Grappa Musikkforlag AS

Andreas Rotevatn & OJKOS ute med albumet "Mensa Rotunda"

Del
06. mai kjem albumet "Mensa Rotunda" med komponistkollektivet OJKOS. Her får ein smake på lyden av eit stort jazzensemble i 2022 med komposisjonar av den Spellemann-nominerte nordfjordingen Andreas Rotevatn.
OJKOS («Orkesteret for jazzkomponistar i Oslo»). Foto: Signe Fuglesteg Luksengard.
OJKOS («Orkesteret for jazzkomponistar i Oslo»). Foto: Signe Fuglesteg Luksengard.

OJKOS & Andreas Rotevatn - "Mensa Rotunda" 

Album release: 06. mai 2022

Høyr "Mensa Rotunda" her

«Ti sed og skik forandres meget, alt som tiderne lider og menneskenes tro forandres og de tænker anderledes om mange ting. Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dage»

På denne måten avsluttar Sigrid Undset boka Fortællinger om Kong Artur og ridderne av det runde bord frå 1915.

Kva musikk finner ein på denne plata: Storband møter Avicii møter Stravinskij i ein dans med Snorre Sturlasson? Eller er det kanskje berre summen av alt komponist og trombonist Andreas Rotevatn diggar? Uansett, velkomen til hoff på slottet Camelot.

Kong Arthur samla riddarane sine på Camelot ved eit rundt bord - på latin Mensa Rotunda - som eit symbol på at alle ved dette bordet skulle vere likeverdige, og få kome med sine tankar og innspel. Oppstarten av komponistkollektivet OJKOS hadde noko av den same filosofien: her går kunstnerisk leiarskap på rundgang, og alle 14 i orkesteret skal få kome til orde. 

Det blir slippfest og minikonsert på Becco fra fredag 6. mai klokka 19! 

Komposisjonar av Andreas Rotevatn

På denne plata finner ein komposisjonar av nordfjordingen Andreas Rotevatn. Dette er andre gong vestlendingen gjev ut ei plate med sin musikk for OJKOS. Den førre plata, alea iacta est, gav han ein nominasjon til Spellemannsprisen i kategorien Tonos komponispris.

Rotevatn har òg produsert plata, denne gongen i samråd med ei av hans inspirasjonskjelder: Lars Horntveth, mest kjend frå Jaga jazzist.

I tillegg til OJKOS sine faste 14 frilanserar (eit ord som for øvrig stammar frå middelalderen, og omtalte ein ridder som ikkje tjente ein fast herre), har bandet med Eivind Helgerød som gjest. Han er både ein framifrå trommeslagar, og ein suksessfull produsent. Mellom anna har han produsert dei to første platene til Emilie Nicolas, og Cezinando sitt seinaste album.

Musikken på plata hentar inspirasjon frå mang ei kjelde, men alltid med ein groovy beat som følgesven. So på plata kan ein ta ein dans i møte med:

- Safari Sundowner: ein sørafrikansk drink ved solgongsleite
- Drosa is real!: Jakta på den mytiske idealkvinne frå ferdaminna til Aasmund Olavsson Vinje
- Ridderrast: kor skeive taktartar viser seg å vere dansbare dei òg
- A Sackbut QAnon: ein kanon med auditiv referanse til den 500 år gamle versjonen av trombona
- Morning in Novgorod: kor ein ung Olav Tryggvason vert oppdaga på ein marknadsplass i Russland
- Den etiopiske trekkspelar: inspirert av då ein kar frå Etiopia tok med seg trekkspelet sitt til junaiten
- Einsemdi: ein bit barokkBuxtehude
- Fjordingen I & II: litt trav og påfølgande galopp med den blakke fjordingen
- Lancelot & Guniver: om då Kong Arthur sin mest trufaste ridder viste seg å ha ei affære med dronninga, som igjen førte til ein blodig borgerkrig og slutten på det runde bord. 

Musikarar:
Henriette H. EilertsenFløyte / altfløyte (solo 1,6)

Camilla Hole: Sopransaksofon (solo 8)
Tina Lægreid Olsen: Barytonsaksofon / bassklarinett (solo 7, 10)
Richard Köster: Trompet (solo 9)
Tancred Heyerdahl Husø: Trompet
Lyder Øvreås Røed: Trompet (solo 2)
Magnus Murphy Joelson: Trombone
Johannes Fosse Solvang: Trombone
Andreas Rotevatn: Trombone, FX (solo 4, 9, 10)
Arne Martin Nybo: Gitar (solo 3)
Mike McCormick: Gitar / laptop
Kristoffer Håvik: Rhodes / Synthesizer
Alexander Hoholm: El-Bass
Knut Kvifte Nesheim: Vibrafon (solo 6) / Marimba
Eivind Helgerød: Trommer

Artist: OJKOS & Andreas Rotevatn
Tittel: Mensa Rotunda
Release: 06.05.2022
Plateselskap: ODIN
Katalognummer: ODINCD9580 / ODINLP9580

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

OJKOS («Orkesteret for jazzkomponistar i Oslo»). Foto: Signe Fuglesteg Luksengard.
OJKOS («Orkesteret for jazzkomponistar i Oslo»). Foto: Signe Fuglesteg Luksengard.
Last ned bilde
Cover "Mensa Rotunda". Artwork: Bjørnar Sira.
Cover "Mensa Rotunda". Artwork: Bjørnar Sira.
Last ned bilde
Andreas Rotevatn. Foto: Marius Eriksen.
Andreas Rotevatn. Foto: Marius Eriksen.
Last ned bilde

Lenker

Om Grappa Musikkforlag AS

Grappa Musikkforlag AS
Grappa Musikkforlag AS
Akersgata 7
0158 Oslo

23 35 80 00http://www.grappa.no/no

Grappa Musikkforlag A/S ble etablert i 1983 og er et av Norges største uavhengige plateselskap. I år 2023 har Grappa 40 års jubileum. 

Grappa Musikkforlag har gitt ut over fire tusen album spredt på ulike labler. Foruten Grappa som favner viser og pop, så utgis klassisk musikk på Simax Classics, folkemusikk og verdensmusikk på Heilo, blues og country på Blue Mood og jazz på Hubro.

Grappa samarbeider med Egmont Kids Media Nordic AS om utgivelse av barnemusikk gjennom Barneselskapet. Grappa samarbeider med Norsk Jazzforum om innspilling og utgivelse av norsk jazz på Odin. Grappa har også et tett samarbeide med Rune Grammofon og Drabant Music.

Følg pressemeldinger fra Grappa Musikkforlag AS

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Grappa Musikkforlag AS på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Grappa Musikkforlag AS

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye