Medietilsynet

Elleve medium må betale tilbake koronastøtte etter kontroll i Medietilsynet

Del
I ein kontroll av 32 støttemottakarar fann Medietilsynet at elleve mottakarar hadde fått feil i støtte. Dei må no betale tilbake 1,55 millionar kroner. – At det er ein relativt beskjeden sum som må betalast tilbake, vitnar om at dei fleste media har fått tilnærma rett beløp, seier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.
Målet med koronastøtta var å bidra til at medium i størst mogleg grad kunne halde oppe den redaksjonelle verksemda under korona-krisa i fjor. Foto Medietilsynet
Målet med koronastøtta var å bidra til at medium i størst mogleg grad kunne halde oppe den redaksjonelle verksemda under korona-krisa i fjor. Foto Medietilsynet

Våren 2020 bevilga Stortinget 300 millionar kroner som skulle kompensere medium som var blitt ramma av korona-krisa. Målet var å bidra til at desse media i størst mogleg grad kunne halde oppe den redaksjonelle verksemda.

Dersom media oppfylte kriteria, kunne dei få kompensasjon for inntil 60 prosent av inntektsbortfallet i perioden frå 15. mars til 30. juni 2020 med maksimalt 15 millionar kroner til kvart selskap. Totalt blei nesten 92 millionar kroner betalte ut til media i første tildeling hausten 2020. Etter at fem aktørar frivillig betalte tilbake 15,7 millionar kroner og fire aktørar fekk betalt 1,4 millionar kroner meir etter omgjering av vedtak, fekk media til slutt tildelt 77,6 millionar kroner.

Vilkår for å få kompensasjon må vere til stades

Det var 169 aktørar og 201 medium som søkte, og opphavleg blei det innvilga 108 søknader for 132 medium. Medietilsynet har i etterkant av utbetalinga gjennomført ein stikkprøvekontroll av selskapa som fekk støtte. Tilsynet ønskte å kontrollere at vilkåra for å få kompensasjon var til stades, og i tillegg avdekke om det var betalt ut for mykje kompensasjon.

– Vi valde ut omtrent ein tredel av dei som fekk støtte, det vil seie 32 støttemottakarar, for ein stikkprøve. Kontrollen resulterte i at elleve mottakarar må betale tilbake totalt 1,55 millionar kroner, seier Sekkelsten.

Aktør (AS)

Medium

For mykje tildelt kompensasjon

Endeleg tildelt kompensasjon

Zine travel

Magasinet Reiselyst

459 813

0

Norsk fiskerinæring

Norsk Fiskerinæring

247 709

0

Bladet Sunnhordland

Mediehuset Sunnhordland

178 624

921 385

Fri flyt

Magasinene Fri Flyt, Klatring, Terrengsykkel, Ute og Landevei med tilhørende nettsider

172 962

736 756

Alvdal midt i væla

Alvdal Midt i Væla og Tynsetingen

136 415

130 172

Norsk maritimt forlag

Båtmagasinet og Seilmagasinet

128 215

1 329 463

Aperitif

Bladet Aperitif og nettsiden Aperitif.no

125 837

271 565

Dagens næringsliv

Dagens Næringsliv

41 275

907 721

Hammerfestingen

Hammerfestingen

36 888

487 939

Good game

Gamer.no

22 117

60 885

Nemitek

Magasinene Rørfag, Norsk VVS, Maleren, Norsk Energi, Byggedrifteren og Kulde med tilhørende nettsider

391

755 278

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Målet med koronastøtta var å bidra til at medium i størst mogleg grad kunne halde oppe den redaksjonelle verksemda under korona-krisa i fjor. Foto Medietilsynet
Målet med koronastøtta var å bidra til at medium i størst mogleg grad kunne halde oppe den redaksjonelle verksemda under korona-krisa i fjor. Foto Medietilsynet
Last ned bilde

Om Medietilsynet

Medietilsynet
Medietilsynet
Nygata 4
1607 Fredrikstad

69 30 12 00http://www.medietilsynet.no

Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Medietilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Medietilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye