Berit Opheim og Tore Brunborg er ute med stjernespekket plate
18.10.2019 15:12:17 CEST | Sounds Like Gold | Pressemelding

Den fantastiske gjengen kjente og kjære musikarar, med Brunborg og Opheim i spissen, har teke utgangspunkt i ulike folketonar og slåttar frå mellom anna Voss, Sogn og Hardanger, og serverer desse i nye arrangement og med nykomponerte tema.
Hør albumet her!
«Det er ei stor glede å presentere denne musikken som er gamal, kortreist musikk som etter vårt syn framleis står seg og talar til folk i dag» skriv Berit Opheim i omslagsteksten. «Uttrykket i Hildo er ei blanding av musikkuttrykk frå alle dei fem musikarane. Dette er vår måte å ”ha vit pao eige tarv” - og arv.»
«Hildo» var namnet på kyrkjeklokka som ljoma over Vossevangen frå tårnet på Vangskyrkja i gamle dagar. Det finst fleire segn og folketonar til ære for klokka, som var kjend for sin uvanlege fine og sterke klang. På albumet vert både balladar, bånsullar, stev, barnesongar, salmar og slåttar tolka og omforma i hendene på musikantar som går «Hildo» sjølv ein høg gong når det kjem til klang og styrke.
Utgangspunktet for denne innspelinga er at Helge Skansen, tidlegare dagleg leiar ved Riksscenen i Oslo kontakta den røynde jazzmusikaren, komponisten og saksofonisten Tore Brunborg om eit samarbeid med folkesongaren Berit Opheim, båe med røter på Voss. Tore og Berit ville gjerne ha med seg gitarist Stein Urheim, bassist Steinar Raknes og trommeslagar Kåre Opheim. Prosjektet hadde première på Vossa Jazz 2018, og vart bestilt av Riksscenen og festivalen. For konserten på Voss vart prosjektet nominert til Kritikerprisen for musikk i 2018.
Kontakter
Frøydis Ruud
froydis@grappa.no
+47 924 62 924
Bilder


Lenker
Om Sounds Like Gold
Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Anna Lille - 'My Man' - ute nå!11.9.2026 10:05:24 CEST | Pressemelding
"Har du nokon gong vore saman med nokon som vennene dine hata? Då kjem du til å ELSKE denne låta!"
Andreas Rotevatn utforskar motsetnadar på nytt album "Mellom saltvatn og sola"4.9.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
På sitt andre soloalbum "Mellom saltvatn og sola" tek Andreas Rotevatn publikum med inn i eit musikalsk landskap der progpop, viser, country, frijazz og K-pop lever side om side. Albumet er ei utforsking av motsetnadar og eit forsvar for det nyanserte, i ei tid prega av aukande polarisering. "Mellom saltvatn og sola" er ute no. Lytt her.
Yngvil og Regnvær tar tilbake livet etter bruddet på «Til verden blir helt min»4.9.2026 08:50:00 CEST | Pressemelding
Når et forhold tar slutt kan påminnelsene om eksen finnes overalt. På "Til verden blir helt min" synger Yngvil og Regnvær fra hver sin side av et brudd om det man mister, det man må gi slipp på og det man må ta tilbake for å komme seg videre. Singelen er siste smakebit før Yngvils EP "PS: ikke si det til noen", som kommer 25. september. Lytt til "Til verden blir helt min" her.
Moddi og Kajsa Balto med ny duett: «Knekte greine, Doddjon oavssit» - ute nå!28.8.2026 09:10:00 CEST | Pressemelding
En sang om steder som forblir, skrevet på to språk som speiler hverandre
Et møte mellom erfaring og fornyelse - Ketil Bjørnstad og Sandra Lied Haga i musikalsk dialog på The Gateway28.8.2026 08:45:00 CEST | Pressemelding
Albumet The Gateway presenterer samarbeidet mellom Ketil Bjørnstad og cellisten Sandra Lied Haga, der musikken oppstår i spenningsfeltet mellom erfaring og nysgjerrighet. En åpen dialog der hver tone og hver pause får betydning.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom

