Nærings- og fiskeridepartementet

Einige om makrellavtale for 2020

Del
Noreg, EU og Færøyane har i dag inngått ein avtale om ein totalkvote på 922 064 tonn makrell for 2020. Dette er i tråd med det internasjonale havforskingsrådet ICES si tilråding.

- Eg er glad for at dei tre kyststatane er einige om ein kvote for 2020, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.

Rådgivinga for 2020 legg til rette for ein gledeleg oppgang i kvoten frå 2019, som var på 653 438 tonn. Dette må sjåast i samanheng med at dei tre avtalepartane heldt igjen fastsettinga av kvoten for 2019. Det bidrog til redusert uttak og betra situasjon for makrellbestanden. Det har også betydning at ICES sin gjennomgang av makrellrådgivinga har redusert uvissa og dermed styrkt grunnlaget for rådet.

Totalkvoten blir fordelt i henhald til rammeavtalen frå 2014. Dette gir ein kvote på 207 551 tonn til Noreg, 116 188 tonn til Færøyane og 454 482 tonn til EU. Dei tre kyststatane har i rammeavtalen også sett av ein del tilsvarande 15,6 prosent av totalkvoten til andre kyststatar og andre statar som fiskar makrell i internasjonalt farvatn.

Den avtalte norske kvota var til samanlikning på 147 085 tonn i 2019. Endeleg kvote for norske fartøy vil først vere klar når fisket i år er ferdig, og det er klart om det vert overføringar fra 2019 til 2020.

Les avtale her: https://www.regjeringen.no/contentassets/228f10ce51f049518aaff74b742782c7/makrellavtale.pdf

Kontakter

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye