Den norske kirke

Ber heile samfunnet fordømme nynazistisk demonstrasjon

Del

– Det er uakseptabelt at nynazistar demonstrerer på denne måten framfor ein synagoge, seier preses Olav Fykse Tveit.

Preses i Den norske kyrkja Olav Fykse Tveit ber heile det norske samfunnet fordømme nynazistanes demonstrasjon. Foto: Bo Mathisen
Preses i Den norske kyrkja Olav Fykse Tveit ber heile det norske samfunnet fordømme nynazistanes demonstrasjon. Foto: Bo Mathisen

For få år sidan gjennomførte den nynazistiske organisasjonen sine aksjoner om natta i dekke av mørket. Nå står dei på open gate i fullt dagslys utanfor synagogen og demonstrerer.

Preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit reagerer sterkt på demonstrasjonen som føregjekk utanfor synagogen i Oslo under Jom Kippur-feiringa måndag.

– Alle må fordømma dette, sier Fykse Tveit. – Det fell ikkje berre på oss som religiøse samarbeidspartnarar, men heile det norske samfunnet å vere krystallklare på dette.

Uttrykkjer støtte til Det Mosaiske Trossamfund

Fykse Tveit og internasjonal direktør i Kyrkjerådet Berit Hagen Agøy har båe vore i kontakt med leiinga ved synagogen for å uttrykkje si reaksjon etter hendinga måndag. Dei forsikrar om at Den norske kyrkja står saman med Det Mosaiske Trossamfund i kampen mot antisemittisme og jødehat.

– Dette gjer oss sinte og uendeleg triste, for dette skal dei sleppe å oppleve, seier Berit Hagen Agøy. – Det vekkjer minne om tider vi skulle ønske at for alltid var fortid. 

– At nynazistar bruker ein jødisk høgtidsdag til slikt, er avskyeleg, seier Fykse Tveit. – At dei speler på minner om tidlegare tragedier, gjer det ekstra ille. 

Nøkkelord

Kontakter

Olav Fykse TveitPreses i Bispemøtet

Bilder

Preses i Den norske kyrkja Olav Fykse Tveit ber heile det norske samfunnet fordømme nynazistanes demonstrasjon. Foto: Bo Mathisen
Preses i Den norske kyrkja Olav Fykse Tveit ber heile det norske samfunnet fordømme nynazistanes demonstrasjon. Foto: Bo Mathisen
Last ned bilde

Om Den norske kirke

Den norske kirke
Den norske kirke
Kirkens hus - Rådhusgata 1-3
0151 Oslo

23 08 12 00https://kirken.no

Følg saker fra Den norske kirke

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Den norske kirke på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Den norske kirke