Bane NOR

Bygging og vedlikehald på Bergensbanen

Del

Bane NOR skal arbeide mellom Bergen og Voss på dagtid siste veka i april, medan i 1. mai-helga blir det arbeid frå Bergen stasjon og heilt til Gol.

På Arna stasjon skal ein mellom anna bygge nye spor og sette opp master til nytt kontaktleidningsanlegg. Foto: Bane NOR/Cato Vikebø
På Arna stasjon skal ein mellom anna bygge nye spor og sette opp master til nytt kontaktleidningsanlegg. Foto: Bane NOR/Cato Vikebø

- Tida blir mellom anna nytta til å bygge nye spor og master til nytt kontaktleidningsanlegg, slik at fleire kan ta toget på sikt, fortel prosjektdirektør Hans-Egil Larsen, som er ansvarleg for å bygge dobbeltspor mellom Bergen og Arna

Arbeider utanom rushet

Frå måndag 25. til fredag 29. april er det hektisk aktivitet på banen utanom rushtida, frå klokka 08.50, til like før klokka 15.30.

I helga startar jobbinga klokka 02.30 natt til laurdag 30. april, og held fram til sundag 1. mai nett før klokka 11 på formiddagen.

Alternativ transport

Vy set opp bussar medan banen er stengt. Detaljar om buss-tidene og kvar bussen går ifrå, finn ein på Vy sine nettsider, vy.no

Ombygging og kontrollar

På stasjonane i Arna og på Dale og Evanger, held Bane NOR på med omfattande ombygging, og tida med togstans er verdifull for å få gjort arbeid ein ikkje kan gjere når det er togtrafikk gjennom arbeidsområdet.

Vidare oppetter jernbanelinja planlegg ein diverse kontrollar og vedlikehaldsarbeid. Mellom anna skal ein bytte og fjerne sporvekslar på Ål stasjon. Slik kan ein førebygge feil og uventa togstans elles i året.

Førebur nytt digitalt signalsystem

Bane NOR moderniserer jernbanen med eit nytt digitalt signalsystem, kalla ERTMS. Det skal gi fleire tog i rute og færre forsinkingar for passasjerar og gods. Det nye systemet skal takast i bruk på Bergensbanen i 2023.

Det blir arbeid med å førebu ERTMS på stasjonene på Dale, Evanger og Ål.

På Ål skal det vere større sporombyggingar heile veka. Vidare skal ein skal legge inn nye drivmaskiner i sporvekslar på alle dei tre stasjonane.

Trygg ferdsel

Bane NOR minner om at det er farleg og forbode å ferdast i eller nær jernbanesporet og høgspenningsanlegga. Sjølv om den vanlege togtrafikken er innstilt, kan det kome arbeidstog på sporet når som helst.

Kontakter

Persontrafikk: Linda Kragseth, Vy, Linda.Kragseth@vy.no, tlf. 412 08 243

Arbeid Bergen og Arna: Ingvild Eikeland, Bane NOR, ingvild.eikeland@banenor.no, tlf. 982 49 707

Øvrig arbeid Bergensbanen: Harry Korslund, Bane NOR, harry.korslund@banenor.no, tlf. 916 55 989

Bilder

På Arna stasjon skal ein mellom anna bygge nye spor og sette opp master til nytt kontaktleidningsanlegg. Foto: Bane NOR/Cato Vikebø
På Arna stasjon skal ein mellom anna bygge nye spor og sette opp master til nytt kontaktleidningsanlegg. Foto: Bane NOR/Cato Vikebø
Last ned bilde

Om Bane NOR

Bane NOR
Bane NOR
Schweigaards gate 33
0191 Oslo

22 45 50 00https://www.banenor.no

Bane NOR er et statlig foretak med ansvar for den nasjonale jernbaneinfrastrukturen.

Foretaket har ansvaret for planlegging, utbygging, forvaltning, drift og vedlikehold av det nasjonale jernbanenettet, trafikkstyring og forvaltning og utvikling av jernbaneeiendom. Bane NOR har det operative koordineringsansvaret for sikkerhetsarbeidet og operativt ansvar for samordning av beredskap og krisehåndtering.

Bane NOR har om lag 3.500 ansatte og har hovedkontor i Oslo.

Følg pressemeldinger fra Bane NOR

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Bane NOR på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Bane NOR

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom