App mot svangerskapskvalme mykje brukt av gravide

Ein gjennomgang av forskingsartiklar om helseappar for gravide, tidlegare vist at slike verktøy gjer brukarane tryggare, gjev dei høgare kunnskap og let dei gjera meir informerte val.
Væpna med denne kunnskapen har har stipendiat Elin Ngo frå Farmasøytisk institutt og kollegaene ved Universitetet i Oslo utvikla ein app for kvinner som opplever svangerskapskvalme. Mange gravide opplever ulik grad av slik kvalme. Ofte kan enkle livsstilsendringar hjelpa, men i ein del tilfelle er det nødvendig med medisinsk behandling og til og med innlegging på sjukehus.
Kvinnene generelt nøgde med appen
MinSafeStart har sidan før jul i fjor vore ein av fleire funksjonar i samleappen Helseoversikt. Til no er det registrert 6 000 brukarar, som utgjer anslagsvis rundt 15 prosent av alle gravide. Til saman har gjort over 51 000 registreringar, og appen har fått gode tilbakemeldingar.
Men ei undersøking forskarane gjorde i testperioden, var ikkje like lovande. Trass at kvinnene som hadde brukt appen, generelt var nøgde med han, oppgav dei ingen forskjell i grad av kvalmeplager.
Sidan appen er såpass mykje brukt, meiner Ngo at det er undersøkinga deira som ikkje gjev eit heilt riktig bilete. Ho viser til ei rekkje moglege svakheiter som kvar for seg eller i kombinasjon med kvarandre kan ha påverka resultata:
Kvalmegrad: – Dei fleste av deltakarane rapporterte relativt milde kvalmesymptom. I slike mindre alvorlege tilfelle er det ikkje uventa at nytten av appen er marginal.
Erfaring med svangerskapskvalme: – Rundt tre fjerdedelar av deltakarane hadde vore gjennom eit svangerskap med kvalmeproblem tidlegare. Men vi vil venta at det er mest utryggleik og behov for kunnskap blant fyrstegongsfødande. Dei som har vore gjennom eit svangerskap tidlegare, vil ha mindre behov for ny informasjon.
Tidspunkt: – Vi inviterte gravide på alle stadium i svangerskapet. Men svangerskapskvalme oppstår i snitt rundt veke fire og når toppen rundt veke 10–16. Medianen i gruppa vår var veke åtte, så mange kan alt ha vore over den verste kneika då dei deltok i studien.
– Vi fylgde opp deltakarane etter to veker. Dei fleste viser betring ei veke etter at dei har starta med medisinsk behandling, men det treng ikkje ha vore det optimale tidsrommet her.
Tal på deltakarar: – Vi ynskte oss rundt 250 deltakarar til testgruppa og kontrollgruppa, men fekk berre 192. Det kan ha påverka resultata.
Har avdekt moglege feil
Trass i at det ser ut som kartet ikkje har stemt heilt med terrenget, meiner ikkje Ngo at undersøkinga deira har vore bortkasta.
– Nei, snarare tvert imot. Vi har avdekt moglege feil og svakheiter som vi og andre kan ta omsyn til og unngå i framtidige studiar. Det er slik forskinga vert driven framover, seier ho.
– Og det aller viktigaste er jo at appen er teken i bruk og hjelper mange gravide. Innsamlinga av registreringar skal halda fram heilt til 2025. Dessa dataa vil gje oss betre kunnskap om korleis svangerskapskvalme artar seg.
Den vitskaplege artikkelen
Ngo m.fl.: Impact of a mobile application for tracking nausea and vomiting during pregnancy (NVP) on NVP symptoms, quality of life, and decisional conflicts regarding NVP treatments: the MinSafeStart randomized controlled trial. JMIR mHealth and uHealth, Jul 2022
Nøkkelord
Kontakter
Elin Ngo
Stipendiat
Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo
Tlf. +47 22856596
E-post: e.t.p.ngo@farmasi.uio.no
Bilder


Om UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Sem Sælands vei 24
0371 Oslo
22 85 56 00http://www.mn.uio.no/
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet har ein lang og stolt tradisjon innan forsking og undervising i dei klassiske realfaglege disiplinane. Fakultetet si verksemd dekkjer også eit breitt spekter av tverrfagleg forsking og ligg i front i Europa på fleire område.
Følg våre forskingsnyheiter på Titan.uio.no, som også er på Facebook og Twitter, eller abonner på nyheitsbrevet.
- UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
- Sem Sælands vei 24
- 0371 Oslo
- 22 85 56 00
- http://www.mn.uio.no/
Følg pressemeldinger fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Ny forskning viser at det for få år siden var en tredje torskebestand i Oslofjorden2.7.2025 10:52:25 CEST | Pressemelding
Nå er den borte. Forskerne advarer om pågående kollaps av de lokale torskebestandene.
Nå er meitemarken giftig, ifølge ny definisjon27.6.2025 13:00:38 CEST | Pressemelding
Mygg, hagesnegler og bladlus: Hagen er full av giftige dyr!
TRUST blir nasjonalt senter for kunstig intelligens – tildeles midler av Norges forskningsråd11.6.2025 13:43:27 CEST | Pressemelding
Norges forskningsråd har i dag offentliggjort hvilke miljøer som får status som nasjonale forskningssentre for kunstig intelligens (KI). Blant de utvalgte er TRUST – The Norwegian Centre for Trustworthy AI – som nå får betydelig støtte for å bygge opp et nasjonalt forskningssenter med kjernen av senteret i Oslo Science City. TRUST skal ledes av Universitetet i Oslo (UiO), SINTEF og Norsk Regnesentral og vertskap for senteret blir dScience ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultetet ved UiO.
Norge må delta i kvantekappløpet3.2.2025 09:50:19 CET | Pressemelding
Kvanteteknologi vil endre verden, og påvirke vesentlige samfunnsfunksjoner. Norges ledende fageksperter anbefaler nå landets politikere å utarbeide en nasjonal strategi for kvanteteknologi.
Derfor gjør julelukter oss så glade20.12.2024 09:00:00 CET | Aktuelt
Lukt er spesielt effektivt for å hente fram gamle minner. Hva er det som skjer i hjernen når vi lukter?
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom