Skatteetaten

Aust-Agder: Skatteoppgjer for 9,5 milliardar kroner i 2018

Del
Skatteoppgjeret for 88 933 i Aust-Agder er no klart. Skattelistene blir tilgjengelege 5. november.

69 508 lønnstakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande i Aust-Agder fekk tilbakebetalt skatt på til saman 834 millionar kroner i skatteoppgjeret i år. 14 877 betalte restskatt på til saman 435 millionar kroner. For dei som fekk skatt til gode var snittbeløpet 12 006 kroner, mens snittbeløpet for dei som fekk restskatt var 29 256 kroner.

Skatteoppgjeret for heile landet viser at lønnstakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande til saman har betalt 514 milliardar kroner i skatt og avgift på inntekt og formue. 332 000 selskap har betalt til samen 85 milliardar kroner i skatt (unntatt skatteinntekter frå oljeverksemda).

Lurt å sjekke skattekortet

– Dei fleste får enten pengar til gode eller restskatt. Årsaka er at dei økonomiske forholda dine blei annleis enn det skattetrekket blei berekna til i starten av inntektsåret. Ønsker du å unngå restskatt eller å bli trekt for mykje i framtida er det viktig at du justerer opplysningane dine ved å endre skattekortet, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal.

Endrar du skattekortet får arbeidsgivar automatisk beskjed og hentar nytt skattekort.

- Skjer det større eller mindre endringar i økonomien din, bør du endre skattekortet slik at skattetrekket blir riktig. Det er enkelt å endre opplysningar om du har behov for det, seier Gjengedal

Her kan du endre skattekortet ditt:skatteetaten.no/endre

Skulle du oppdage feil i skatteoppgjeret, kan du i dei fleste tilfelle framleis endre det sjølv slik at Skatteetaten kan rette opp opplysningane, berekne skatten på ny og sende deg eit nytt skatteoppgjer.

Sjå rettleiar som hjelper deg å endre skatteopplysningar: skatteetaten.no/klage

Du kan søke i skattelistene

Skattelistene for inntektsåret 2018 er tilgjengeleg for søk på skatteetaten.no frå klokka 07.00, tysdag 5. november. Søk omfattar nettotal for personar og selskap. Det blir loggført kven som har søkt på deg i skattelistene.

Sidan oktober i fjor har det vore 1,6 millionar søk i skattelistene på skatteetaten.no, fordelt på 482 000 unike innloggingar. Det er omtrent likt med året før. Til samanlikning var det i året før loggføring av søk blei innført, 16,5 millionar søk fordelt på nær 927 000 unike innloggingar. 239 000 har vore inne og sjekka kven som har søkt på dei, noko som er på nivå med året før.

Skattelistene er tilgjengelege her: skatteetaten.no/skattelistene

Tal for skatteoppgjeret fordelt på kommune er her: skatteetaten.no/nokkeltall

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Last ned bilde
– Dei fleste får enten pengar til gode eller restskatt. Årsaka er at dei økonomiske forholda dine blei annleis enn det skattetrekket blei berekna til i starten av inntektsåret. Ønsker du å unngå restskatt eller å bli trekt for mykje i framtida er det viktig at du justerer opplysningane dine ved å endre skattekortet, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal.
– Dei fleste får enten pengar til gode eller restskatt. Årsaka er at dei økonomiske forholda dine blei annleis enn det skattetrekket blei berekna til i starten av inntektsåret. Ønsker du å unngå restskatt eller å bli trekt for mykje i framtida er det viktig at du justerer opplysningane dine ved å endre skattekortet, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal.
Last ned bilde

Dokumenter

Om Skatteetaten

Skatteetaten
Skatteetaten
Fredrik Selmers vei 4
0663 Oslo

800 80 000http://www.skatteetaten.no

I Skatteetaten jobber vel 7000 ansatte mot samme mål; å sikre finansieringen av velferdssamfunnet. Skatteetaten er underlagt Finansdepartementet, og har ansvaret for et oppdatert folkeregister og at skatter og avgifter blir fastsatt og innbetalt på riktig måte.

Følg pressemeldinger fra Skatteetaten

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Skatteetaten på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Skatteetaten

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye