Statens vegvesen

E39 Kryssing av Bømlafjorden – sei di meining!

Del
Statens vegvesen inviterer til innspelsverkstad på Stord hotell torsdag 25. august kl. 10 til 16. Dette er den beste moglegheita til å bidra med synspunkt og forslag til løysing.

Statens vegvesen har fått i oppdrag av Samferdselsdepartementet å utarbeide ei konseptvalutgreiing (KVU) for E39 Kryssing av Bømlafjorden. Denne skal etter planen vere ferdig tidleg i 2024. I den forbindelse arrangerer Statens vegvesen KVU-verkstad komande veke.
– Vi ynskjer å avdekke behova interessentane i området har, og få deltakaranes forslag til kryssinga av Bømlafjorden mellom Sveio og Stord. I etterkant av verkstaden vurderer vi kva slags løysingar som er praktisk og teknisk moglege, samtidig som vi og bereknar kostnadar og påverknaden dei ulike forslaga har på klima, miljø og omgjevnadane elles. I tillegg er samfunnsnytten av prosjektet eit viktig moment for kva konkret alternativ som til slutt vert tilrådd, seier prosjektleiar Ole-Mathias Nes i Statens vegvesen.

Nes understrekar at det er viktig å få fram både synspunkt og kunnskap næringslivet, politikarar, interesseorganisasjonar, bransjeforeiningar, offentlege myndigheiter og transportetatane med fleire sit inne med.
– Dei som nyttar vegen og området har ofte viktig kunnskap og erfaringar som vi treng i det vidare utgreiingsarbeidet.

KVU-verkstad for E39 Kryssing av Bømlafjorden:

Stad: Stord Hotell
Dag: Torsdag 25. august
Tid: kl. 10:00-16:00, r
egistrering frå kl. 09:30

Påmelding til anne.siv.liljedahl@vegvesen.no, e-post merka med KVU E39 Kryssing av Bømlafjorden.
Påmeldingsfrist: 18. august,

Kontakter

Bilder

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

22 07 30 00http://www.vegvesen.no

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye