Dei minste lokalavisene får åtte millionar kroner meir i mediestøtte enn i fjor
25.11.2022 12:30:00 CET | Medietilsynet | Pressemelding

Totalt fordeler Medietilsynet 388,7 millionar kroner i produksjonstilskott til 146 aviser i år. Det er ein auke på 19 millionar kroner frå i fjor. Regjeringa har øyremerkt 8 millionar kroner til dei minste lokalavisene.
– Alle skal ha et godt medietilbod, uavhengig av kor dei bur. Vi vil bidra til at lokalavisene kan halde fram å gi oss god, samfunnsviktig journalistikk, og at dei samtidig kan drive med omstilling. Derfor rettar vi meir av produksjonstilskotet til dei minste lokalavisene, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.
Dei 8 millionane blir fordelt på om lag 100 lokalaviser.
– Lokalavisene er viktige både for lokalsamfunna og det totale mediemangfaldet, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
Klassekampen får framleis mest
Med ei støtte på nær 40 millionar kroner, får Klassekampen mest i støtte, i år som i fjor. Avisa får likevel 1,8 millionar kroner mindre i støtte i år enn i 2021, tilsvarande 4,3 prosent.
– Klassekampen og Bergensavisen får mindre i støtte enn i fjor, fordi fleire nye aviser har kome inn i ordninga. Dagsavisen, Vårt Land og Dagen får også mindre, men der er årsaka i hovudsak at desse avisene har lågare opplag, seier Velsand.
Av dei ti største avisene får Dagsavisen størst reduksjon i støtte, både i kroner og prosent, med ein nedgang på 6,3 millionar kroner, eller omkring 18 prosent. Dagen får 3 millionar kroner mindre, tilsvarande ein nedgang på nesten 17 prosent, mens Vårt Land får ein reduksjon på 4,2 millionar kroner, tilsvarande eit fall på nesten 14 prosent.
Sandnesposten kjem inn på lista over dei ti avisene som får mest støtte, etter ein auke i støtta på 5 millionar til 8,1 millionar kroner. Årsaka til auken er at avisa hadde fleire utgivingar i veka i 2021 enn i 2020 og auka opplag. Nesten halvparten av støtta går til dei ti største mottakarane i ordninga.
Dette er avisene som får mest i år (i kroner):
|
Avis |
Støtte 2022 |
Støtte 2021 |
Endring (kroner) |
Endring (prosent) |
|
Klassekampen |
39 933 556 |
41 738 577 |
-1 805 021 |
-4,3 |
|
Bergensavisen |
34 625 388 |
35 894 643 |
-1 269 255 |
-3,5 |
|
Dagsavisen |
28 286 958 |
34 630 033 |
-6 343 075 |
-18,3 |
|
Vårt Land |
26 828 624 |
31 067 938 |
-4 239 314 |
-13,6 |
|
Nationen |
21 022 447 |
21 006 192 |
16 255 |
0,1 |
|
Dagen |
14 849 965 |
17 841 768 |
- 2 991 803 |
-16,8 |
|
Morgenbladet |
11 128 100 |
11 028 699 |
99 401 |
0,9 |
|
Fiskeribladet |
10 731 044 |
11 815 558 |
-1 084 514 |
-9,2 |
|
Nidaros |
9 956 078 |
8 309 470 |
1 646 608 |
19,8 |
|
Sandnesposten |
8 103 314 |
3 131 279 |
4 972 035 |
158,8 |
Sju nye aviser får støtte i år
Sju nye aviser kvalifiserer for å få støtte i år: Avisa Oslo (5 680 263 kroner i støtte), iHarstad (1 848 912 kroner i støtte) , iLevanger (1 702 374 kroner i støtte) , VårtOslo (1 815 302 kroner i støtte), Steinkjer24 (1 199 827 kroner i støtte), Randaberg24 (615 150 kroner i støtte) og MittKongsvinger (1 477 872 kroner i støtte). Alle dei nye mottakarane er nettaviser. Med unntak av ei avis, får alle støtte som nummer to-aviser. Dette er abonnementsaviser som konkurrerer med ei større avis på utgivarstaden, og har ein svakare posisjon i den lokale annonsemarknaden enn konkurrentane.
Dei tre avisene Kragerø Blad, Tvedestrandsposten og Jarlsberg Avis gjekk ut av ordninga i 2022 fordi dei fekk høgare overskot i fjor enn reglane for å ta imot produksjonstilskott tillèt.
Fakta om produksjonstilskottet
- Produksjonstilskottet er den største av dei direkte mediestøtteordningane.
- Produksjonstilskottet skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet.
- Ordninga er særleg retta mot medium i marknader som er for små til å vere berekraftige, og medium som er alternativ til dei leiande media i større marknader. Produksjonstilskottet skal korrigere for marknadssvikt for mindre nyheitsmedium og nummer to-medium i slike marknader (abonnementsaviser som konkurrerer med ei større avis på utgivarstaden).
- Ordninga er plattformnøytral og likestiller papir- og nettaviser.
- Medium som søkjer, må oppfylle spesifikke krav til formål og innhald for å få støtte. I tillegg må avisa ha ein ansvarleg redaktør i tråd med krava i Redaktørplakaten, ta reell betaling for innhaldet etter ei offentleg tilgjengeleg prisliste og selje minst halvparten av opplaget gjennom abonnement. Det er også avgrensingar knytte til overskott, driftsmargin og utbytte.
Nøkkelord
Kontakter
Nina Bjerkekommunikasjonsrådgiver og pressekontakt
Tel:+47 419 34 154nina.bjerke@medietilsynet.noBilder

Dokumenter
Om Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Lokal-tv-kanal ilegges gebyr av Medietilsynet3.7.2026 07:50:00 CEST | Pressemelding
TVH AS er ilagt sanksjon i form av gebyr av Medietilsynet for brudd på reglene om sponsoridentifikasjon. Aktøren må betale 20 000 kroner etter regelbruddene.
Betre lønnsemd for norske aviser i 202529.6.2026 07:50:00 CEST | Pressemelding
Norske aviser auka brukarinntektene i 2025, og saman med god kostnadskontroll bidrog inntektsauken til betra lønsemd. Men den underliggjande økonomiske utviklinga er framleis krevjande, viser ein ny rapport frå Medietilsynet.
TV 2 oppfylte alle krava som kommersiell allmennkringkastar i 202526.6.2026 07:50:00 CEST | Pressemelding
TV 2 løyste oppdraget som kommersiell allmennkringkastar i 2025 i tråd med krava, viser tilsynsrapporten frå Medietilsynet. Kanalen får full kompensasjon frå staten for sitt allmennkringkastaroppdrag dette året.
Medietilsynet fordeler nær 25 millioner til lokalkringkasting23.6.2026 07:50:00 CEST | Pressemelding
Medietilsynet har fordelt 24,7 millioner kroner til lokalkringkasting gjennom ordningen for tilskudd til lokale lyd- og bildemedier. I år mottar til sammen 112 lokalkringkastere støtte fra ordningen.
TV Vest får advarsel av Medietilsynet18.6.2026 07:50:00 CEST | Pressemelding
Medietilsynet gir TV Vest AS sanksjon i form av advarsel for brudd på kringkastingsloven. Kanalen brøt reglene om produktplassering i programmet «Våre ti beste gavetips».
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
