Miljødirektoratet

Desse kommunane vil ha Klimasats i 2022

Del
Miljødirektoratet har motteke 301 søknadar frå kommunar som vil kutte utslepp av klimagassar. Det er søkt om i overkant av 403 millionar kroner.
Halverer utslepp av klimagassar på anleggsområde i forhold til konvensjonell anleggsdrift: Asker kommune med Klimasats-prosjektet "Bruk av utslippsfrie gravemaskiner i Kirkeveien" fekk støtte til å bruke elektriske gravemaskinar til anleggsprosjektet Kirkeveien i Asker sentrum. F.v.: Kristine Iversby, Asker kommune, Jonas Tautra Vevatne, Asker kommune, Stein Hov, Norbetong, Tomas Wamstad, Kodyna AS. Foto: Christina Ek Reindal, Asker kommune

- Det er svært positivt å sjå at mange kommunar ynskjer støtte til å setje i gang klimatiltak. Kommunane speler ei viktig rolle som samfunnsutviklar og bidrar både til omstilling og utsleppskutt lokalt, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.

Klimatiltak innanfor bygg og byggeplassar, klimavenleg areal- og transportplanlegging, samt ulike sirkulære tiltak er populært i søkjarbunken.

Trykk her for å sjå Klimasats-søknadar for 2022

Klimasatsing i kommunar

Støtteordninga Klimasats er for kommunar og fylkeskommunar som vil redusere utslepp av klimagassar og bidra til omstilling i lågutsleppssamfunnet. Det er Miljødirektoratet som forvaltar støtteordninga.

- Klimasats bidreg til at lokalsamfunna løftar- og vidareutviklar klimaarbeidet. Det er viktig at kommunane og fylkeskommunane styrkar rolla som pådrivarar for klimaarbeid og legg til rette for samarbeid på klimaområdet mellom ulike aktørar, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Miljødirektoratet har støtta nesten 1600 prosjekt sidan ordninga starta i 2016. Klimasats har støtta kommunar som vil kutte utslepp med meir enn éin milliard kroner.

- Faktum er at vi lev i ei verd der Noreg og alle andre land skal til nesten null utslepp av klimagassar. Di fleire som bidreg aktivt, di raskare kjem vi dit. Kommunar og fylkeskommunar i Noreg har vist at dei kan gje store og viktige bidreg i dette arbeidet, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Det er i tillegg sett av 40 millionar kroner til å støtte hurtigbåtar i fylkeskommunale samband.

Alle fylke har søkt

Miljødirektoratet har i år motteke 301 søknadar. I søkjarbunken er det kome seks nye kommunenamn. Det er kommunane Hol i Viken, Grane, Røst og Værøy i Nordland, og Båtsfjord og Dyrøy i Troms og Finnmark.

Totalt har kommunane søkt om 403,7 millionar kroner.

Søknadane vert behandla fram mot sommaren. Miljødirektoratet gjev tilsegn fortløpande. Oversikt over alle kommunar som har fått støtte vil bli annonsert i juni.

Største søkesum frå Bergen og Bærum

Bergen kommune har åleine søkt om cirka 34 millionar kroner fordelt på 15 søknadar. Bærum kommune har òg søkt om 34 millionar kroner, men fordelt på fire søknadar.

Fylkesvis fordeling med samla søkesum og talet på søknadar til Klimasats for 2022

Med atterhald om eventuelle feil.

  • Agder: cirka 22 millionar kroner – 22 søknadar
  • Innlandet: cirka 24 millionar kroner – 26 søknadar
  • Møre og Romsdal: cirka 8 millionar kroner – 20 søknadar
  • Nordland: cirka 23 millionar kroner – 28 søknadar
  • Oslo: cirka 16 millionar kroner – 11 søknadar
  • Rogaland: cirka 66 millionar kroner - 36 søknadar
  • Troms og Finnmark: cirka 27 millionar kroner – 17 søknadar
  • Trøndelag: cirka 46 millionar kroner – 23 søknadar
  • Vestfold og Telemark: cirka 18 millionar kroner – 24 søknadar
  • Vestland: cirka 59 millionar kroner - 33 søknadar
  • Viken: cirka 90 millionar kroner – 58 søknader

Faktaboks: Dei 301 Klimasats-søknadane inneheld blant anna følgjande klimatiltak

  • Klimavenleg areal- og transportplanlegging
  • Systematisk arbeid med klimakrav i anskaffingar/innkjøp
  • Meirkostnadar for klimavenlege alternativ i anskaffingar
  • Utsleppsfrie og biogassdrivne maskinar og køyretøy
  • Klimavenlege bygg og anlegg
  • Kartlegge moglege klimatiltak i bygge- og anleggsarbeid
  • Mange typar transporttiltak
  • Forprosjekt for klimagassreduserande tiltak
  • Interkommunale klimanettverk

Kriterium for å få Klimasats-støtte

I utveljinga legg Miljødirektoratet vekt på potensialet for utsleppsreduksjonar, om tiltaka er innovative og ambisiøse, og om prosjekta har overføringsverdi til andre kommunar.

Det er i tillegg eit krav om at prosjekta må vere politisk forankra i kommunen, og at dei sjølv må bidra med eigeninnsats.

Fleire søknadsfristar i 2022

Søknadsfristen for dei fleste prosjekttypane var 15. februar 2022. For følgjande prosjekt er det òg mogleg å søkje innan 15. september:

  • Meirkostnadar for klimatiltak i konkrete anskaffingar
  • Kartlegging av moglege klimatiltak tidleg i bygg- og anleggsprosjekt

Meir kunnskap om utsleppskutt

Klimasats-prosjekta bidrar til meir enn utsleppskutt – dei fører òg til kunnskap som er nyttig og til inspirasjon for lokalsamfunna. Det er med på å styrke klimaarbeidet i kommunane.

Oversikt over alle prosjekt som har fått tilsegn, søknadar, rapportar og annan informasjon er tilgjengeleg på Miljødirektoratet sine nettsider.

Faktaboks: Fakta om Klimasats

  • Støtteordning for klimatiltak i kommunane, oppretta i 2016.
  • Støtte skal bidra til reduserte klimagassutslepp og omstilling til lågutsleppssamfunnet.
  • Støtta skal vere utløysande for at tiltaka vert gjennomført, og kommunen må ha eigeninnsats.
  • Kommunar, fylkeskommunar og enkelte kommunale føretak kan søkje om tilskot, samane eller kvar for seg.
  • Klimasats støtter ikkje klimatilpassingstiltak. Miljødirektoratet har ei eiga tilskotsordning for kunnskap om tilpassing.

Nøkkelord

Kontakter

PressekontaktPressetelefonen svarer på henvendelser fra pressen mellom klokka 8 og 16 på hverdager.

Vi ringer vi deg raskt tilbake dersom vi ikke får tatt telefonen. Pressetelefonen kan ikke ta imot SMS eller talebeskjeder.

Tel:40 10 38 00presse@miljodir.no

Bilder

Halverer utslepp av klimagassar på anleggsområde i forhold til konvensjonell anleggsdrift: Asker kommune med Klimasats-prosjektet "Bruk av utslippsfrie gravemaskiner i Kirkeveien" fekk støtte til å bruke elektriske gravemaskinar til anleggsprosjektet Kirkeveien i Asker sentrum. F.v.: Kristine Iversby, Asker kommune, Jonas Tautra Vevatne, Asker kommune, Stein Hov, Norbetong, Tomas Wamstad, Kodyna AS. Foto: Christina Ek Reindal, Asker kommune
Halverer utslepp av klimagassar på anleggsområde i forhold til konvensjonell anleggsdrift: Asker kommune med Klimasats-prosjektet "Bruk av utslippsfrie gravemaskiner i Kirkeveien" fekk støtte til å bruke elektriske gravemaskinar til anleggsprosjektet Kirkeveien i Asker sentrum. F.v.: Kristine Iversby, Asker kommune, Jonas Tautra Vevatne, Asker kommune, Stein Hov, Norbetong, Tomas Wamstad, Kodyna AS. Foto: Christina Ek Reindal, Asker kommune
Last ned bilde
Klimasats-støtte i alle landets fylker: Kartet viser kommunar som har fått Klimasats-støtte. Illustrasjon: Miljødirektoratet
Klimasats-støtte i alle landets fylker: Kartet viser kommunar som har fått Klimasats-støtte. Illustrasjon: Miljødirektoratet
Last ned bilde

Lenker

Om Miljødirektoratet

Miljødirektoratet
Miljødirektoratet
Postboks 5672 Torgarden
7485 Trondheim

73 58 05 00https://www.miljodirektoratet.no

Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye