Sparebank
Sparebanken Vest og Etne Sparebank er i dag to sterke sparebankar som er godt forankra lokalt i Etne. Bankane har mykje til felles i profil, og har dels overlappande marknadsområde i Sunnhordland og på Haugalandet. Dei to bankane har allereie eit etablert produktsamarbeid gjennom selskapa Frende Forsikring, Brage Finans og Norne Securities.
– For Etne Sparebank er ei samanslåing med Sparebanken Vest ei god løysing, fordi Sparebanken Vest tilbyr ei totalpakke som vil ivareta verdiane som er bygd opp i Etne, seier banksjef i Etne Sparebank, Rune Ramsvik, som forklarar:
– Sparebanken Vest kan tilby Etne Sparebank sine kundar ei komplett bankpakke. Sparebanken Vest har høg kundetilfredsheit, svært gode digitale løysingar og etablerte rutinar for å ivareta samfunnsfunksjonen gjennom gåvemidlar. Dette vil kome lokalsamfunnet i Etne og Vindafjord til gode. I tillegg vil noverande kundar i Etne få ta del i overskotet gjennom kundeutbytte på lån og innskot.
Etter avtalen vil Sparebanken Vest vere overtakande bank og namnet på den samanslåtte banken vil vere Sparebanken Vest. Kontoret i Etne vil bestå, i det same bygget som før, medan hovudkontoret vil ligge i Bergen. Den nye eininga vil framleis ha ei sterk forankring som lokal sparebank, og bygge vidare på den solide posisjonen som Etne Sparebank har etablert i området.
Vederlaget for samanslåinga er satt til 320 millionar kronar. 80 prosent av oppgjeret vil skje gjennom ei utsteding av nye eigenkapitalbevis i Sparebanken Vest (SVEG), medan 20 prosent av vederlaget vil skje som kontantar.
Gåvemidlar til lokalsamfunnet i Etne
Oppgjeret vil liggje i ei nyoppretta stifting, Sparebankstiftinga Etne, som vil eige eigenkapitalbevis i Sparebanken Vest og fremme sparebankverksemd ved å disponere gåvemidlar til allmennyttige føremål. Begge bankar har tradisjon for å dele overskotet med lokalsamfunnet. Dette blir styrka gjennom samanslåinga.
Det vil kome tildelingar frå både Sparebanken Vest og Sparebankstiftinga Etne i framtida. Det er også planlagt ei ekstraordinær tildeling frå Sparebanken Vest på ti millionar kroner til gode føremål i lokalsamfunnet.
Godt posisjonert for samanslåingar
– Vi ser fram til å ønske kundar og tilsette i Etne velkomne til oss. Samanslåinga viser at Sparebanken Vest er en attraktiv partner for framtidige samanslåingar i sparebanksektoren, seier Jan Erik Kjerpeseth.
Avtalen om samanslåing vil bli behandla i generalforsamlingane i bankane 23. mars. Avtalen er og betinga av nødvendige godkjenningar frå myndigheiter og kontraktspartar på akseptable vilkår.
Etter foreløpig tidsplan, er det planlagt gjennomføring av samanslåinga hausten 2022.
Nøkkelord
Kontakter
Hanne DankertsenKommunikasjonsdirektørSparebanken Vest
Tel:99449173hanne.dankertsen@spv.noBilder


Om Sparebanken Vest
Om Etne Sparebank:
Etne Sparebank er ein lokal fullservicebank – ein solid, stabil og konkurransedyktig medspelar i lokalsamfunnet. Sidan 1860 har Etne Sparebank vore ein viktig lokal institusjon. Kontoret ligg midt i sentrum i Etne og har 16 tilsette. Banken har god og lang erfaring, brei kunnskap, autoriserte kunderådgjevarar og eit høgt fokus på den gode kundedialogen.
Om Sparebanken Vest:
Sparebanken Vest er tredje største sparebank i Noreg med over 600 engasjerte og dyktige medarbeidarar. Sidan 1823 har vi opparbeidd tillit hos vestlendingen som gjer at vi har ein solid marknadsposisjon, og du finn oss på 35 plassar i Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal. Gjennom produktselskap som er knytt til banken, er vi eit komplett finanshus for alle våre person- og bedriftskundar. Vi er stolte over å vere eit sjølvstendig finanskonsern med hovudkontor i Bergen med ei sentral rolle i mykje av den verdiskapinga som skjer på Vestlandet.
Følg pressemeldinger fra Sparebanken Vest
Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Sparebanken Vest på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sparebanken Vest
Vestlandsindeksen viser: økende innkjøpspriser og fallende etterspørsel20.6.2022 07:27:06 CEST | Pressemelding
Stadig flere vestlandsbedrifter forventer økte innkjøpspriser og hver tredje bedrift melder om utfordringer med råvaretilgang. Samtidig som bedriftene har bedrede resultater, er forventningene til de neste seks månedene fallende.
Rekordhøy kundetilfredshet i årets første kvartal – særlig blant de unge5.5.2022 07:11:36 CEST | Pressemelding
Kundene i Sparebanken Vest har aldri vært mer fornøyd med banken sin. Kundeutbytte, som ble utbetalt i april, er en av grunnene til at kundetilfredsheten er rekordhøy.
Norske bedrifter må ut av komfortsonen5.4.2022 07:00:00 CEST | Pressemelding
Færre enn 1 av 20 norske bedrifter har planer om å eksportere de neste tre årene, viser rykende fersk eksportrapport som legges frem på Vestlandskonferansen i dag. Har norsk næringsliv blitt seg selv nok?
Økt etterspørsel, svekket kapasitet og verdikjedeutfordringer gir prisvekst23.3.2022 07:30:28 CET | Pressemelding
Vestlandsindeksen for første kvartal viser at vestnorsk økonomi fortsetter å skyte fart ut av pandemien med rekordvekst i etterspørsel. Samtidig melder en stor andel av bedriftene om utfordringer med både kapasitet og verdikjeder.
Rekordhøyt kundeutbytte til Sparebanken Vest-kunder2.2.2022 07:09:54 CET | Pressemelding
Sparebanken Vest presenterte onsdag rekordresultater for 2021. Styret i banken foreslår at 390 millioner av overskuddet skal fordeles til bankens kunder gjennom kundeutbytte, og at 335 millioner kroner skal gå til idrettslag, organisasjoner, frivillighet og omstillingsprosjekter.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom