NRK

Dyveke Buanes blir distriktsredaktør i NRK Vestland

Del
Dyveke Buanes blir distriktsredaktør i nye NRK Vestland når NRK Sogn og Fjordane og NRK Hordaland slår seg saman frå 1. januar.
Dyveke Buanes. Foto: NRK
Dyveke Buanes. Foto: NRK

Ho har vore distriktsredaktør i NRK Hordaland sidan 2017. 

- Eg er stolt og glad over å få å leie det nye distriktskontoret og har stor tru på at vi kan få til noko veldig bra i fellesskap. Med meir samarbeid på tvers av dei gamle fylkesgrensene kan vi byggja sterke fagnettverk og oftare setje dagsorden med journalistikken vår, seier Buanes.  

For å styrkje den fordjupande journalistikken i Vestlandvert noverande distriktsredaktør i NRK Sogn og FjordaneTerje Gilleshammer, redaksjonssjef for fordjuping og samarbeid ved det nye distriktskontoret. 

- Det er avgjerande at vi har miljø som kan levere kvalitetsjournalistikk også utanfor Oslo. Eg ser fram til å jobbe tett saman med dei flinke journalistane våre med å få fram fleire store prosjekt frå heile Vestland, seier Gilleshammer.  

NRK endrar distriktskontorstrukturen i heile landeti lys av ny fylkesinndeling frå 1. januar. Redaksjonane i Førde, Bergen, Sogndal, Odda, Nordfjordeid og Stord blir vidareført som i dag.  

Tilbodet til publikum i Vestland vert slik:  

  • Separate radiosendingar frå Førde og Bergen som i dag, men det blir samsendingar når det er naturleg. 
  • Vestlandsrevyen held fram som i dag, men hovudsendinga får frå nyttår ny sendetid rett etter Dagsrevyen, kl. 19.45. 
  • I løpet av januar vert det lokale nett-tilbodet samla på nrk.no/vestland.  

NRK Vestland skal fortelje viktige historier frå vestlandsk kvardag som engasjerer flest mogleg, både i det nye fylket og i resten av landet.Distriktskontoret skal styrke mediemangfaldet, nynorsken, demokratiet og den offentlege samtalen i det nye felleskapetvi får frå nyttår. 

- Eggler meg verkeleg til å sjå dette teamet sette visjonane for NRK Vestlandut i livet. Dyveke som ein ambisiøs, nytenkande og målretta redaktør, og Terje som med sidrivande kraft og faglege tyngde skal forme ei fordjupande satsing som kjem til å setje spor. Kvar for seg og saman kjem dei til å vere ei skikkeleg god samlande kraft for det nye kontoret, seier fungerande regionredaktør Rune Møklebust.

Kontakter

Dyveke Buanes, tel 97144624
Terje Gilleshammer, tel 95709412
Rune Møklebust, tel 97585849

Bilder

Dyveke Buanes. Foto: NRK
Dyveke Buanes. Foto: NRK
Last ned bilde
Terje Gilleshammer. Foto: NRK
Terje Gilleshammer. Foto: NRK
Last ned bilde

Om NRK

NRK
NRK
Bjørnstjerne Bjørnsons plass 1
0340 Oslo

23 04 70 00http://www.nrk.no

NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. NRK er Norges offentlig eide allmennkringkaster med et bredt radio-, TV-, nett- og podkasttilbud, og ni av ti nordmenn bruker minst ett NRK-tilbud daglig. NRK har cirka 3300 ansatte fordelt på om lag 50 kontorer rundt om i landet.

Følg pressemeldinger fra NRK

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NRK på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra NRK

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye