Mattilsynet

Basisundersøkelse av Førdefjorden viser at sjømaten er trygg

Del
Mattilsynet har kartlagt nivået av miljøgifter i fisk og sjømat i Førdefjorden i Sogn og Fjordane før det eventuelt vert oppretta eit sjødeponi med gruveavfall. Kartlegginga viser at fisk, blåskjel og kreps i har låge nivå av miljøgifter og er trygg å ete.
Mattilsynet har undersøkt sjømaten i Førdefjorden før det eventuelt kjem eit sjødeponi for gruveavfall. Resultata viser at fisk og skjell i dag har låge nivå av miljøgifter.
Mattilsynet har undersøkt sjømaten i Førdefjorden før det eventuelt kjem eit sjødeponi for gruveavfall. Resultata viser at fisk og skjell i dag har låge nivå av miljøgifter.

Førdefjorden ligg nord for Sognefjorden, 50 kilometer innover frå Florø. Det er omfattande fiske og oppdrett i den 36 kilometer lange fjorden. I 2007 vart Førdefjorden nasjonal laksefjord av omsyn til laksebestanden i lakseelvane Nausta og Jølstra.

Viktig med ei null-måling

I 2015 ga regjeringa løyve til gruveverksemd i Engebøfjellet i Naustdal kommune og deponering i Førdefjorden.

- Det er viktig i seg sjølv å vite tilstanden for sjømaten i fjorden. Men ekstra viktig har det vore å få greie på det før det eventuelt vert oppretta eit sjødeponi for gruveavfall. No kan seinare undersøkingar syne om utslepp påverkar mattryggleiken eller ikkje, seier Elisabeth Wilmann, direktør for fisk og sjømat i Mattilsynet.

Lite miljøgifter, men nokre funn som samsvarar med kysten elles

Havforskningsinstituttet har på oppdrag frå Mattilsynet undersøkt brosme, torsk, sjøkreps og blåskjel for ulike miljøgifter som kvikksølv, kadmium og dioksinar mm.

Nivåa av framandstoff i dei undersøkte prøvene var stort sett relativt låge. Blåskjela var ubetydeleg til lite forureina. I lever frå fiskene og i brunmat frå krabber og kreps fann forskarane både tungmetall og organiske miljøgifter.

Nivåa av organiske miljøgifter overskreid grenseverdiar i nokre av fiskeleverane frå torsk og alle levrane frå brosme. Nokre av filetprøvane frå brosme overskreid grenseverdien for kvikksølv i filet.

- Desse overskridingane heng meir saman med art enn med stad. Dette er vanlege observasjonar langs norskekysten og for brosme også i ope hav, seier Wilmann.

Mattilsynet har difor ei generell åtvaring mot å ete fiskelever frå sjølvfanga fisk frå kystområda.

Les rapporten: Basisundersøkelse av fremmedstoff i sjømat i Førdefjorden 2019 

Kontakter

Bilder

Mattilsynet har undersøkt sjømaten i Førdefjorden før det eventuelt kjem eit sjødeponi for gruveavfall. Resultata viser at fisk og skjell i dag har låge nivå av miljøgifter.
Mattilsynet har undersøkt sjømaten i Førdefjorden før det eventuelt kjem eit sjødeponi for gruveavfall. Resultata viser at fisk og skjell i dag har låge nivå av miljøgifter.
Last ned bilde

Om Mattilsynet

Mattilsynet
Mattilsynet
Felles postmottak - postboks 383
2381 Brumunddal

22 40 00 00https://www.mattilsynet.no

Mattilsynet er eit statleg, landsdekkjande forvaltingsorgan som er med på å sikre forbrukarane trygg mat og trygt drikkevatn. Vi skal fremje folke-, plante- , fiske- og dyrehelse, miljøvennleg produksjon og etisk forsvarleg hald av fisk og dyr. Mattilsynet har også oppgåver i høve til kosmetikk og legemiddel og fører tilsyn med dyrehelsepersonell.

Mattilsynet sine roller er å utarbeide framlegg til, forvalte og rettleie om regelverk, føre eit risikobasert tilsyn, formidle informasjon og kunnskap og ha beredskap. Mattilsynet skal gi faglege råd til Landbruks- og matdepartementet, Nærings-og fiskeridepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Mattilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Mattilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Mattilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye