Samferdselsdepartementet

E6 nord for Gardermoen har fått nytt dekke

Del

- Å betre vegane i Noreg består av mange ulike former for arbeid. På E6 nord for Gardermoen er no det gamle betongdekket bytta ut med asfalt. I tillegg er utskiftinga ferdig seks veker før tida og 30 prosent rimelegare enn anteke. Det er gode nyhende for bilistane, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

33 000 tonn med betong er fjerna og bytt ut med asfalt. Arbeidet er klart seks veker før tida, og blei 30 prosent rimelegare. Frå venstre: Regiondirektør John Landdin i Peab, prosjektleder Åge Brudseth, vegdirektør Ingrid Dahl Hovland, byggeleder Jens Ivar Fjellhaug, prosjektleder i Peab Torfinn Dahl, statssekretær John-Ragnar Aarset og leder i transportselskapet Nortransport Per Jørgen Melnes. Foto: Per Kollstad/Statens vegvesen

Tidleg måndag morgon gjenopna E6 nord for Gardermoen. Statssekretær John-Ragnar Aarset (H) deltok frå politisk leiing i Samferdselsdepartementet.

Denne hausten opnar mange kilometer med nybygd veg over heile Noreg. Samstundes arbeidar Statens vegvesen med ei rekke mindre utbetrings- og vedlikehaldsprosjekt.

- Det er viktig å sjå heilskapen i det vi gjer på norske vegar. Det er ikkje alltid slik at ny veg er løysinga. Utbetringar, fornyingar og vedlikehaldsarbeid er vel så viktig mange stader, seier samferdselsministeren.

Fjerna 33 000 tonn betong

På E6 nord for Gardermoen har betongelementa lagt sidan 1989. Dei er no bytta ut med vanleg asfalt.

- Eg trur mange har syntest den jernbaneliknande dunkinga om stunder har vore litt irriterande. Dette er et godt døme på korleis utbetring av eksisterande veg kan følast som å få ein ny veg. Eg gler meg til å ta han i bruk, seier Hareide.

Peab har gjennomført arbeidet og har fjerna 33 000 tonn betong. Prosjektet skulle koste 202 millionar kroner, men endar opp 60 millionar kroner billegare.

Sjå pressemelding frå Statens vegvesen òg.

Nøkkelord

Bilder

33 000 tonn med betong er fjerna og bytt ut med asfalt. Arbeidet er klart seks veker før tida, og blei 30 prosent rimelegare. Frå venstre: Regiondirektør John Landdin i Peab, prosjektleder Åge Brudseth, vegdirektør Ingrid Dahl Hovland, byggeleder Jens Ivar Fjellhaug, prosjektleder i Peab Torfinn Dahl, statssekretær John-Ragnar Aarset og leder i transportselskapet Nortransport Per Jørgen Melnes. Foto: Per Kollstad/Statens vegvesen
33 000 tonn med betong er fjerna og bytt ut med asfalt. Arbeidet er klart seks veker før tida, og blei 30 prosent rimelegare. Frå venstre: Regiondirektør John Landdin i Peab, prosjektleder Åge Brudseth, vegdirektør Ingrid Dahl Hovland, byggeleder Jens Ivar Fjellhaug, prosjektleder i Peab Torfinn Dahl, statssekretær John-Ragnar Aarset og leder i transportselskapet Nortransport Per Jørgen Melnes. Foto: Per Kollstad/Statens vegvesen
Last ned bilde

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

Regjeringen vil øke bevilgningen til flyrutekjøp med 1000 millioner kroner10.11.2020 11:45:00 CETPressemelding

– Luftfarten er fortsatt i en vanskelig situasjon som følge av pandemien. Dette medfører at det også i 2021 kan være behov for økt flyrutekjøp og støtte til de ordinære kjøpsrutene. Det er viktig å sikre et godt flyrutetilbud i hele landet også til neste år, derfor foreslår vi å øke bevilgningen til flyrutekjøp utover det vi har foreslått i statsbudsjettet for 2021, sier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom