Asfaltering i og ved ny rundkøyring på riksveg 5
26.11.2021 11:16:00 CET | Statens vegvesen | Pressemelding

Asfaltarbeida vil skje natt til tysdag og onsdag fyrstkomande veke, og arbeidstida er klokka 1800-0600.
Asfaltarbeida finn stad i den nye rundkøyringa ved avkøyringa mot Dalavegen, og området nærast denne rundkøyringa.
Stryn-firmaet Kveen AS er hovudentreprenør på arbeida i Gravensteinsgata, medan Veidekke AS underentreprenør på sjølve asfalteringa.
Eit vegarbeid i tre fasar
Vegvesenet sitt prosjekt i Gravensteinsgata skal gjera hovudgata i Sogndal enno tryggare for mjuke trafikantar; stimulera til meir sykling og leggja enno betre til rette for gåande.
Prosjektet er delt inn i tre fasar. Fase ein er Stedje bru – Ålkrysset, fase to Ålkrysset – Leighgota og fase tre er Leighgota – kulturhuset.
Fram til jul er det fase ein – frå Stedje bru til Ålkrysset – som vert utført.
Dette er prosjektet i Gravensteinsgata
* Gravensteinsgata på riksveg 5 er hovudgata gjennom Sogndal. Gata skal få ny gang- og sykkelveg, i tillegg til ei ny rundkøyring.
* Stryn-firmaet Kveen AS er entreprenør etter å ha levert eit tilbod på 40,3 millionar ekskl. mva.
* Gang- og sykkelveg blir etablert på nordsida av riksveg 5 gjennom Sogndal sentrum, og det blir rundkøyring i krysset mot Dalavegen på fylkesveg 5613.
* Anleggsområdet er ei strekning på om lag 600 meter; frå Stedje bru i vest til rundkøyringa ved Kulturhuset i aust.
* Dette vegstykket vert per i dag trafikkert av om lag 9.500 køyretøy i døgnet. Ti prosent, eller 950 av desse, er tunge køyretøy.
* Gravensteinsgata er den mest trafikkerte vegstrekninga i Sogndal. Lokale køyretøy utgjer mellom 60 og 80 prosent av trafikkmengda.
* Prosjektet skal vera ferdig i desember 2022.
Knutepunktet Sogndal
Sogndal er eit knutepunkt nord i Vestland fylke, i gamle Sogn og Fjordane.
Søraustover fra Sogndal, langs riksveg 5, kjem ein til Sognefjorden. Ein kort ferjetur seinare er det ikkje langt til E16.
Riksveg 5 kan ein og fylgja nordvestover mot Sunnfjord der ein møter E39. Vestover frå Sogndal fylgjer ein riksveg 13.
Det er ikkje berre på riksvegnettet at Sogndal er eit knutepunkt. Nordaustover går fylkesveg 55 over Sognefjellet
Nøkkelord
Kontakter
Jørn Kristian EngebøStatens vegvesen Plan og utbygging
Tel:95191891jorn.engebo@vegvesen.noBilder


Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Nå bygges ny Tevla bru på E1422.10.2026 14:10:05 CEST | Pressemelding
Trafikken på E14 i Teveldalen er lagt over på en midlertidig veg mens Statens vegvesen river den gamle Tevla bru og bygger en ny. Den nye brua skal få bedre bæreevne og gi bedre flomsikkerhet.
Utsetter asfaltarbeid på E18 kommende helg22.10.2026 09:33:58 CEST | Pressemelding
Store nedbørsmengder gjør at asfalteringen i Fornebukrysset må utsettes. Statens vegvesen forventer derfor mindre kø enn tidligere meldt.
Skredsikringa i Fjæra er i hamn21.10.2026 11:10:29 CEST | Pressemelding
Sju månader etter det store steinskredet som stengde E134 Fjæra i Etne, er skredsikringsarbeidet i området på det næraste avslutta.
Kreativitet løste krevende skredsikring21.10.2026 08:30:00 CEST | Pressemelding
Ved hjelp av kreative løsninger fra entreprenør har Statens vegvesen skredsikret Svotunnelen på rv. 13 i Rogaland.
Øving i E39 Bogstunnelen21.10.2026 08:15:00 CEST | Pressemelding
Det blir øving i Bogstunnelen i Høyanger, rett på nordsida av Sognefjorden og nordaust for Lavik ferjekai, onsdag 28. oktober.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
