Arbeidstilsynet

Er det greitt å senke temperaturen på arbeidsplassen?

Del
Rekordhøge straumprisar har fått mange verksemder til å skru ned temperaturen på arbeidsplassen. Arbeidstilsynet anbefaler å involvere dei tilsette i avgjerda om kor varmt det bør vere på jobb.
SNAKK SAMAN: Leiar og tilsette bør ha god dialog før temperaturen på arbeidsplassen blir endra, oppfordrar Arbeidstilsynet. FOTO: Arbeidstilsynet
SNAKK SAMAN: Leiar og tilsette bør ha god dialog før temperaturen på arbeidsplassen blir endra, oppfordrar Arbeidstilsynet. FOTO: Arbeidstilsynet

–  Arbeidsmiljølova seier ikkje noko om temperaturgrenser, men Arbeidstilsynet anbefaler ikkje innetemperaturar under 19°C i arbeidslokale som kontor, skolar, barnehagar og andre arbeidsplassar der ein gjer lett fysisk arbeid, seier Gunn Robstad Andersen som er seksjonsleiar i Arbeidstilsynet.

Dialog er viktig

Inneklimaet påverkar trivsel, helse og produktivitet på arbeidsplassen. For låge temperaturar kan opplevast som plagsamt, og ein kan bli mindre effektiv når det er kaldt. Når du frys, kan det gå ut over fingerferdigheiter, presisjon og tempo. Nokre kan oppleve stive musklar, og ein kan lettare få infeksjonar.

Opplevinga av kva som er den ideelle arbeidstemperaturen varierer frå person til person. Nettopp derfor bør arbeidsgivaren snakke med dei tilsette før termostatane justerast.

– Arbeidstilsynet heiar på arbeidsplassar som får til god dialog mellom arbeidsgivar og arbeidstakarar: Kva for konsekvensar det kan få om vi senkar temperaturen inne hos oss? Og kva for tiltak kan bøte på konsekvensane om nokon synest det blir for kaldt? På gode arbeidsplassar har medarbeidarane reell medverknad på eiget arbeidsmiljø, seier Gunn Robstad Andersen.

Kva med dei som frys?

Arbeidsgivar har ansvar for å planlegge og legge til rette for eit godt inneklima både sommar og vinter, og for alle arbeidstakarar.

Om medarbeidarar seier ifrå at dei frys når temperaturen blir skrudd ned, kan de kanskje bli einige om å starte med å ta på ekstra klede.

– Dersom dette ikkje er nok, må arbeidsgivar vurdere andre tiltak. Eksempel kan vere pausar med fysisk aktivitet eller å bli einige om arbeidssonar med høgare temperatur. Om mange framleis frys bør arbeidsgivar snakke med arbeidstakarane og ein bør gjere ei ny vurdering av kva som er den beste innetemperaturen på arbeidsplassen.

Ta opp problem med leiaren din

Tilsette som ikkje er nøgde med temperaturen på jobb, bør ta opp dette med næraste leiar.

 – Snakk med arbeidsgivar om problemet, og kom med forslag til løysning. Eit alternativ er å gå til verneombod eller arbeidsmiljøutvalet. Om problema ikkje vert løyst på annan måte, kan du kontakte oss i Arbeidstilsynet, avsluttar Gunn Robstad Andersen.

Temperaturar på arbeidsplassen

  • Arbeidstilsynet anbefaler å unngå temperaturar under 19 °C ved lett fysisk innearbeid i periodar med behov for oppvarming.
  • Ved fysisk tungt arbeid kan ein senke temperaturen meir. Arbeidstilsynet anbefaler minimum 16 °C for middels tungt arbeid og minimum 10 °C ved tungt fysisk arbeid.
  • I vintersesongen er luftfukta lågare enn om sommaren. I periodar med behov for oppvarming anbefaler vi derfor å halde temperaturen under 22 grader for å unngå plager med tørr luft.
  • Ver oppmerksam på at trekk og kalde vindaugsflater kan påverke den opplevde temperaturen.

Les meir

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

SNAKK SAMAN: Leiar og tilsette bør ha god dialog før temperaturen på arbeidsplassen blir endra, oppfordrar Arbeidstilsynet. FOTO: Arbeidstilsynet
SNAKK SAMAN: Leiar og tilsette bør ha god dialog før temperaturen på arbeidsplassen blir endra, oppfordrar Arbeidstilsynet. FOTO: Arbeidstilsynet
Last ned bilde
SATS PÅ MEDVERKNAD: – På gode arbeidsplassar har medarbeidarane reell medverknad på eiget arbeidsmiljø, seier Gunn Robstad Andersen.
SATS PÅ MEDVERKNAD: – På gode arbeidsplassar har medarbeidarane reell medverknad på eiget arbeidsmiljø, seier Gunn Robstad Andersen.
Last ned bilde

Om Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet
Arbeidstilsynet
Prinsens Gate 1
7013 Trondheim

73 19 97 00http://www.arbeidstilsynet.no

Arbeidstilsynet er en statlig etat, underlagt Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Etatens hovedoppgave er å føre tilsyn med at virksomhetene følger arbeidsmiljølovens krav.

Følg pressemeldinger fra Arbeidstilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Arbeidstilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Arbeidstilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye