Arbeidet med Stad skipstunnel held fram som planlagt
6.10.2022 11:00:38 CEST | Kystverket | Pressemelding

I forkant av forslaget til statsbudsjett for 2023 var enkelte uroa for at skipstunnelen skulle bli utsett. Dette i samband med at Regjeringa, i ei krevjande tid, ser seg nøydt til bruke mindre pengar, noko som særleg rammar større samferdselsprosjekt.
Men i staden stadfester Regjeringa at dei i forslaget til statsbudsjett for 2023 løyver 76 millionar kroner til arbeidet med Stad skipstunnel.
– At prosjektet held fram, er som forventa ut i frå dei føringane vi har fått, og løyvinga er i samsvar med det vi har spelt inn i budsjettforslaget vårt, seier kystdirektør Einar Vik Arset, som stadfestar at arbeidet med skipstunnelen allereie er godt i gong.
Stortinget har vedtatt bygging
– Våren 2021 fekk vi oppdraget frå Samferdselsdepartementet om å starte førebuingane for bygginga av Stad skipstunnel og Stortinget vedtok bygging og finansiering i mai same år. På det dryge året sidan den gong har vi fått bygd opp ein velfungerande prosjektorganisasjon og gjort mykje viktig grunnarbeid, som må på plass før sjølve tunneldrivinga kan starte, seier Skjeppestad.
Dette grunnarbeidet omfattar mellom anna undersøkingar, ekspropriasjonar, reguleringsarbeid, planar for massehandtering, med meir.
– No jobbar vi intenst med tekniske spesifikasjonar og konkurransegrunnlaget for sjølve skipstunnelen, slik at vi kan få dette ut i marknaden på nyåret. Målet er å inngå kontrakt med ein hovudentreprenør ved årsskiftet neste år, som kan starte bygginga av verdas første skipstunnel i 2024, seier Skjeppestad.
Forskyving av investeringsplan
Tidlegare i år fekk Kystverket aksept frå Nærings- og fiskeridepartementet på at steinmassane frå skiptunnellen skal nyttast til å skape ny næring i regionen. I kommunane rundt tunnelen er det mangel på stein, og ein har vore tydelege på at ein steinmassane kan vere med å skape ny næringsverksemd, anten ved at ein utvidar eksisterande hamner/næringsområde eller at ein bygger nye.
Men å regulere nye næringsområde, spesielt i og ved sjø, er krevjande og tek tid. Dette har gjort at Kystverket må forskyve utlysinga av totalentreprisa for tunnelen med ca. seks månader, samanlikna med opphaveleg plan.
– Dette har naturleg nok også innverknadar på investeringsplanen. Dei store investeringane inntreff ikkje før val av entreprenør og kontraktssignering er gjort, seier Skjeppestad.
Nøkkelord
Kontakter
Prosjektleiar Terje Skjeppestad, 922 12 109
Sveinung NedregottenSeniorrådgiver kommunikasjon
Tel:+47 920 63 154sveinung.nedregotten@kystverket.noBilder

Om Kystverket
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ein bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Nærings- og fiskeridepartementet.
Følg pressemeldinger fra Kystverket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kystverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Kystverket
Liten satellitt med stor samfunnsnytte skytes opp mandag30.3.2026 10:12:38 CEST | Pressemelding
Kystverkets satellitt som skal sikre viktig oversikt over skipstrafikk i norske havområder skytes opp tirsdag. Oppskytingen som vil finne sted i California er utsatt til 13:02 mandag. Liten satellitt med stor samfunsnytte.
Ny satellitt styrker beredskapen i norske havområder29.3.2026 11:11:52 CEST | Pressemelding
Oppskytingen av AISSat-4 er en viktig brikke i å sikre trygg ferdsel, beredskap og kontroll i noen av verdens mest krevende og strategisk viktige havområder.
Kystverket planlegger nødslep av LMZ Pluto i dag27.3.2026 10:16:01 CET | Pressemelding
Tirsdag 24. mars fikk bulkskipet LMZ Pluto maskinstans i Norskehavet, i et område med svært krevende værforhold. Samme kveld ble mannskapet på 23 personer evakuert av Hovedredningssentralen, etter ønske fra kapteinen.
Kystverket vil pusse opp mer enn 30 fyrstasjoner i år6.3.2026 08:51:48 CET | Pressemelding
I 2026 vil Kystverket legge ned en betydelig innsats for å redusere vedlikeholdsetterslepet på fyrstasjonene. Mer enn 30 fyrstasjoner står på gjennomføringsplanen med både mindre tiltak og mer omfattende vedlikeholdsprosjekt.
Han blir ny losdirektør i Kystverket5.3.2026 12:22:26 CET | Pressemelding
Kystverket har ansatt Jo Even Tomren som ny losdirektør. Med bred erfaring fra maritim sektor går han inn i en sentral rolle i arbeidet med sikker og effektiv sjøtrafikk langs kysten.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
