Bane NOR

Bergensbanen får nytt tak mot snøen

Del
For tredje år på rad vert gamle trebygg på høgfjellet bytta ut med moderne bygg i stål. Snøoverbygga gjer at Bergensbanen kan frakte passasjerar og gods trygt over fjellet heile vinteren.
Byggjeleiar Jon-Anders Hefte i Bane NOR (t.h.) og arbeidsformann Rune Vikøren i Mesta samarbeider tett om dei nye snøoverbygga på Bergensbanen. Foto: Ingunn Halvorsen/Bane NOR
Byggjeleiar Jon-Anders Hefte i Bane NOR (t.h.) og arbeidsformann Rune Vikøren i Mesta samarbeider tett om dei nye snøoverbygga på Bergensbanen. Foto: Ingunn Halvorsen/Bane NOR

Då Bergensbanen stod ferdig i 1907, vart det klart for jernbanefolket at dei ikkje kunne halde banen fri for snø utan solide tak og veggar på dei mest utsette strekningane. Banen over Hardangervidda har i dag 11 kilometer med snøoverbygg, for det meste eldre trebygg.

– Me jobbar systematisk med å skifte ut dei eldste bygga. Nye stålbygg er meir solide, krev mindre vedlikehald og er sikrare mot brann, fortel prosjektleiar Karl Morten Undal. Dei nye bygga får dessutan vindauge slik at passasjerane kan sjå ut på Hardangervidda.

Skanning og skreddarsaum

I 2017 vart 120 meter snøoverbygg fornya, og prosjektet samla mykje erfaring om korleis ein kan bygge effektivt i den korte sesongen frå mai til november på høgfjellet. I fjor auka dei til nær 250 meter, og i år er 330 meter bygg snart fullført.

Bygga som vert fornya i år, vart skanna med drone i fjor for å vite nøyaktig kor mange fundament og kor mykje stål det var bruk for. Samstundes vart fjellsida over bygget sikra, slik at rivinga kunne starte så snart våren kom. Tilsvarande arbeid er no i gang for bygga som skal rivast og skiftast ut neste år. Nyleg forlenga Bane NOR avtalen med entreprenøren Mesta med eitt år.

Vêret styrer

Reisverket og stålplatene til tak og veggar kom på 27 vogntog frå Romania til Haugastøl stasjon. Derifrå vart alt frakta opp på fjellet med tog, sidan strekninga ikkje har vegsamband. For at togtrafikken skal gå som normalt, jobbar rallarane om natta. På det meste har over 50 mann vore i sving samstundes.

– Jobben er annleis enn alle andre, me er liksom fråkopla resten av verda. For ein som trivst på fjellet er det midt i blinken, men det kan vere tøffe tak. Sist søndag var me kliss våte etter ein time. Vinden ruska så kraftig i stålplatene at me måtte avbryte all løfting av omsyn til tryggleiken, fortel Rune Vikøren i Mesta.

I slutten av oktober er sesongen slutt for i år, og bygget må vere tett. Byggjeleiar Jon-Anders Hefte stadfestar at prosjektet er i rute.

Fakta: Snøoverbygg på Bergensbanen

  • Totalt 11 kilometer
  • Tre ulike bygg på totalt 330 meter er fornya i 2019
  • Takplatene er av 9 mm stål, 8 meter lange og veg 80 kilo
  • Snøoverbygga får vindauge og dører og vert breiare enn dei gamle trebygga
  • Mesta har vore entreprenør i tre år og held fram i 2020
  • Arbeidet vert gjort mellom togavgangane på nattestid
  • Prosjektet har eit budsjett på 75 millionar kroner per år

Nøkkelord

Kontakter

Ingunn Halvorsen, Kommunikasjonsleiar i Bane NOR, Område Sør–Vest, 970 89 209, ingunn.halvorsen@banenor.no

Bilder

Byggjeleiar Jon-Anders Hefte i Bane NOR (t.h.) og arbeidsformann Rune Vikøren i Mesta samarbeider tett om dei nye snøoverbygga på Bergensbanen. Foto: Ingunn Halvorsen/Bane NOR
Byggjeleiar Jon-Anders Hefte i Bane NOR (t.h.) og arbeidsformann Rune Vikøren i Mesta samarbeider tett om dei nye snøoverbygga på Bergensbanen. Foto: Ingunn Halvorsen/Bane NOR
Last ned bilde
Frede Skartun frå Mesta arbeider på takkonstruksjonen medan kollega Endre Rygg passar på frå bakken. Foto: Ingunn Halvorsen/Bane NOR
Frede Skartun frå Mesta arbeider på takkonstruksjonen medan kollega Endre Rygg passar på frå bakken. Foto: Ingunn Halvorsen/Bane NOR
Last ned bilde
Bygget i Tjoadalen vest for Hallingskeid like før dei siste stålplatene kom på plass. Foto: Ingunn Halvorsen/Bane NOR
Bygget i Tjoadalen vest for Hallingskeid like før dei siste stålplatene kom på plass. Foto: Ingunn Halvorsen/Bane NOR
Last ned bilde
Rivinga av gamle trebygg starta tidleg i vår, som her aust for Hallingskeid. Foto: Rune Vikøren/Mesta
Rivinga av gamle trebygg starta tidleg i vår, som her aust for Hallingskeid. Foto: Rune Vikøren/Mesta
Last ned bilde
Anleggsarbeidet vert gjort mellom togavgangane, hovudsakeleg om natta. På det meste har over 50 mann vore i sving samstundes. Foto: Ingunn Halvorsen/Bane NOR
Anleggsarbeidet vert gjort mellom togavgangane, hovudsakeleg om natta. På det meste har over 50 mann vore i sving samstundes. Foto: Ingunn Halvorsen/Bane NOR
Last ned bilde

Lenker

Om Bane NOR

Bane NOR
Bane NOR
Schweigaards gate 33
0191 Oslo

22 45 50 00https://www.banenor.no

Bane NOR er et statlig foretak med ansvar for den nasjonale jernbaneinfrastrukturen.

Foretaket har ansvaret for planlegging, utbygging, forvaltning, drift og vedlikehold av det nasjonale jernbanenettet, trafikkstyring og forvaltning og utvikling av jernbaneeiendom. Bane NOR har det operative koordineringsansvaret for sikkerhetsarbeidet og operativt ansvar for samordning av beredskap og krisehåndtering.

Bane NOR har om lag 3.500 ansatte og har hovedkontor i Oslo.

Følg pressemeldinger fra Bane NOR

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Bane NOR på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Bane NOR

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye