Kulturminnefondet

Besøk eit kulturmiljø i sumar!

Del

Mange oppdagar kvalitetar i lokalsamfunn over heile landet denne sumaren. Landet vårt har så mykje å by på, og om du besøker eit kulturmiljø vil du oppdage nye sider ved stadar du er glad i.

Boen gård, Kristiansand. Foto: Kulturminnefondet
Boen gård, Kristiansand. Foto: Kulturminnefondet

Kvart år blir fleire hundre forfalne kulturminne forvandla til moderne kontor, overnatting, serveringsstader, forretningslokale, kulturlokale, oppgraderte turstiar, flytande båtar og malande møller. Bevaring av kulturminne har verdi i form av fellesskap, dugnad, tilhøyrsel og tillit, og det vert skapt verdiar for fleire enn den private eigaren ved at fleire får oppleve kulturarv og kulturmiljø. 

Som tilskotsordning for privateigde verneverdige kulturminne og kulturmiljø bidreg Kulturminnefondet til å bevare eit mangfald av kulturmiljø. Vern gjennom bruk og verdiskaping er viktige kriterium for at kulturminne og kulturmiljø kan nyttast som grunnlag for framtidige opplevingar og utvikling. På denne måten vert det skapt opplevingar for turistar i eige land, som igjen genererer inntekter som gjer eigarar i stand til å halde kulturarven levande.  
La meg gje deg sju eksempel til inspirasjon for sumarens kulturmiljø-opplevingar:  
 
1. Trevarefabrikken, Henningsvær  
Trevarefabrikken vart oppført i 1948 og har gjennom åra husa fleire hjørnesteinsbedrifter i Henningsvær. Her har det blant anna vore trandamperi og snikkarverkstad, og innbyggjarane i Henningsvær har alle eit forhold til bygningen. I 2008 var det slutt på aktiviteten, og bygget stod tomt til fire unge gründerar kjøpte staden. Nå er den gamle fabrikken fylt med kultur og liv, gjennom turisme og kulturelle arrangement.  

 
2. Boen gård, Tveit i Kristiansand  
Boen gård ligg i Kristiansand kommune, med historie attende til 1500-tallet. Den gang tilhøyrde eigendomen kong Christian II, og frå 1815 eigde familien Hegermann Boen i fire generasjonar, fram til 1939. I denne perioden vart garden utvikla til ein norsk praktgard.  
Boen var stengt for gjestar heilt fram i 2012 da den vart opna opp for arrangement. Dei historiske bygga har fått ein ny bruk og er nå open med overnatting og servering for gjestar. 

 
3. Nordpol kro, Vardø  
Nordpol kro i Vardø er Nord-Norges eldste serveringsstad, og bygga har i tillegg fungert som hotell. Bygget er den einaste i Finnmark kor det er drive herberge og bevertning i over 100 år. I dag drives Nordpol kro som serveringsstad med konsertscene. I puben, som er i engelsk stil, er det eit lite museum med gjenstandar og bilete frå Vardø si historie. Bygget overlevde krigen og ligg som eit sentralt kulturminne i Vardø. 

 
4. Feigum sag, Luster  
Feigum sag i Luster er eit sagbruk frå 1700-tallet, som er ombygd og påbygd frå oppgangssag til vanlig sagbruk på 1900-tallet. Saga er eit sentralt element i eit større industrimiljø ved utløpet av elva Feiga.  

 
5. Baklandet skydsstation, Trondheim  
Baklandet skydsstation ligger sentralt til i Trondheim, i den einaste freda bygarden på Bakklandet. Skysstasjonen er ein fredelig og idyllisk kafé, kor du kan eta og drikke i unike lokalar.  

 
6. Hovelsrud, Ringsaker  
Hageanlegget på Hovelsrud gård på Helgøya er restaurert til slik hagen var på midten av 1800-tallet. Hageanlegget er opna så gjestar kan nyte stiar og fontener, prydhagen og frukthagen som bugnar av eple og bær. På garden som ligg ved Mjøsas bredd driver familien også med økologiske kjuklingar.  

 
7. Skonnerten Solrik, Grimstad  
Skonnerten Solrik er bygd på Brekneholmen verft i 1929 som fraktefartøy med rigg, og segla sin fyrste tur til Bømlo for å montere motor. Sidan gjekk skonnerten i frakt langs norskekysten. Grimstads kvite svane vart kjøpt av foreininga Solrik på 90-tallet, og sida har dei drive båten som et kombinert skuleskip for ungdomsskoleelevar og kunnskapsformidling og hygge for turistar. I sumar tek Grimstad turistkontor bookingar for turar med Solrik.  
 
Kulturminnefondets tilskot gjer at fleire av kulturminna som tidligare sto tomme, no kan tas i bruk blant anna til inntektsgjevande aktivitet. Dette fører til ein betydeleg samfunnsøkonomisk nytte; Menon Economics dokumenterer at økonomisk stønad frå Kulturminnefondet utløyser i gjennomsnitt ein innsats verdt tre og en halv gang så mykje grunna dugnadsinnsats og private midlar som kjem til. I tillegg kjem den store verdien av bruken av kulturminnet etter at det er sete i stand, ved at fleire får nyte godt av at kulturarv og kulturminne blir bevart. Eg vonar du får mange flotte opplevingar i kulturmiljø i eige land i sumar!  

 
Bruk emneknaggen #kulturmiljø i sumar og vis oss dine beste opplevingar. 

Simen Bjørgen, direktør Kulturminnefondet

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Boen gård, Kristiansand. Foto: Kulturminnefondet
Boen gård, Kristiansand. Foto: Kulturminnefondet
Last ned bilde
Trevarefabrikken, Henningsvær. Foto: Privat/fra søkand
Trevarefabrikken, Henningsvær. Foto: Privat/fra søkand
Last ned bilde
Nordpol kro, Vardø. Foto: Frank Bothe/CC BY-SA
Nordpol kro, Vardø. Foto: Frank Bothe/CC BY-SA
Last ned bilde
Feigum sag, Luster. Foto: Kjell Feigum
Feigum sag, Luster. Foto: Kjell Feigum
Last ned bilde
Baklandet skydsstation, Trondheim. Foto: Linda Cathrine Herud/Kulturminnefondet
Baklandet skydsstation, Trondheim. Foto: Linda Cathrine Herud/Kulturminnefondet
Last ned bilde
Hovelsrud gård, Ringsaker. Foto: Tom Gustavsen/Kulturminnefondet
Hovelsrud gård, Ringsaker. Foto: Tom Gustavsen/Kulturminnefondet
Last ned bilde
Skonnerten Solrik, Grimstad. Foto: Simen Bjørgen/Kulturminnefondet
Skonnerten Solrik, Grimstad. Foto: Simen Bjørgen/Kulturminnefondet
Last ned bilde

Om Kulturminnefondet

Kulturminnefondet
Kulturminnefondet
Bergmannsgata 17
7374 Røros

73 10 36 00http://www.kulturminnefondet.no

Kulturminnefondet er et lavterskeltilbud og en rendyrket tilskuddsordning for private eiere av verneverdige kulturminner. Vi skal bidra til at et mangfold av kulturminner og kulturmiljøer bevares, så de kan benyttes som grunnlag for framtidig opplevelse, utvikling og verdiskaping.

For å få støtte må eier søke oss. Midlene blir fordelt gjennom vedtak gjort av Kulturminnefondets styre.

Les mer på våre nettsider.

 

Følg saker fra Kulturminnefondet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturminnefondet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Kulturminnefondet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom