Åtte av ti matreklamar retta mot barn bryt WHOs retningsliner
SIFO-forskarar har kartlagd usunn matreklame som barn får rett inn i mobilen sin.

Overvekt blant barn aukar, også i Noreg. Som eit av mange tiltak for å kjempe mot dette ønskjer helsestyresmaktene å finne ut kor stor del marknadsføring av usunn mat og drikke speler.
– Det er ein samanheng mellom overvekt og reklame for usunn mat og drikke, seier Kamilla Knutsen Steinnes ved Forbruksforskingsinstituttet SIFO, OsloMet.
Saman med Vilde Haugrønning har ho stått for eit pilotprosjekt i regi av Verdas helseorganisasjon (WHO). Store delar av Europa, samt Canada, er involvert i prosjektet, og Noreg er først ute.
Reklamar for pizza, kjøtt og brus
Ved hjelp av ein app har forskarane kartlagt kva for reklamar barn og unge får inn på mobilen sin når dei brukar Facebook, Instagram, Twitter og Youtube.
Dei finn at mat og drikke er ein av mange marknader som konkurrerer om merksemda til barna.
Av 5076 annonsar var ein av ti reklame for mat og drikke. Enda meir ville dei fått inn dersom Snapchat og TikTok var med, trur forskarane.
Dei ti mest annonserte matvarene var pizza, produkt av kjøtt, biffburgar, produkt av fisk, iskrem, søta drikke utan tilsett sukker, mjølkesjokolade, energidrikke, havregryn og søta drikke med tilsett sukker.
WHO strengare enn Noreg
Åtte av ti av desse reklamane er ikkje tillate, i følgje WHOs retningsliner. I Noreg er reglane mindre strenge. Vi har ikkje regulering, men sjølvregulering. Det er altså bransjen sjølv som regulerer kva for reklame dei sender ut.
– Sjølvregulering gjeld berre for reklame mot barn under 13 år. Reklamar retta mot barn over 13 år er ikkje inkludert i ordninga, forklarar Steinnes.
– Eksponeringa mot tenåringar er veldig høg, legg Vilde Haugrønning til.
Skreddarsydd reklame
Appen fangar opp reklame som er skreddarsydd mot barn, basert på barnas aktivitetar. Barnet er hovudbrukar av eininga og dei installerte plattformane for sosiale medium.
– Vi fann til dømes ein reklame for iskrem, fronta av artisten Astrid S. Og reklame for energidrikk med gamingkarakterar, begge tydeleg retta mot barn og unge, seier Haugrønning.
I følje WHOs reglar er det ikkje lov til å reklamere for energidrikkar mot barn og unge. I Noreg er det opp til bransjen si sjølvregulering. Som altså berre gjeld for barn opp til 13 år.
– Reklametrykket kan være enda større
– Sidan det digitale landskapet stadig er i endring er det vanskeleg å få god kunnskap utan å overvake barna, seier Haugrønning. – Vi har brukt den beste utvikla metoden til no.
Men nokre svakheiter har metoden. Appen fangar nemleg berre opp dei betalte reklamane som er merka som sponsa. Den fangar ikkje opp det som influensarar reklamerar for, og produktplassering.
– Dermed er reklametrykket mot barna enda større enn det vi kan dokumentere.
Påverknad frå influensarar
– Frå tidlegare studiar veit vi kor stor påverknadskraft influensarar har. Reklame for usunn mat og drikke kan påverke både inntak og haldningar og preferansar, seier Steinnes.
– Tidlegare studiar tyder på at når ein influensar viser usunn mat får følgjarane lyst til å ete den maten etterpå. Viss dei marknadsfører sunn mat får ikkje barna lyst på den på same måte, forklarar ho.
Dessutan seier barna sjølv at dei trur dei vert påverka meir enn dei er klar over av influensarane.
Dagens regelverk beskyttar ikkje barn og unge godt nok
Steinnes og Haugrønning si undersøking kan ikkje stadfeste ei direkte kopling mellom reklame for usunn mat og overvekt. Men dei peiker på at dagens regelverk ikkje beskyttar barn og unge på ein god nok måte.
– Regulering av digital reklame for mat og drikke er eit politisk utfordrande område, og eit område vi har lite kunnskap om. Mange ønskjer ei betre og meir omfattande regulering, fortel Steinnes.
– Vi foreslår at styresmaktene ser på regelverket og aldersgrensene. Kanskje WHOs og Noregs retningsliner bør samsvare litt betre. Slik det er i dag vert berre barn under 13 år beskytta, mens det er ungdom over 13 år som ser ut til å få mest reklame. Alle barn treng beskyttelse når dei er på nett.
– Den nye norske studien gir oss dei mest overtydande dataa vi til no har sett om dette temaet. Undersøkinga retter merksemda vår mot å vurdere kor eigna dagens retningsliner er for å beskytte barn og unge mot marknadsføringspresset. WHOs Europa-kontor vil saman med medlemslanda halde fram med å overvake og redusere digital marknadsføring av usunne produkt retta mot barn, seier dr. Kremlin Wickramasinghe, fungerande leiar for områda ernæring, fysisk aktivitet og overvekt ved WHOs Europa-kontor.
Bakgrunn for studien
I Noreg er det bransjen sjølv, i denne samanheng mat- og drikkeprodusentane, som regulerer kva for reklame dei skal sende ut på marknaden. Dei er mindre strenge enn Verdas helseorganisasjon (WHO) tilrår. Denne ordninga er omstridt, og difor ønska myndigheitene ei evaluering av ordninga. SIFO fekk i oppdrag å undersøkje kva slags mat- og drikkereklame norske barn og unge får inn på mobilen sin.
Forskarane brukar ein metode utvikla av Verdas Helseorganisasjon (WHO), ved Europa-kontoret for ikkje-smittsame sjukdommar. Data frå Noreg skal gå inn i ein stor rapport med data frå land i heile verda.
Last ned rapporten her
Kamilla Knutsen Steinnes og Vilde Haugrønning: Mapping the landscape of digital food marketing: Investigating exposure of digital food and drink advertisements to Norwegian children and adolescents. SIFO-rapport nr. 17-2020
Nøkkelord
Kontakter
Kamilla Knutsen Steinnes
Forbruksforskningsinstituttet SIFO
Tlf. 404 89 038
https://www.oslomet.no/om/ansatt/kamillak/
Vilde Haugrønning
Forbruksforskningsinstituttet SIFO
Tlf. 469 61 776
https://www.oslomet.no/om/ansatt/vildeh/
Kjersti LassenKommunikasjonsrådgiver SIFO
Tel:+47 920 94 990kjersti.lassen@oslomet.noBilder
Lenker
Om OsloMet
Forbruksforskningsinstituttet SIFO skal bidra til å belyse og forstå forbrukets og forbrukernes rolle og betydning i samfunnet og bidra til kunnskapsgrunnlaget for forbrukerpolitikken i Norge.
Følg saker fra OsloMet
Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra OsloMet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste saker fra OsloMet
Kluss i vekslinga? Samhandling, kontinuitet og kvalitet i eldres tjenesteforløp22.2.2021 14:54:58 CET | Pressemelding
Hva skjer når eldre pasienter med store hjelpebehov skrives ut fra sykehus og kommunene skal ta over? Er det mulig å få til et godt samarbeid tjenestene imellom uten at det blir kluss i vekslinga?
Slik har det gått med barnehagene under korona3.2.2021 11:00:00 CET | Pressemelding
Ny rapport viser hvilke konsekvenser pandemien har hatt for barnehager, foreldre og barn.
Hvordan endre forbruksvanene våre i en mer klimavennlig retning?28.1.2021 08:00:00 CET | Pressemelding
Holdningskampanjer virker dårlig for å få folk til å endre forbruksvaner. Det må andre virkemidler til for å få folk til å endre vaner i mer klimavennlig retning.
Lansering av rapport om nordmenns helsekompetanse21.1.2021 12:00:00 CET | Presseinvitasjon
Velkommen til webinar mandag 25. januar kl. 10.00-12.00.
Nye videreutdanninger i miljøvennlige bygg11.1.2021 08:25:26 CET | Pressemelding
OsloMet tilbyr nå videreutdanning i bygningsintegrerte solceller og energisimulering av bygninger.
Nærings- og Offentlig sektor-ph.d.: Forsknings-Norges best bevarte hemmelighet?11.12.2020 06:02:16 CET | Presseinvitasjon
Torsdag 14. januar inviterer OsloMet og Norges forskningsråd til debattmøte om Nærings-ph.d. og Offentlig sektor-ph.d. Dette er lite kjente ordninger der bedrifter og offentlig sektor som vil styrke sin kompetanse kan søke om et doktorgradsprosjekt.
I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom