Digitaliseringsdirektoratet

Altinn tek imot German Design Award

Del
Altinn tek i dag imot German Design Award, som kvart år blir delt ut til gode designprosjekt frå heile Europa.
Biletet er teke ved utdelinga av DOGA-prisen "Merket for godt design 2018". F.v. Hanne Finnøy, Alise Kjelling, Margareth Horn, Lars Vegard Bachmann, Christin Marie Mørch, Thord Veseth Foss, Sandra Blikås, Ida Lund Bjørnsen.

Det er det tyske designrådet som står bak German Design Award. I juryens grunngjeving for at Altinn får prisen, heiter det:

«Nettstaden knyter styresmaktene saman med innbyggjarane på ein serviceorientert måte, vakkert gjenspegla i det venlege og moderne designet med sine særeigne illustrasjonar. Den intuitive nettstaden er strukturert tydeleg og gir rask tilgang til innhald.».

Fleire prisar

Det tyske designrådet følgjer godt med på designprosjekt over heile Europa. Dei har truleg fått med seg at Altinn-designet har vunne nasjonale prisar som IxDA-prisen for god brukaroppleving, merket for godt design frå DOGA og diplom for godt design/illustrasjon frå bransjeorganisasjonen Grafill. Illustrasjonane som set sitt preg på Altinn-designet, er laga av Sandra Blikås frå byHands.

– Det at folk utanfor Noreg legg merke til og verdset designprosjektet i Altinn, er ekstra morosamt. Alle som har jobba med å designe offentlege tenester veit kor krevjande der er å få komplekse løysingar til å stå fram som enkle for brukarane. Dette er ei viktig påminning om kva som skapar verdi i det vi jobbar med, seier ansvarleg for design og brukaroppleving i prosjektet, Alise Kjelling.

Blir aldri ferdig

Thord Veseth Foss frå designbyrået Fossland + Foss har vore sentral i designarbeidet. Han er glad for prisane og håpar det blir rom for å føre arbeidet vidare også i tida framover.

– Å redesigne Altinn er ei maratonoppgåve, og da er det fint og naudsynt med oppmuntringar undervegs. Vi får prisen for arbeid som blei gjort for eit par år sidan, men mykje av det vi har gjort sidan, byggjer vidare på dette, så det syner at vi er på riktig spor, seier Thord Veseth Foss.

Det prisvinnande designet blei lansert allereie hausten 2017. Då var Altinn-forvaltninga ein del av Brønnøysundregistra. Frå 1. januar i år tok Digitaliseringsdirektoratet over ansvaret for Altinn.

Nøkkelord

Kontakter

Jørgen Ferkingstad
Kommunikasjonsansvarlig Altinn
Digitaliseringsdirektoratet
Mobil: 90 64 84 35
E-post: jfe@digdir.no

Bilder

Biletet er teke ved utdelinga av DOGA-prisen "Merket for godt design 2018". F.v. Hanne Finnøy, Alise Kjelling, Margareth Horn, Lars Vegard Bachmann, Christin Marie Mørch, Thord Veseth Foss, Sandra Blikås, Ida Lund Bjørnsen.
Biletet er teke ved utdelinga av DOGA-prisen "Merket for godt design 2018". F.v. Hanne Finnøy, Alise Kjelling, Margareth Horn, Lars Vegard Bachmann, Christin Marie Mørch, Thord Veseth Foss, Sandra Blikås, Ida Lund Bjørnsen.
Last ned bilde

Lenker

Om Digitaliseringsdirektoratet

Digitaliseringsdirektoratet
Digitaliseringsdirektoratet
Industriveien 1
8907 Brønnøysund

22 45 10 00http://www.digdir.no

Fakta:

Desse har vore involverte i det prisvinnande designarbeidet:

Design: Thord Veseth Foss / Fossland + Foss
Illustrasjon: Sandra Blikås / byHands
Brukarinnsikt/design: Alise Kjelling, Hanne Finnøy, Christin Marie Mørch, Hilde Mari Måsøy og Hanne Saltnes / Altinn - Brønnøysundregistrene
Frontendutvikling: Marianne Røsvik / Olavstoppen

For meir informasjon om Altinn, se https://www.altinn.no/om-altinn/hva-er-altinn/ og på https://www.altinndigital.no/

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye