Auka openheit om eigarskap i norsk næringsliv
12.10.2021 10:10:00 CEST | Nærings- og fiskeridepartementet | Pressemelding

– Betre opplysningar om kven som eig eller kontrollerer norske føretak styrker dei seriøse aktørane i norsk næringsliv. Registeret vil bidra til auka openheit om aksjeeigarar og andre reelle rettshavarar, og er eit viktig tiltak for å motverke kvitvasking, korrupsjon og skattekriminalitet, seier næringsminister Iselin Nybø (V).
Reelle rettshavarar er dei fysiske personane som blir sett på å ha endeleg eigarskap eller kontroll over mellom anna selskap. Eit offentleg digitalt register vil både gjere det enklare å rapportere og få tilgang til opplysningar om reelle rettshavarar, til dømes for føretak som er rapporteringspliktige etter kvitvaskingsregelverket. Dette er ei oppfølging av EUs fjerde kvitvaskingsdirektiv og arbeidet er allereie påbegynt i Brønnøysundregistera.
For omtrent ein halv million selskap i Noreg vil innføring av registeret bety ei plikt til å registrere opplysningar om reelle rettshavarar i eigne selskap. Dette er dei personane som kan øve ein tilstrekkeleg innverknad over selskapa. Dette vil vere enkelt å identifisere for dei fleste føretak. Pliktene til å kartlegge og dokumentere kven desse er, trer i kraft 1. november 2021.
Det nye registeret skal vere tilgjengeleg for allmennheita, utan krav om innlogging eller gebyr.
Bilder

Om Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementetKongens Gate 8
0032 Oslo
Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd
Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.
Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Næringsminister Cecilie Myrseth til Brussel 25.-26. mars21.3.2026 08:00:07 CET | Presseinvitasjon
Næringsminister Cecilie Myrseth reiser til Brussel for å undertegne Secure Connectivity avtalen med EU.
Regjeringen foreslår cruiseavgift20.3.2026 11:30:00 CET | Pressemelding
Regjeringen foreslår at kommuner som har særlig stor belastning fra reiselivet kan innføre en moderat avgift for cruisepassasjerer. Forslaget om cruiseavgift sendes nå på høring.
Presseinvitasjon: Næringsminister Myrseth reiser til Paris for å styrke næringslivssamarbeidet med Frankrike19.3.2026 15:09:13 CET | Pressemelding
Næringsminister Cecilie Myrseth besøker Paris 23.–24. mars for å videreutvikle det tette fransk-norske næringslivssamarbeidet.
Fiskeri- og havministeren møtte kongressmedlemmer i Washington D.C.19.3.2026 13:27:27 CET | Presseinvitasjon
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss møtte mandag 16. mars sentrale medlemmer av Kongressen for å styrke dialogen om havpolitikk, grønn maritim utvikling og samarbeid mellom Norge og USA.
Presseinvitasjon: Fiskeri- og havministeren til Lofoten og VM i skreifiske18.3.2026 13:40:27 CET | Pressemelding
Skulebesøk og VM i skreifiske står på agendaen når fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss besøker Kabelvåg og Svolvær, fredag 20. mars.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom