E39 Knarvik blir endå meir miljøvennleg
1.11.2021 09:36:00 CET | Statens vegvesen | Pressemelding

– Det grønne skiftet er viktig for oss i Statens vegvesen. Derfor ligg det inne miljøinsentiv i alle våre nye kontraktar, seier byggeleiar Allan Emil Nyheim i Statens vegvesen.
Positivt for lokalbefolkninga
Hovudentreprenør på oval rundkøyring-prosjektet i Knarvik er Vassbakk & Stol AS.
Karmøy-firmaet er underlagd strenge krav til avfallssortering, og hadde sorteringsverk i starten av anleggsarbeidet.
– Her sorterte vi stein ut frå blanda massar, både reine og forureina. Dette gjorde at store delar av massane kunne gjenbrukast på anlegget. Dette reduserte også mengden ny stein som måtte fraktast inn, seier anleggsleiar Glenn Minde i Vassbakk & Stol.
Dette er positivt både for økonomien og miljøaspektet i prosjektet, og ikkje minst for lokalbefolkninga i Knarvik – i form av mindre anleggstrafikk.
– Vi har full forståing for at vegarbeid kan vera krevjande for dei som vert råka i det daglege. Difor gjer alt vi heile tida alt vi kan for å minimera ulempene for dei, supplerer Nyheim.
Ryddar opp i gamle synder
Grønt skal det bli også når det nye veganlegget er ferdig. Trafikkøya i rundkøyringa skal bli beplanta slik at køyreopplevinga for dei mange bilistane i området vert betre på fleire måtar.
Alt dette høyrer med til den planlagde grønne profilen på anlegget. I tillegg dukka det opp noko anna som gjer prosjektet dyrare, men som også gjer Knarvik både reinare og grønnare.
Du kan godt seia at vi ryddar opp i gamle synder. For det viste seg at det absolutt ikkje var reint nede i bakken, seier Nyheim.
– Vi grov opp mellom anna to gamle lastebilar, ein personbil, i tillegg til oljefast, bildekk og anna søppel. Med alt dette vekke, vert det det heilt klart reinare på Knarvik. Det vart ein ekstrakostand i prosjektet å grava opp og alt dette og køyra det på godkjent mottak, men ein kan kanskje seia at dette er mellom det bompengane i prosjektet går til, legg han til.
Tidlegare har mykje overvatn frå E39 runne ned i Kvassnesstemma. No vert dette vatnet leia vekk frå det populære friluftsrområdet og rett ned i Osterfjorden.
To års anleggsarbeid
Anleggsarbeidet i Knarvik starta i mars i år, og skal etter planen vera ferdig i mars 2023.
I tillegg til ny rundkøyring skal det byggast fortau og gang/ sykkelveg, ny undergang for mjuke trafikantar ved Stallane, og det blir ny kommunal veg fra rundkøyring til Knarvik senter og Kvernhushaugane.
Med i prosjektet er også omfattende leidningsarbeid for Alver kommune, i tillegg til kabelarbeid.
Hovudentreprenør er Karmøy-firmaet Vassbakk & Stol, og kontrakten har ein verdi på 70,5 millionar pluss moms.
Prosjektet E39 Knarvik sentrum er eitt av prosjekta i bompengepakken Nordhordlandspakken.
Finansieringsplan for Nordhordlandspakken omfattar statlige midlar, fylkeskommunale midlar og bompengar. Nordhordlandspakken er vedtatt i ein eigen stortingsproposisjon – Prop. 164 S (2016-2017).
Bompengeinnkrevinga starta desember 2019, og skal etter planen vera ferdig i 2031.
Nøkkelord
Kontakter
Allan Emil NyheimByggeleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:47246024allan.emil.nyheim@vegvesen.noBilder


Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
E39 i Jølster blir nattestengd30.10.2026 15:39:49 CET | Pressemelding
E39 blir stengd ved Sårheim natt til tysdag og ved Løset natt til onsdag. Begge nettene er vegen heilt stengd frå kl. 23.00 til 06.00 med gjennomslipp av trafikk kl. 03.00.
Sikringsarbeid langs E14 ved Hårkallen30.10.2026 14:06:14 CET | Pressemelding
Tirsdag 3. november starter Statens vegvesen sikringsarbeid langs E14 ved Hårkallen i Trøndelag. Vegen vil være åpen, men det blir lysregulering forbi anleggsområdet.
Lyser ut stort rassikringsprosjekt på E45 i Alta29.10.2026 09:06:58 CET | Pressemelding
Bygging av 4,2 kilometer tunnel og 2,2 kilometer veg i dagen på E45 Kløfta, er den største vegkontrakten Statens vegvesen lyser ut i 2026.
Forventer ekstra lange og saktegående køer ut av Oslo28.10.2026 10:46:40 CET | Pressemelding
Kommende helg blir både E18 snevret inn og Granfosstunnelen stengt for trafikk i retning Kristiansand. Statens vegvesen oppfordrer til å la bilen stå.
Farlige kryssinger og høy fart ved anlegget i Iseveien27.10.2026 13:00:00 CET | Pressemelding
Statens vegvesen og Isachsen Anlegg AS har registrert farlige situasjoner i trafikken forbi anleggsområdet for prosjektet Rv. 22 Hafslund-Dondern.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
