Helse Vest RHF

Auka tiltru til sjukehusa i koronakrisa

Del
Tiltrua innbyggjarane har til sjukehusa på Vestlandet har auka under koronapandemien. Det viser ei fersk befolkningsundersøking gjennomført av Respons Analyse. Samtidig viser undersøkinga at enkelte har unnlate å ta kontakt med sjukehusa i frykt for å vere til bry.
Foto: Katrine Sunde / Helse Bergen
Foto: Katrine Sunde / Helse Bergen

Meir enn 2 000 Vestlendingar over 18 år har svara på undersøkinga som blei gjort av Respons Analyse i mai i år. Der blei dei blant anna spurde om tiltrua til at dei ville få den behandlinga dei treng, om dei har fått utsett behandling i perioden, om dei har nytta videokonsultasjon i behandlinga, korleis kontakten med sjukehuset har vore og om informasjonen frå sjukehuset har vore lett å forstå. Undersøkinga blei gjort på oppdrag frå Helse Vest og nyttast i evalueringa av kommunikasjonen frå Helse Vest og sjukehusa i perioden frå 12. mars til utgangen av mai.

- Det er gledeleg å sjå at tiltrua til sjukehusa er så høy og at innbyggjarane opplever at vi har handtert pandemien på ein god måte. Dette har vore, og er framleis, ein krevjande situasjon. Resultata speglar den enorme innsatsen som er gjort av leiarar og medarbeidarane i sjukehusa og deira kompetanse og evne til rask omstilling til situasjonen. Dei gode resultata er i så måte ein stor honnør til alle medarbeidarane i helsetenesta, seier administrerande direktør i Helse Vest RHF, Inger Cathrine Bryne.

God handtering av pandemien

Spørsmåla i undersøkinga består av både spørsmål om åtferd og vurderingar. For vurderingsspørsmåla er det nytta ein 1-5 skala, der 1 er dårlegast og 5 er best. Innhaldet i skalaen varierer frå tilfredsheit til kor einige ein er i ulike utsegn. Dei spurte har eit svært godt inntrykk av sitt nærmaste sjukehus si handtering av koronapandemien. Snittscoren er her er på 4,6 for alle føretaka i Helse Vest.

Sidan 12. mars svarar 16 prosent at dei har vore pasient eller pårørande ved eit av sjukehusa sine behandlingsstader. 13 prosent har fått utsatt/kansellert behandling for seg eller sine nærmaste i perioden etter 12. mars.

- Dei spurte har stor tiltru til at dei vil få den behandlinga dei treng både om ein blir sjuk av Covid-19 (snitt på 4,6), og om ein har behov for anna sjukehusbehandling (4,4). Då innbyggjarane blei spurde om dette i oktober 2019, var snittscoren her på 4,2 så koronapandemien har heilt klart bidrege til å auke tilliten og tiltrua til sjukehusa, seier kommunikasjonsdirektør i Helse Vest, Bente Aae.

Både pasientar og pårørande er godt nøgde med erfaringa dei har hatt med sjukehuset etter 12. mars. Stort sett ligg snittscoren godt over 4 på alle spørsmåla. For dei som i perioden har vore i kontakt med sjukehuset er dei stort sett godt nøgde med informasjonen som er formidla. Samla tilfredsheit for informasjonen som er gitt ligg på 4,3.

Vil ikkje belaste sjukehusa i koronakrisa

Fire prosent av dei spurte svarte at dei sjølve eller nokre av sine nærmaste har latt vere å ta kontakt med sjukehuset sjølv om det har vore behov for det etter 12. mars. Den viktigaste årsaka til dette var at dei ikkje vil belaste sjukehusa i Koronakrisa.

- Dette ser vi på som svært uheldig, men er i tråd med det sjukehusa sjølve opplevde og rapporterte om. Fleire pasientar kom seint til sjukehus fordi dei vegra seg for å ta kontakt med naudetatane i frykt for å vere til bry. Her må vi vere klarare i kommunikasjonen vår tida som kjem. Har du skada deg eller mistenker alvorleg sjukdom, skal du ringje 113 eller kontakte fastlegen din. Som du ville gjort elles. Sjølv om vi står i ein pandemi er sjukehusa godt rusta til å ta seg av alvorleg sjuke og dei som treng augeblikkeleg hjelp, understrekar Aae.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Foto: Katrine Sunde / Helse Bergen
Foto: Katrine Sunde / Helse Bergen
Last ned bilde
Foto: Colourbox
Foto: Colourbox
Last ned bilde

Om Helse Vest RHF

Helse Vest RHF
Helse Vest RHF
Postboks 303 Forus
4066 Stavanger

+47 51 96 38 00https://helse-vest.no/

Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Vi har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. I heile Helse Vest er det om lag 30 000 tilsette som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane på Vestlandet. Helse Vest er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vi eig dei fem helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.

Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye