Buster Sledge slepp albumet Call Home i dag!
27.5.2022 09:08:01 CEST | Sounds Like Gold | Pressemelding

Release: 27.05.2022
Artist: Buster Sledge
Tittel: Call Home
Katalognummer: HCD7386
Plateselskap: Heilo
I Buster Sledge er det fele, banjo, gitar og tre songstemmer som ber historiene fram langs eit orkestralt bakteppe forankra i akustiske musikktradisjonar frå USA. Hovudvokalist og låtskrivar, Michael Barrett Donovan, kjem frå Nord-California, og let personleg erfaring smelte saman med arketypar frå folk- og countrymusikken. Slik vert nytt liv blåst inn i velkjende songstrukturar. Gjennom Call Home sine elleve spor, løftar Buster Sledge på hatten til artistar som Norman Blake, Punch Brothers, Tim O'Brien og John Hartford.
Trioen var første band ut i Sjur Lyseid (Little Hands of Asphalt) sitt nyopna Globus Studio. Lyseid har leia bandet inn i eit noko utvida akustisk lydlandskap der arrangementa er meir straumlinjeforma - som igjen står i kledeleg samspel til William Hay sitt omslagsbilete der breie penselstrøk i impresjonistiske fargar viser ein einsleg ryttar som skodar ut over ein stor elvedal.
Banjospelar Mikael Jonassen frå Bodø, er den første i Noreg som har tatt høgare utdanning på dette instrumentet. Sjølv om det heile byrja med ein elektrisk banjo og fusion-jazz, fordjupar han seg for tida i akustisk banjo i Scruggs-stil via spelet til Béla Fleck. Han har tatt fleire turar til USA for å lære av meistrane der. Jakob Folke Ossum, jazzgitaristen som blei flat-pickingaficionado, oppdaga lyden av akustisk plekterbruk gjennom Tony Rice og Bryan Sutton og studerte plater og videoar nøye for å lære seg teknikken. Felespelar Michael Barrett Donovan levde som musikar i New York City og tok ein mastergrad i klassisk komposisjon medan han turnerte med eit Grateful Dead-hyllestband. Dei tre møttest i eit kommentarfelt på eit bluegrass-forum etter at Donovan hadde flytta til Noreg i 2019. Resten av historia må du spørje dei om på ein konsert ein gong i framtida. Buster Sledge har stått på mange små og store scenar i Sør-Noreg – ikkje la sjansen gå frå deg neste gong dei tar turen til dine trakter!
Michael Barrett Donovan (fele, hovedvokal)
Jakob Folke Ossum (gitar, vokal)
Mikael Jonassen (banjo, vokal)
KONSERTER:
27.05. Folkemusikkveka, Ål
28.05. Caféteateret, Oslo
29.05. Valdres Folkemuseum, Fagernes
30.05. Fabrikken, Lillehammer
31.05. Røhnesalen, Hamar
01.06. Antikvariatet, Trondheim
02.06. Vognildsbua, Oppdal
03.06. Café Sanaa, Bergen
04.06. Hardanger kulturgalleri, Herand
Nøkkelord
Kontakter
Frøydis Bergheim RuudLabel Manager: Heilo / Odin / Hubro
Tel:924 62 924froydis@grappa.noBilder


Lenker
Om Sounds Like Gold
Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Anna Lille - 'My Man' - ute nå!11.9.2026 10:05:24 CEST | Pressemelding
"Har du nokon gong vore saman med nokon som vennene dine hata? Då kjem du til å ELSKE denne låta!"
Andreas Rotevatn utforskar motsetnadar på nytt album "Mellom saltvatn og sola"4.9.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
På sitt andre soloalbum "Mellom saltvatn og sola" tek Andreas Rotevatn publikum med inn i eit musikalsk landskap der progpop, viser, country, frijazz og K-pop lever side om side. Albumet er ei utforsking av motsetnadar og eit forsvar for det nyanserte, i ei tid prega av aukande polarisering. "Mellom saltvatn og sola" er ute no. Lytt her.
Yngvil og Regnvær tar tilbake livet etter bruddet på «Til verden blir helt min»4.9.2026 08:50:00 CEST | Pressemelding
Når et forhold tar slutt kan påminnelsene om eksen finnes overalt. På "Til verden blir helt min" synger Yngvil og Regnvær fra hver sin side av et brudd om det man mister, det man må gi slipp på og det man må ta tilbake for å komme seg videre. Singelen er siste smakebit før Yngvils EP "PS: ikke si det til noen", som kommer 25. september. Lytt til "Til verden blir helt min" her.
Moddi og Kajsa Balto med ny duett: «Knekte greine, Doddjon oavssit» - ute nå!28.8.2026 09:10:00 CEST | Pressemelding
En sang om steder som forblir, skrevet på to språk som speiler hverandre
Et møte mellom erfaring og fornyelse - Ketil Bjørnstad og Sandra Lied Haga i musikalsk dialog på The Gateway28.8.2026 08:45:00 CEST | Pressemelding
Albumet The Gateway presenterer samarbeidet mellom Ketil Bjørnstad og cellisten Sandra Lied Haga, der musikken oppstår i spenningsfeltet mellom erfaring og nysgjerrighet. En åpen dialog der hver tone og hver pause får betydning.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
