Medietilsynet

Elleve nye aviser har søkt om mediestøtte

Del
Elleve nye aviser har i år søkt om produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium. Blant dei nye søkarane er Computerworld, Medier24 og fleire lokale nettaviser. Både Dagbladet Pluss og Nett.no har søkt på nytt. – Kven som får støtte, og kor mykje, blir først klart til hausten, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.
I alt 161 aviser har søkt om produksjonstilskott i år. Foto Medietilsynet
I alt 161 aviser har søkt om produksjonstilskott i år. Foto Medietilsynet

Produksjonstilskottet er den største mediestøtteordninga, og i år har i alt 161 aviser søkt om støtte. Ordninga er meint for medium i marknader som er for små til å vere berekraftige, og for medium som er eit alternativ til dei leiande media i større marknader. Produksjonstilskottet skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet. Støtteordninga er plattformnøytral og likestiller papir- og nettaviser.

I 2020 skal totalt 358 millionar kroner fordelast mellom lokalaviser, vekeaviser og nasjonale nisjeaviser (alternativ til dei leiande nasjonale dagsavisene). Av dei 150 avisene som fekk støtte i fjor, fekk Klassekampen mest støtte, følgd av Bergensavisen, Vårt Land og Dagsavisen.

Dagbladet Pluss og Nett.no søker igjen

Av dei 161 avisene som har søkt om støtte, er det elleve aviser som ikkje får støtte i dag. Dagbladet Pluss og Nett.no, som fekk avslag på søknaden om støtte i fjor, har begge søkt på nytt. Dei to publikasjonane klaga på vedtaket i Medietilsynet, og klagene er for tida til behandling i Medieklagenemnda. Blant dei nye søkarane er det elles både digitale, lokale aviser og nisjepublikasjonar, som Computerworld og Medier24.

For å kunne få produksjonstilskot må avisa oppfylle ei rekke kriterium. Publikasjonen må blant anna ha som hovudformål å formidle nyheiter, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt til allmenta, i tillegg til å ha eit breitt tilbod av nyheits-, aktualitets- og debattstoff frå ulike samfunnsområde.

Kven som får støtte, blir avklart til hausten

– Medietilsynet skal no vurdere kvar enkelt søkar grundig opp mot dei ulike kriteria for å sjå om publikasjonen er kvalifisert til å få støtte, seier Velsand.

Dersom Medietilsynet vurderer at søkaren fyller krava elles, blir det gjort ein innhaldsanalyse for å undersøke om krava til innhald er oppfylte. Kva for aviser som får støtte, og kor mykje kvar enkelt avis får, blir først klart til hausten etter at Medietilsynet har behandla alle søknadene, og når Kulturdepartementet har fastsett tilskottsbeløp og tilskottssatsar.

Her er dei nye søkarane

Søkar

Nedslagsfelt og eigar

Computerworld

Blad som skriv om den norske it-sektoren, på nett og papir. Eigd av dei tilsette.

Porten.no

Digital regionavis for Indre og Ytre Sogn. Eigd av det lokale breibands- og kabel-tv-selskapet Årdalsnett AS.

Nett.no

Nettavis som dekker nærings- og samfunnslivet i 23 kommunar i Nordfjord og på Sunnmøre. Eigd av Bakkar og Berg Media.

Dagbladet Pluss

Eit digitalt abonnementsprodukt frå Dagbladet. Eigd av Aller Media.

Bodø Nu

Lokal nettavis som dekker Bodø i Nordland. Kjøpt opp av Amedia rett før nyttår.

Rana No

Lokal nettavis som dekker Nord-Helgeland. Kjøpt opp av Amedia rett før nyttår.

Vefsn No

Lokal nettavis som dekker Vefsn kommune på Helgeland. Kjøpt opp av Amedia rett før nyttår.

Medier24

Nettavis som skriv om medium, journalistikk og kommunikasjon. Redaktør Erik Waatland er største eigaren med 80 prosent eigardel.

Trav365

Nettavis som skriv hovudsakeleg om hest. Eigd av fleire enkeltpersonar.

Karmøynytt

Lokal nettavis som dekker Karmøy kommune. Eigd av Norvegen Media AS.

Stord24

Lokal nettavis som dekker Stord kommune i Vestland fylke. Redaktør Jonas Sætre er største aksjonæren med 50 prosent eigardel, mens Schibsted eig 33 prosent.

Sjå liste over alle avisene som har søkt om produksjonstilskott for 2020 her.

Les meir om produksjonstilskottet her.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

I alt 161 aviser har søkt om produksjonstilskott i år. Foto Medietilsynet
I alt 161 aviser har søkt om produksjonstilskott i år. Foto Medietilsynet
Last ned bilde

Om Medietilsynet

Medietilsynet
Medietilsynet
Nygata 4
1607 Fredrikstad

69 30 12 00http://www.medietilsynet.no

Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Medietilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Medietilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye