Dalseidtunnelen på E16 vert endå tryggare
2.11.2021 07:58:00 CET | Statens vegvesen | Pressemelding

– Det skal setjast opp skrednett på Dale-sida av tunnelen. For å førebu dette arbeidet har me inspisert fjellsida. Då avdekte me fleire større, lause steinblokker, seier byggeleiar Åge Johan Fanebust i Statens vegvesen.
Slik blir trafikkavviklinga
Når desse skal ned, noko som etter planen skjer onsdag denne veka (3. november) kan det få konsekvensar for trafikkavviklinga i området.
Jobben ved Dalseidtunnelen skal etter planen utførast frå klokka 12.00 og utover. I verste fall kan E16 bli stengt ei stund.
– Me har full forståing for at oppdrag som dette kan opplevast som særleg krevjande for bilistane, då det er lange omkøyringsvegar i dette området. Men då er det ikkje mindre viktig å minna om at me gjer dette arbeidet nettopp for dei som trafikkerer denne strekninga, for at trafikktryggleiken skal kunna varetakast også i framtida, seier Fanebust.
Viss vegen ved Dalseidtunnelen må stengjast over lengre tid, er den tilrådde løysinga mellom Bergen og Voss å køyra om Hardanger på fylkesveg 49 og 79.
Mykje inspisert
Eit strengt inspeksjonsregime bidreg til god trafikktryggleik. Tunnelar og skjeringar inntil desse er mellom dei mest inspiserte elementa på norske riksvegar.
Og det var nettopp under ein slik inspeksjon av Statens vegvesen avdekte blokkene som no må takast ned.
Statens vegvesen oppmodar alle trafikantar om å førebu seg på omkøyringar, og sjekka 175.no før dei skal ut og reisa. Her finn ein til ei kvar tid oppdatert informasjon om situasjonen på norske vegar.
Meir arbeid ved tunnelen
Statens vegvesen planlegg også å forlengja portalen utanfor tunnelopninga.
– Det er støypt tunnelportal ut frå fjellet, slik som ved dei fleste tunnelar. Den er sikra med dekk, plankar og skytematter for i best mogleg grad å vere beskytta viss det kjem steinar ned.
Statens vegvesen har førebudd arbeidet med å få ned dei lause steinblokkene. Desse er i terrenget cirka 50-60 meter over portalen.
– Hus i nærleiken er sikra, og me har sett ut store dekk og konteinarar framføre dei tekniske bygga utanfor tunnelen, avsluttar Fanebust.
Nøkkelord
Kontakter
Åge Johan FanebustByggeleiarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:99519887aage.fanebust@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
E10 Nappstraumen-Å inn i en ny fase26.6.2026 17:31:34 CEST | Pressemelding
Forslag til reguleringsplan for strekningen er lagt ut til offentlig ettersyn og høring. Vegvesenet ber om innspil til planforslaget
Skal bygge nytt flyplasskryss på Evenes26.6.2026 16:28:10 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen har tildelt Johs. J Syltern AS oppdraget med å bygge E10 Evenes Flyplasskryss. Arbeidet starter rett over sommeren.
Konkurranse om drift av riksveger i Nord-Troms og Vest-Finnmark26.6.2026 14:08:10 CEST | Pressemelding
Evnen til å håndtere variert vær, trafikkhendelser og beredskap har betydning når Statens vegvesen nå søker entreprenører til ny driftskontrakt i nord.
E6 Hommelvikbrua stenger lørdag kveld kl. 18.0026.6.2026 13:47:09 CEST | Pressemelding
Arbeidet med å reparere en ødelagt fuge på E6 Hommelvikbrua i Malvik kommune fortsetter lørdag kveld og frem til søndag morgen kl. 06.00
Tek ytterlegare grep for å betre situasjonen på Stegastein26.6.2026 10:46:13 CEST | Pressemelding
Nasjonale turistvegar Statens vegvesen, Vestland fylkeskommune, Aurland kommune og reiselivsselskapet Norway’s Best AS samarbeider om tiltak for å betre den krevjande situasjonen på Stegastein.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
