Samferdselsdepartementet

Belønningsavtale: Buskerudbyen får 160 millionar kroner til kollektivtransport, sykkel og gange

Del
- Regjeringa bidreg no med 160 millionar kroner for at folk i Buskerudbyen kan få ein enklare reisekvardag. Skal fleire velje å gå, ta buss eller sykle må vi legge til rette for at det vert enklare og at dei får eit forbetra tilbod. Difor tilbyr regjeringa no eit betydeleg beløp for transportløysingar i Buskerudbyen, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Buskerudbyen får no tilbod om ein ny belønningsavtale på til saman 160 millionar kroner for perioden 2020-2021. Midlane vert fordelt med 80 millionar kroner i 2020, og med same beløp i 2021.

Målet med avtalen er at det skal bli betre framkome, miljø og helse i Buskerudbyen (Buskerud fylkeskommune, Drammen kommune, Lier kommune, Kongsberg kommune, Nedre Eiker kommune og Øvre Eiker kommune). Pengane skal mellom anna gå til betre kollektivtransport, inkludert betre pendlarparkering og knutepunkt.

I avtaleperioden skal det vere nullvekst i persontransporten med bil. Målsettinga for trafikkutvikling skal nås gjennom tiltak som fremjar kollektivtransport, sykkel og gange, arealpolitiske verkemiddel, parkeringspolitikk og ytterligare samferdselssatsing.

Pengane skal ikkje erstatte midlar frå lokale myndigheiter.

Nøkkelord

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye