Sparebanken Vest

Auka etterspørsel og betre lønnsemd for vestlandsbedriftene

Del
Optimismen er tilbake for fullt for vestlandsbedriftene – det viser den ferske Vestlandsindeksen. Framover blir det fart på etterspørselen, og bedriftsleiarane forventar at lønnsemda skal stige.

Næringslivsleiarane på Vestlandet melder om ein sterk auke i forventningane til dei neste seks månadene. Det viser Vestlandsindeken for andre kvartal 2021. Forventningsindeksen endar på 65,6 poeng, opp frå 61,1 poeng frå første kvartal.

Resultatindeksen, som gir eit bilde av dei økonomiske resultata frå bedriftene dei tre siste månadane, går frå 55 til 58 poeng. Dette er framleis under historisk snitt i Vestlandsindeksen.

Etterspørselen driv forventningane opp

– Gjenopninga får fart på forventningsindeksen, som no ligg over det historiske gjennomsnittet sitt på 64 poeng. Veksten skylder først og fremst høgare forventningar til etterspørsel, akkurat som fallet i byrjinga av koronakrisa var driven av eit brått og stort fall i etterspørselen, seier Ragnhild Janbu Fresvik, konserndirektør for bedriftsmarknad i Sparebanken Vest.

Forventningane til etterspørselen har stige med 4,6 poeng sidan førre indeks og ligg no på 65,2 poeng. Ein må tilbake til Vestlandsindeksen i tredje kvartal 2019 for å finne førre gang indeksen låg på tilsvarande nivå.

Meir effektiv ressursutnytting gir høgare forventningar til lønnsemd

Sjølv om pilene peikar oppover, er ikkje forventningane like høge til auka investeringar. Bedriftsleiarane rapporterer heller ikkje om ein tilsvarande forventa oppgang i tilsetjingar.

Dette indikerer at mange bedrifter har ledig kapasitet til å ta unna veksten i etterspørselen. Kombinasjonen av forventning til etterspørselvekst utan tilsvarande auke i sysselsetjing gjer at forventingane til lønnsemd har stige med heile 4,9 poeng frå første kvartal. Då er vi tilbake på same nivå som før pandemien hende – med 62,8 poeng.

– Sysselsetjinga har fått ei utflating på grunn av ledig kapasitet i mange næringar. Viss etterspørselen aukar som forventa, så vil bedriftene måtte tilsetje fleire. Det er godt nytt for arbeidsmarknaden. Men enn så lenge så går etterspørselen litt føre sysselsetjinga, seier Fresvik.

Rogaland i tet

Med 69,6 poeng er det Rogaland som har størst forventning til etterspørsel dei kommande seks månadene. Same region forventar òg høgast lønnsemd blant dei fire regionane.

Fordelt etter næringar er det varehandelen som forventar størst lønnsemd, følgd av overnattings- og serveringnæringa og jordbruk, skogbruk og fiske. Det er òg jordbruks-, skogbruks- og fiskenæringa som har størst forventningar til etterspørselen dei kommande seks månadene – med heile 71,3 poeng.

Råvaremangel

27 prosent av bedriftene med over 50 millionar i omsetning, som har kapasitetsvanskar, seier at avgrensa tilgang til råvarer er ein av faktorane.

– Aldri før i Vestlandsindeksen si historie har avgrensingar i råvaretilgang vore på eit så høgt nivå, seier Fresvik og peikar på fleire knappleiksfaktorar, mellom anna grunnstøytinga i Suezkanalen i mars.

Omsetning tilbake til normalen

Vestlandsbedriftene rapporterer at dei forventar at omsetninga vil vere tilbake til normalen om knappe tre månader. Men omsetninga i dag er framleis i snitt sju prosent lågare enn kva bedriftene hadde sett for seg forut for koronakrisa.

Næringa som er minst optimistisk til forventa omsetningsendring på grunn av koronakrisa, er framleis overnattings- og serveringverksemder – som forventar å vere tilbake til normal omsetning først om eitt år.

I den andre enden av skalaen finn ein bygg- og anleggsnæringa og varehandelen, som i snitt rapporterer å vere tilbake på same omsetningsnivå som før koronakrisa hende.

1 av 5 bedrifter fører klimarekneskap

Ein ser ein tydeleg og positiv trend i klimamedvit blant vestlandsbedriftene. Bedrifter som svarer at dei gjennomfører målingar og lager miljørekneskap har stige frå 16 prosent i Vestlandsindeksen første kvartal 2020, til 21 prosent i årets andre kvartal.

1 av 5 bedrifter seier òg at dei stiller krav til kundane sine, leverandørar eller samarbeidspartnarar om måling av eigne utslepp.

– Det er positivt å registrere at den største drivaren for å måle miljøpåverknad er bedrifta sine eigne kundar – eit kommersielt drive berekraftsarbeid, seier Åsne Ådland-Dale, berekraftsansvarleg i Sparebanken Vest.

Ho legg til:

– Det er truleg ein dominoeffekt i verdikjedepåverknad, ved at selskapa stiller krav til måling av miljøpåverknad i eiga verdikjede, som igjen motiverer andre selskap i verdikjeda til å gjere det same. Denne snøballeffekten kan vi forvente at EUs taksonomi kan få ytterlegare opp i fart.

Ådland-Dale understrekar at Sparebanken Vest har ei viktig rolle som rådgjevar når det gjeld forholdet kundane har til berekraft.

– Vi skal stimulere til vekst på heile Vestlandet gjennom å tilby dei riktige finansielle råda til kundane våre og insentivere og gjere det enklare for kunden å ta berekraftige val som kan sikre konkurransekraft.

Små bedrifter veit lite om klimamåla

I fjor vart EU sin taksonomi vedtatt, eit felles europeisk rammeverk for aktivitetar som kan definerast som grøn og berekraftig. Formålet er å stimulere offentlege og private investeringar som trengst for å sikre overgangen til ein klimanøytral økonomi.

Last ned og les heile Vestlandsindeksen for 2. kvartal 2021 på spv.no

For å se denne videoen, må du gi ditt samtykke øverst på denne siden.Sjå Nils Aadland, direktør for samfunnskontakt i Salmon Group, Ragnild Janbu Fresvik, konserndirektør for bedriftsmarknad i Sparebanken Vest og Kjetil Benson, leiar for Markets i Sparebanken Vest, diskutere funna i Vestlandsindeksen.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Last ned bilde
Ragnhild Janbu Fresvik, konserndirektør for bedriftsmarked i Sparebanken Vest. Foto: Herman Øberg.
Ragnhild Janbu Fresvik, konserndirektør for bedriftsmarked i Sparebanken Vest. Foto: Herman Øberg.
Last ned bilde
Last ned bilde
Last ned bilde
Last ned bilde
Last ned bilde
Last ned bilde
Last ned bilde
Last ned bilde

Om Sparebanken Vest

Sparebanken Vest
Jonsvollgaten 2
5011 Bergen

915 05 555https://www.spv.no

Sparebanken Vest er landets tredje største sparebank. Vi er et komplett finanshus for mer enn 290.000 person- og bedriftskunder. Vi er stolt over å være et selvstendig finanskonsern med hovedkontor i Bergen med en sentral rolle i mye av den verdiskapningen som skjer på Vestlandet.

Følg pressemeldinger fra Sparebanken Vest

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sparebanken Vest på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sparebanken Vest

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye