Endringane i hamne- og farvasslova får konsekvensar for kommunene
28.1.2020 11:08:50 CET | Kystverket | Pressemelding

Ved årsskiftet trådde den nye hamne- og farvasslova i kraft, med endringar som har konsekvensar for kystkommuner.
– Endringane i lova påverkar kommunene og deira saksbehandling. Mellom anna er det endringar i regelverket om hamnekapital, ansvar for framkome og reguleringa av ferdselen i kommuna sitt sjøområde. Til dømes er ordninga med ordensføreskrifter fjerna, forklarar Arset.
Dei største endringane for kommunene er i grove trekk desse:
- Det er gitt ein særskild heimel som gir kommunene myndigheit til å mellom anna regulere ankring, bruk av taubåt og dykking i eige sjøområde. Føreskrifter om ankring skal godkjennast av Kystverket.
- Ansvaret og myndigheita for navigasjonsinnretningar, samt ansvar for utbetringar i farvatnet, er i sin heilskap lagt til staten.
- Departementet er gitt myndigheit til å regulere ferdsel i farvatnet. Kommunene er gitt myndigheit til å regulere ferdsel med fritidsfartøy i eige sjøområde.
- Anløpsavgifta vert vidareført under nemninga farvassavgift.
- Eigarkommunen kan på visse vilkår ta ut verdiar frå hamneverksemda.
- Kommunen er gitt høve til mellombels å avgrense oppholdet til fartøy i hamna når dette er naudsynt for å unngå eller avgrense lokal luftforureining.
- Det er fastsett ein heimel for å kunne stille krav til drift av hamna for å ta i vare hensynet til miljø og sikkerheit.
– Vi ser eit stort behov for informasjon om endringane i lova. Det er veldig viktig at kystkommunene og deira saksbehandlarar er klar over kva konsekvensar det har for dei. I vinter inviterer vi derfor til regionale informasjonsmøter om den nye hamne- og farvasslova. Vi oppmodar alle kystkommuner og andre interesserte om å melde seg på og vere med på desse, seier kystdirektøren.
Følgande informasjonsmøter gjenstår:
4. februar – Ålesund - Quality Hotel Waterfront
5. februar – Vadsø - Scandic hotell
12. februar – Haugesund - Scandic Maritim Hotell
27. februar – Alta - Scandic hotell
10. mars – Svolvær - Svinøya Rorbuer, Galleri Berg
11. mars – Bodø - Radisson Blu
18. mars –Tromsø - Scandic Ishavshotellet
Ytterlegare informasjon om lova og påmelding til informasjonsmøta finn ein på Kystverket sine nettsider.
Faktaboks:
Ny hamne- og farvasslov
Den nye hamne- og farvasslova vart vedtatt 21. juni 2019 og gjeld frå 1. januar i år. Lova består av ein farvassdel og ein hamnedel, og erstattar hamne- og farvasslova frå 2009 og loslova frå 2014.
Den nye hamne- og farvasslova støttar oppunder måla for transportpolitikken, mellom anna å fremje sjøtransport som transportform og å legge til rette for effektiv, sikker og miljøvenleg drift av hamner og bruk av farvatnet. Lova skal også ta i vare nasjonale forsvars- og beredskapsinteresser.
Bilder

Lenker
Om Kystverket
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ein bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Nærings- og fiskeridepartementet.
Følg pressemeldinger fra Kystverket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kystverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Kystverket
No startar rivingsarbeidet for Stad skipstunnel1.10.2026 07:18:07 CEST | Pressemelding
Kystverket har inngått kontrakt med AF Decom AS om riving av 18 bygningar i og ved anleggsområda for Stad skipstunnel. Arbeidet skal starte i midten av oktober og vere ferdig innan utgangen av året.
208 millioner til havneprosjekter som styrker sjøtransporten22.9.2026 14:36:50 CEST | Pressemelding
Kystverket har gitt tilsagn til 11 nye prosjekter gjennom den statlige tilskuddsordningen for effektive og miljøvennlige havner. Tilsagnene er på til sammen 208 millioner kroner, mens prosjektene innebærer investeringer samlet sett for 492 millioner kroner.
Nå starter utbyggingen av Kjøllefjord fiskerihavn – inviterer til folkemøte8.9.2026 09:35:21 CEST | Pressemelding
Kystverket og NCC Norge AS gjør seg nå klare for oppstart av utbyggingen av Kjøllefjord fiskerihavn. Prosjektet skal gi en tryggere og mer funksjonell havn, med bedre beskyttelse mot bølger, økt dybde og bedre forhold for fiskeflåten. I forbindelse med oppstarten inviterer Kystverket til folkemøte 16. september.
Status 2026: Hele Norge eksporterer – hva ble virkningene for sjøtransporten?18.8.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Norsk fastlandseksport øker i verdi, men transportstatistikken tyder på at mye av veksten kommer fra råvarer med lav bearbeidingsgrad. Dette kan tyde på en todelt utfordring hvor en både har lavere verdiskaping enn ønskelig, og samtidig må håndtere grønn omstilling av en økende sjøtransport. I denne artikkelen undersøker vi om utviklingen i transportmarkedet gjenspeiler norsk næringspolitikk. Dette gjør vi ved å se på utviklingen i fastlandseksporten i utenrikshandelen innen ulike vareslag.
Signerte kontrakten for byggingen av Stad skipstunnel17.8.2026 12:49:07 CEST | Pressemelding
Kystverket og AF Gruppen har i dag signert kontrakten om bygging av Stad skipstunnel. Tunellarbeidet er planlagt å starte tidlig i 2027.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
