Samferdselsdepartementet

Endringar i regelverket for drosjer: Eit betre drosjetilbod for kundane

Del

- Regjeringa ønsker eit betre drosjetilbod til passasjerar i heile landet. Folk forventar gode dør-til-dør-tenester, og vi må sjå moglegheitene som ligg i ny teknologi. Vi forslår difor no å endre drosjereguleringa, for å få ein drosjemarknad som fungerer betre enn i dag og som legg til rette for meir innovasjon og større valfridom for kundane. Dette er viktige skritt mot morgondagens mobilitet, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Foto: Kjell Brataas/SD
Foto: Kjell Brataas/SD

Konkurransen i drosjemarknaden fungerer for dårleg i dag.  Ny teknologi og endra reisevaner kan endre folk sin bruk av drosjer vesentleg i åra som kjem. I tillegg opplev drosjenæringa auka konkurranse gjennom delingsøkonomiens intraden.

Nye aktørar som ser nye måtar å tilby drosjetenester på kan få legale måtar å ta opp konkurransen på. Dette skuldast i stor grad at ein fjernar fylkeskommunane sin heimel for å sette ei øvre grense for kor mange løyver til å køyre drosjer det kan vere i fylket, såkalla behovsprøving. Ved å fjerne denne hindringa legg regjeringa til rette for at nye aktørar kan etablere seg i marknaden, fordi det no blir lettare å få tildelt nye løyver.

Andre endringar i regelverket er at drosjene ikkje lenger treng å vere knytt til ein drosjesentral, at det er færre krav til løyvehavar, men fleire krav til sjåføren. Eksempelvis må det gjennomførast opplæring i førstehjelp for sjåfør og prøva vil vere på norsk.

- Vi ønsker større konkurranse for å gi passasjerar eit fleksibelt drosjetilbod. Dette er spesielt viktig i ei tid der omsetninga i drosjenæringa går nedover og nye bildelingstenester blir stadig meir populære. Med endringane vi no gjer, kan det kome nye forretningskonsept fordi bransjen kan organisere seg som dei sjølv vil og formidling av drosjetenester vil kunne skje ved hjelp av nye løysingar. Dette kan føre til betre, billegare og meir tilgjengelege tenester for passasjerane, seier samferdselsministeren.

Sikrar eit godt tilbod i distrikta

- Det skal vere eit godt drosjetilbod i heile landet. I 384 av landets 422 kommunar vil fylkeskommunane få høve til å dele ut einerett til eitt eller fleire selskap for å kjøre drosje, dersom dei ser behov for det. Slik blir det mogleg å sikre tilbodet der marknaden i seg sjølv ikkje gir eit godt nok tilbod. Med dette sikrar vi eit framleis godt drosjetilbod i heile landet, seier Dale.

Einerettane vil fylkeskommunane få ansvar for. Fylkeskommunane kan velje å sette krav til eksempelvis pris, og at drosjene skal vere tilgjengelege heile døgnet for å sikre eit fullverdig tilbod. Einerettane vil gjelde inntil fem år. Det er lenge nok til at drosjeselskapa får etablert eit godt og stabilt tilbod.

Ei trygg reise med norske vilkår

- Det skal vere trygt å ta drosje. Alle som skal drive med drosje treng fortsatt løyve og må vere registrert som eit norsk føretak. Dei må med andre ord følge norske lovar og reglar. Medan det blir færre krav til løyvehavar, blir det fleire krav til sjåføren. På den måten sikrar vi at det faktisk er den som køyrer som har den nødvendige kompetansen. I tillegg ønsker vi å loggføre alle drosjeturar. Det bidreg til tryggleiken, seier samferdselsministeren.

Det nye regelverket skal sikre ei seriøs og trygg drosjenæring for både passasjerane og sjåførane. Alle som ønskjer å drive drosjeverksemd må oppfylle krav til mellom anna god vandel, registrering av føretaket i Brønnøysundregisteret og må kunne dokumentere at ein ikkje har uteståande krav på skatt og avgifter eller er under konkursbehandling.

Det blir òg strengare krav til bilførarane ved å innføre eit fagkompetansekrav for sjåførar som vil køyre drosje. Det vil framleis vere krav til sikkerheit for køyretøyet. At bilen må vere registrert som drosje vil framleis gjelde, og vil omfatte køyretøy som blir nytta til drosjetransport på både heiltid og deltid. Bilar nytta som drosje må til EU-kontroll ein gang i året.

Det er framleis krav om taksameter. Det er eit viktig instrument for å sikre at alle som driv med drosje betalar skatt. Regjeringa fekk nylig ein rapport frå Justervesenet som ser på alternativ til taksameter. Det må vere ny teknologi som varetek oppgåva som taksameter gjer i dag. Rapporten er til vurdering i Samferdselsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet.

Gjeld frå 2020

Regjeringa har foreslått at endringane skal tre i kraft 1. juli 2020. Dette er eit halvt år seinare enn først foreslått.

- Her har vi høyrt på innspela vi har motteke. Vi utset starttidspunktet for endringane. Da får bransjen, fylkeskommunane og andre aktørar meir tid til å gjere seg klare for ein ny kvardag, seier samferdselsministeren.

Les meir:

Spørsmål og svar om endringane

Prop. 70 L (2018-2019) Endringer i yrkestransportlova (oppheving av behovsprøvingen for drosje mv.)

Nøkkelord

Bilder

Foto: Kjell Brataas/SD
Foto: Kjell Brataas/SD
Last ned bilde

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for post- og televirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

Regjeringa skjerpar krava til tunge køyretøy15.10.2019 11:35:15 CESTPressemelding

– Fjorårets vinter var prega av alvorlege ulukker og fastkøyringar. Difor innfører vi no strengare krav til vinterdekk for tunge køyretøy, samt auka gebyrsatsar for brot på krava til vinterutrusting. Samstundes styrkjer vi kontrollverksemda i Statens vegvesen med 20 millionar kroner, slik at vi får enda fleire kontrollar i vinterperioden. Dette er viktige tiltak i arbeidet for auka tryggleik og framkome på norske vintervegar. Farlege vogntog skal bort frå norske vinterveger, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Ingrid Dahl Hovland blir ny vegdirektør11.10.2019 11:45:00 CESTPressemelding

- Statens vegvesen har et viktig samfunnsoppdrag i samferdselssektoren. Etaten har tunge oppgaver innenfor utbygging, drift- og vedlikehold av vei, trafikksikkerhet, trafikant og kjøretøy og langtidsplanlegging. Med Ingrid Dahl Hovland får vi en svært dyktig og meget kompetent vegdirektør med tung ledererfaring fra bransjen. Jeg er glad for at hun har takket ja til denne viktige jobben og er klar til å starte om kort tid, sier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Samferdselsbudsjettet 2020: Full fart i bygging av veg og bane7.10.2019 10:01:00 CESTPressemelding

– Regjeringa vil fortsette å bygge landet og skape eit berekraftig velferdssamfunn. Det krev ein moderne infrastruktur med effektive og sikre transportløysingar. Vi held fram med å satse på samferdsel, og bidreg med det til ein enklare kvardag for folk flest, ei styrking av næringslivets konkurransekraft og utvida bu- og arbeidsregionar. Regjeringa foreslår å løyve 75,4 milliardar kroner til samferdsel i 2020. Det er ein auke på over 80 prosent sidan 2013.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom