Det er nesten ikkje bevart digitale arkiv frå privat sektor i Noreg

Privatarkiv er arkiv skapt av organisasjonar, bedrifter og privatpersonar. Dei blir bevarte gjennom frivillig overlevering til ein bevaringsinstitusjon. Privatarkiva har til no i hovudsak kome inn i fysisk form til bevaringsinstitusjonane, og vert lagra fysisk i arkivmagasin.
Dei digitalt skapte arkiva som dokumenterer organisasjonens historie dei siste 20-30 åra, har i svært liten grad blitt med på lasset.
Tal frå Arkivstatistikken 2020 viser at det ved utgangen av 2020 berre er bevart 454 digitale arkiv frå private aktørar i Noreg. Dei digitale arkiva kan innehalde alt frå nokre få foto, til heile bedriftsarkiv.
Det uroar riksarkivar Inga Bolstad.
– Frå 1980-talet og framover har vi bevart lite privatarkivmateriale. Digitalt skapte arkiv er noko bevaringsinstitusjonane har i svært avgrensa grad, og lite er systematisk bevart. Dette er urovekkande, seier Bolstad.
Bolstad meiner det kan vere mange årsaker til at dei digitalt skapte arkiva ikkje blir overleverte.
– Ofte er dei framleis i bruk, og ein tenkjer ikkje på at også desse arkiva må bevarast. Men digital informasjon er flyktig, og må fangast før den forvitrar, seier Bolstad.
Ho meiner både Arkivverket og dei lokale bevaringsinstitusjonane må jobbe annleis for å sikre dei digitalt skapte arkiva i privat sektor.
– Problemet med dei digital skapte privatarkiva er at arbeidet med bevaring må starte no. Det krev at vi arbeider på heilt nye måtar enn tidlegare med å sikre at viktig samfunnsdokumentasjon frå privat sektor blir bevart for ettertida. Heile arkivsektoren må sørge for er at det ikkje oppstår et svart hol i historia frå denne perioden. Vi treng eit felles løft for å få dette til, oppmodar Bolstad.
Arkivverket vil på sikt tilby sikker lagring av historiske data i Digitalarkivet. Det betyr at private verksemder, gjennom ein bevaringsinstitusjon, har moglegheit til å få lagra og formidla sine historiske data i Digitalarkivet.
– Arkivverkets mål er at flest mogleg privatarkiv i framtida blir tilgjengelege i Digitalarkivet, seier Bolstad.
Du kan lese heile Arkivstatistikken 2020 på våre nettsider.
Om statistikken:
Riksarkivaren har som oppgåve å hente inn årleg statistikk frå institusjonar som tek vare på historiske arkiv. Formålet er å få eit overordna bilete av situasjonen for arkiva i arkivbevarande institusjonar, og å måle endringar over tid. Arkivstatistikken 2020 omfattar svar frå 150 institusjonar, 28 arkivinstitusjonar, 70 museum og 52 bibliotek. Svarandelen var i år på 95 prosent.
Kontakter
Helen Daae FrøysethSeniorrådgiver
Kommunikasjon og formidling
Bilder


Om Arkivverket
Arkivverkets samfunnsoppdrag er å bidra til effektiv dokumentasjonsforvaltning og å sikre, bevare og tilgjengeliggjøre et bredt og allsidig utvalg av samfunnets arkiver. Som øverste arkivmyndighet har Arkivverket ansvar for faglige standarder og retningslinjer, tilsyn og veiledning med offentlig arkivarbeid. Arkivverket skal iverksette overordnet nasjonal politikk på arkivfeltet, og bidra til utvikling og styrking av arkivsektoren. Som bevaringsinstitusjon har Arkivverket ansvar for langtidslagring, tilgjengeliggjøring og formidling av statlige arkiver og prioriterte private arkiv.
Følg pressemeldinger fra Arkivverket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Arkivverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Arkivverket
Arkivverket blir Nasjonalarkivet18.12.2025 10:57:33 CET | Pressemelding
1. januar 2026 skiftar Arkivverket namn til Nasjonalarkivet. Namneendringa følgjer av ny arkivlov.
Norske utvandrarhistorier: No kan du søkje i amerikabreva15.12.2025 08:50:23 CET | Pressemelding
Korleis var det å starte eit nytt liv i Amerika? No kan du lese om opplevingane til dei norske utvandrarane med deira eigne ord.
Milliondryss til gode arkiv-idear: Her er dei 49 prosjekta som får årets arkivutviklingsmidlar12.12.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
– Med ny arkivlov på plass frå nyttår, er døra opna for meir nytenking. Det er spanande at fleire av dei som får utviklingsmidlar i år, har idear om meir effektive måtar å løyse viktige arkivoppgåver på, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Over 300 brudd på arkivloven i 2024 – nå kommer nytt regelverk23.9.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Viktig dokumentasjon blir ikke lagret, slettes og mugner. Arkivverket avdekket i 2024 en rekke alvorlige feil og mangler gjennom tilsyn hos 56 kommuner og statlige virksomheter. Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery varsler nytt regelverk fra nyttår.
Ny satsing på digitalisering av historiske arkiv22.9.2025 15:53:04 CEST | Pressemelding
Måndag 22. september opna kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery ei ny satsing på digitalisering av historiske arkiv på Tynset. Det markerer starten på ei stor opptrapping av Arkivverkets arbeid med å gjere arkiva i samfunnet tilgjengelege digitalt. Satsinga på digitalisering har vorte mogleg gjennom ei løyving på 20 millionar kroner i statsbudsjettet for 2025.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
