Sounds Like Gold

Benedicte Maurseth med ein hyllest til Heilo-fuglen på Hardangervidda

21.1.2022 10:39:31 CET | Sounds Like Gold | Pressemelding

Del
Den anerkjende, nyskapande og visjonære musikaren Benedicte Maurseth kjem no med låta "Heilo", første singel frå det kommande albumet "Hárr" (Hubro). Framført og komponert av Maurseth, saman med Mats Eilertsen, Håkon Mørch Stene og Rolf-Erik Nystrøm.
Benedicte Maurseth. Photo: Øystein Haara.
Benedicte Maurseth. Photo: Øystein Haara.

Benedicte Maurseth - "Heilo", singel release 21. januar

Lytt her

Benedicte Maurseth er oppvaksen på Maurset i Eidfjord, like ved nasjonalparken, og har gått i fjella der heile sitt liv, noko som tydeleg legg grunnlaget for denne musikalske vandringa.

Første singel frå albumet Hárr (ute 25. februar) med tittelen Heilo er tileigna den trufaste fuglen med same namn, som gjerne er den fuglen ein høyrer og ser fyrst av alle når ein er på Hardangervidda. 

Hárr er opphavleg eit tingingsverk av Benedicte Maurseth, arrangert og framført i samarbeid med blant andre Mats Eilertsen og Håkon Stene til Hardanger Musikkfest i 2019. Hárr er det norrøne namnet for Hårteigen, det mest særmerkte fjell på Hardangervidda

Maurseth er mellom anna inspirert av økosofi, den miljøfilosofiske retninga utvikla Arne Næss, der menneska ikkje står over annan natur og dyreliv, men er del av eit økologisk system i gjensidig avhengigheit. Låta "Heilo" framvisar det å vera i samspel med naturen på beste vis, kor musikarane spelar med og vidare på rytmikken til den karakteristiske lyden frå fuglen.

The music follows winding paths of the imagination, mixing Maurseth’s Hardanger fiddle with subtly-placed electronics and other instruments to create a moving, inviting bed of sound. “Heilo,” for instance, the longest piece on the disc, presents an utterly different artist from her 2019 solo release. Or does it? The music certainly isn’t traditional by any means, but the nature, the history that goes back generations – what is that but tradition? No pyrotechnics here, no devil’s trills. It’s Maurseth, embracing the past and touching the ground that has formed who she is. The result is gently majestic." - Chris Nickson (Rootsworld)

Benedicte Maursethhardingfelespelar, komponist og forfattar, er ein etablert og anerkjend utøvar. Ho har gått i lære hjå meisterspelemannen Knut Hamre gjennom fleire tiår, og har turnert i omfattande grad som solist i Norge og internasjonalt. Hennar samarbeid har vore med mange av dei fremste kunstnarar på tvers av sjangrar som Jon Fosse, Nils Økland, Marilyn Crispell, Rolf Lislevand, og Anne Marit Jacobsen. Maurseth har fleire tingingsverk bak seg mellom anna for teater, film, og fleire album. For verket Tidekverv uroppført i 2017 vart ho tildelt NOPAs musikkpris, og hennar spesialskrivne song «Very full» for Marvel Studio til TV-serien Loki, kom nyleg høgt på Billboard-lista. Maurseth har også spelt inn fleire album for Grappa Musikkforlag og ECM Records, og har skrive bøker, artiklar og essay. 

Benedicte Maurseth: hardingfele 
Mats Eilertsen: kontrabass, elektronikk 
Håkon Stene: vibrafon, perkusjon, elektronikk 
Gjest:

Rolf-Erik Nystrøm: saksofon 

Lanseringskonsertar 19.-23. januar 2022 med Benedicte Maurseth, Mats Eilertsen, Håkon Mørch Stene og Christian Wallumrød: 

19. januar, PLAYDATE, Bergen 
20. januar, Kabuso, Øystese 
21. januar, Riksscenen, Oslo 
23. januar, Moss kirke, Moss 

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Benedicte Maurseth. Photo: Øystein Haara.
Benedicte Maurseth. Photo: Øystein Haara.
Last ned bilde
Foto av Benedictes tippoldefar, Frantz Gustav Andersson Törna, tatt på Hardangervidda rundt 1930. Cover design: Aslak Gurholt (Yokoland).
Foto av Benedictes tippoldefar, Frantz Gustav Andersson Törna, tatt på Hardangervidda rundt 1930. Cover design: Aslak Gurholt (Yokoland).
Last ned bilde

Lenker

Om Sounds Like Gold

Sounds Like Gold
Sounds Like Gold
Dronningens gate 16
0152 Oslo

http://www.soundslikegold.com

Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold

ANNA LILLE ER TILBAKE - ‘THAT’S A YEAR’ ER UTE NÅ7.8.2026 09:54:14 CEST | Pressemelding

Norges indie-pop-stjerne in the making, Anna Lille, er tilbake med en relaterbar og sylskarp pop-banger! Anna Lille’s stemme har allerede fanget oppmerksomheten til globale superstjerner som Justin Bieber og Billie Eilish på nett. Og nå på sin nye singel «That's a Year», synger hun om den spesifikke følelsen av å gå ut av et forhold og lure på om det hele var bortkastet tid, men så å gradvis oppdage at livet på den andre siden er uendelig mye bedre. Låten er bittersøt, litt ironisk, og veldig Anna. Anna Lille er tilbake, modigere, mer selvsikker og sassier enn noensinne. Sammen med singelen slipper hun en offisiell musikkvideo på YouTube, som tar deg med inn i det nye universet visuelt.

Andreas Rotevatn & Tuva Syvertsen tek deg på ei sonisk berg- og-dal-bane med kronisk rytmefot - "Ad infinitum" ute no7.8.2026 09:07:00 CEST | Pressemelding

Frå ømt og intimt til eit vilt klimaks av ein band-jam - låta "Ad infinitum" tek deg på ei sonisk berg- og-dal-bane med kronisk rytmefot. Sjå for deg at Veronica Maggio leier eit vekkelsesmøte i indremisjonen kor målet er å gire forsamlinga opp med pur glede og suggesjon. Liturgien til den her seansen er Rotevatn sin tekst på arkaisk nynorsk, og krinsar kring at jaget mot noko nytt og sjølvrealisérande er ein uendeleg prosess. "Ad infinitum", frå Andreas Rotevatn si komande plate "Mellom saltvatn og sola", er ute no!

Et tilfeldig møte med en eks ble til Yngvils nye singel "Blindvei" - ute nå!7.8.2026 09:05:00 CEST | Pressemelding

Et tilfeldig møte med en eks utenfor Operaen fikk visepop-artisten Yngvil til å innse noe; to mennesker kan se tilbake på det samme forholdet med vidt forskjellige oppfatninger av hva som egentlig skjedde. På den nye singelen "Blindvei", fra den kommende EP-en "PS: ikke si det til noen", møter sårbar historiefortelling et smittende refreng og et varmt poputtrykk. "Blindvei" er ute nå! Lytt her.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye