Grappa Musikkforlag AS

Blått svev - Hildegun Riise les dikt av Jon Fosse til nykomponert musikk

Del
Jon Fosse er ein unik diktar som gjev oss språk for det språklause, seier skodespelar Hildegun Riise om Fosses forfattarskap. På den forseggjorte utgjevinga "Blått svev" les ho dikt av Jon Fosse til nykomponert musikk av Benedicte Maurseth og Stein Urheim. I jubileumsåret for Jon Fosse har dei samla nokre av hans finaste dikt og gitt dei ny musikalsk innpakking. Utgjevinga kjem i ei vakkert utforma bok, med alle tekstane og biletkunst av Sissel Efjestad. Utjevinga vert lansert fredag 13. september.

I 2019 fyller Jon Fosse seksti år. Det er også tjuefem år sidan han debuterte som dramatikar og trettiseks år sidan han debuterte med romanen Raudt, svart i 1983. I jubileumsåret vert diktarskapen hans heidra både i inn- og utland. Jon Fosse skriv innanfor eit breitt spekter av sjangrar; romanar, teaterstykke, dikt, barnebøker, essay og kortprosa. Likevel er det som om alt heng saman på sitt eige, finstemte vis.

Jon Fosse skriv om fjorden, døden og kjærleiken. Den kvardagslege verda som blir dikta fram, er det berre Fosse, med sin særeigne signatur, som kan skapa. For over den finst ein stor himmel, og i alt han skriv, er det sterke band til det vestlandske.

Likevel ber litteraturen hans i seg ei menneskeleg sanning som viser seg å vera gyldig i store delar av verda.

Tekstutvalet til denne utgjevinga er det Hildegun Riise som står for. Ho har valt dikt som lenge har vore som skattar for henne, men òg tekstar som har festa seg i henne gjennom denne innspelinga; dikt som er fylte med kjærleik og lys, einsemd, død og trøyst. Med andre ord dikt som set ord på noko djupt universelt og menneskeleg.

Jon Fosse er ein unik diktar som gjev oss språk for det så å seia språklause. Hardingfelespelar og komponist Benedicte Maurseth og gitarist og komponist Stein Urheim er ansvarlege for nye musikalske tolkingar og komposisjonar til Fosses poesi.

Alle tre har òg tidlegare arbeidd med hans mangslungne tekstunivers.

Utgjevinga vert lansert med framsyningar på Det Norske Teatret, Fossedagane og Litteraturhuset i Bergen.

Framsyningar:

17. September – Det Norske Teatret Scene 2, Oslo

18. September – Det Norske Teatret Scene 2, Oslo

21. September – Fossedagane, Strandebarm

26. September – Litteraturhuset, Bergen

Kontakter

Andreas Risanger Meland - andreas@grappa.no / 41419089

Bilder

Om Grappa Musikkforlag AS

Grappa Musikkforlag AS
Grappa Musikkforlag AS
Akersgata 7
0158 Oslo

23 35 80 00http://www.grappa.no/no

Grappa Musikkforlag A/S ble etablert i 1983 og er et av Norges største uavhengige plateselskap. I år 2023 har Grappa 40 års jubileum. 

Grappa Musikkforlag har gitt ut over fire tusen album spredt på ulike labler. Foruten Grappa som favner viser og pop, så utgis klassisk musikk på Simax Classics, folkemusikk og verdensmusikk på Heilo, blues og country på Blue Mood og jazz på Hubro.

Grappa samarbeider med Egmont Kids Media Nordic AS om utgivelse av barnemusikk gjennom Barneselskapet. Grappa samarbeider med Norsk Jazzforum om innspilling og utgivelse av norsk jazz på Odin. Grappa har også et tett samarbeide med Rune Grammofon og Drabant Music.

Følg pressemeldinger fra Grappa Musikkforlag AS

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Grappa Musikkforlag AS på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Grappa Musikkforlag AS

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye